Blomar for levde liv

Nice (BT): Bruno Balliana såg ein gut på åtte år døy. Blomane langs kystpromenaden i Nice fortel historier om levde liv.

Publisert:

SORG: Bruno Balliana saman med ungane Marina (5) og Enzo (3) ved ein benk på Promenade des Anglais. - Berre flaks at me lever, seier Balliana. Sjå korleis kystpromenaden og turistbyen ser ut laurdag, og trykk deg vidare i biletgalleriet. Foto: Paul S. Amundsen

MINNESTAD: Langs promenaden er det blomar ved ulike stader der folk mista livet. Foto: Paul S. Amundsen

MOT HAVET: Kvardagen går vidare på stranda i Nice. Foto: Paul S. Amundsen

MOT BYEN: Helsingane minnar ein med eitt på alle drapa som skjedde på Bastille-dagen torsdag. Foto: Paul S. Amundsen

AKSJON: Maecha Nadjim frå Sudan gjekk rundt på promenaden med eit bilete av eit av offera.- Eg vil syna at terroren må ta slutt, seier han. Foto: Paul S. Amundsen

BADETID: Frå terror til strandliv i Nice laurdag føremiddag. Foto: Paul S. Amundsen

SORG: Be for Nice, ber ein. Foto: Paul S. Amundsen

Bambou Plage. Bambus-stranda. Det var her

Les også

terroristen starta dødsferda

langs Promenade des Anglais i Nice torsdag kveld.

To dagar etter har turistane teke attende badebyen, men blomane langs gjerde og benkar, franske flagg knytt rundt gelender og lyktestolpar, flekkar av blod, ei einsleg rose på asfalten, fortel ei anna historie. Minst 84 historier. Dødstalet frå torsdag kveld.

Direkteblogg:

Les også

Siste nytt om angrepet i Nice

DØDSVEGEN: Ei enkel rose er lagt ned i ein blodpøl frå terroråtaket. Foto: Paul S. Amundsen

— Berre flaksBruno Balliana frå Nice måtte attende til promenaden av terror. Vener har mista borna sine.

— Eg såg ein gut på åtte år døy nettopp her, fortel han.

Balliana peikar på asfalten. Me står ved Florida Beach, midt på promenaden. Den vesle kroppen låg berre nokre meter unna oss.

— Det er jo berre flaks at me lever, seier Balliana, og tek armane kring borna Marina (5) og Enzo (3).

Les også

trebarnsfaren Mohamed Lahouaiej Bouhlel (31)

lata som om han skulle selja is, og køyrde sikksakk med ein lastebil gjennom folkemengda på Bastille-dagen, tok han iallfall livet av 10 born. Først laurdag skal terrororganisasjonen IS ha teke på seg delansvaret for dei brutale drapa.

— Det kunne like gjerne vore oss, seier den lokale bebuaren.

Franskmenn til BT:

Les også

- Han tok frå oss fridomen vår

LIV OG DØD: Turisme og sorg om ein annan på kystpromenaden i Nice. Foto: Paul S. Amundsen

Turisme og sorgBlomar og helsingar langs kystvegen i Nice fortel no historier om levde liv.

— Kvifor? Kvifor?

Ein eldre mann i dress har sett seg ned ved endepunktet til Bouhlel, rett utanfor kasinoet Palais de la Mediteranee. Mannen var i oppløysing. Ei kvinne og ein mann tok armane rundt han.

— Kvifor, gret han.

Bak han hoppa folk i havet. Andre skulle opp i lufta, sjå Nice frå langt der oppe. Eit stort, gult smil gliste frå fallskjermen. Folk lo, og turistane flaug inn. To fly frå Norwegian var mellom dei som landa i laupet av berre ti minutt.

BLOMEHAV: Etter terroråtaket på torsdag vart vegen sperra. Det førte til at folk strøymde til nettopp denne staden langs Promenade des Anglas i Nice. Foto: Paul S. Amundsen

— Kjære Mehdi (13)Med hav og strand på den eine sida, og historier om død og angst på den andre, er situasjonen absurd.

Dess fleire blomar, dess fleire døde. Terroristen tok flest liv rett før han vart stogga. To kilometer hadde han då lagt bak seg.

Eit berg har vakse fram ved kafeen Balthazar. «Kjære Mehdi (13)», startar ei av helsingane.

— Vegen vart sperra etter åtaket. Dette vart den næraste staden som folk kunne koma til, fortel eigaren.

Her har dei sett ut eit bord med penn og papir. Alle som vil kan leggja att nokre ord, og festa dei til historia. Til blomane.

Familie frå Bergen i Nice:

Publisert: