SOHR: IS-leiaren er død

IS-leiar Abu Bakr Al-Baghdadi er drept, ifølgje eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights.

DØD: IS-leiar Abu Bakr Al-Baghdadi skal vere drept, melder nyheitsbyrået Reuters. Biletet skal vere i 2014 i ein moske i Mosul. Uncredited / TT / NTB Scanpix

Det melder nyheitsbyrået Reuters.

IS-leiaren har ved fleire andre høve blitt rapporter død, seinare av Russland. Dødsfallet er ikkje bekrefta av andre, heller ikkje av terrorgruppa sjølv. Når, og korleis, IS-leiaren skal ha blitt drept er uklart.

Trump gratulerer

Ifølgje Reuters seier ein talsmann frå Pentagon at USA ikkje har nokon informasjon som bekreftar at USA har ingen informasjon for å bekreftar at Abu Bakr al-Baghdadi er drept.

USA sin president Donald Trump gratulerer med «stor seier over IS» på Twitterkontoen sin tysdag. Om det er nyheita om IS-leiaren Trump siktar til, er uvisst.

Les også

Bakgrunn: Derfor er han den farligste terrorlederen verden har sett

«Den troende»

IS-leiaren som har fått tilnamnet «Den troende», er sjølverklært kalif i Den islamske staten og leiar for den verdas mest brutale terrorgruppe.

Gruppa har tatt livet av fleire tusen menneske, hovudsakeleg i Irak og Syria, men har også gjennomført fleire terrorangrep mot vestelege, sivile mål.