Kor mykje har du lov å banke nokon før du må i fengsel?

Derfor trur jurist og kommentator Eirin Eikefjord at verdsstjerna A$AP Rocky blir dømt.

I RETTEN: A$AP Rocky har denne veka måtte møte i retten i Stockholm tiltalt for mishandling. Sjølv hevdar rapparen at det var sjølvforsvar. Andrew Burton / X02815

Rapparen, som eigentleg heiter Rakim Mayers, er tiltalt for å ha mishandla ein 19 år gammal mann.

Artisten sjølv seier han blei trakassert av 19-åringen og at han og andre i følgjet hans handla i sjølvforsvar.

Etter planen er det siste dag i retten i dag, fredag.

Spørsmålet er – kor mykje har du eigentleg lov å banke nokon før du må i fengsel?

Vi har spurt jurist og kommentator i BT, Eirin Eikefjord.

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Spotify eller søk den opp i din app. Du finn den også i vår nye podkast-app BT Lytt, som du kan finne i App Store eller Google Play.

I STUDIO: Programleiar Ingvild Nave og kommentator Eirin Eikefjord. Bjørn Erik Larsen