Då OL var over, tok sørkoreanarane heilt av på isen

Sjekk dei utrulege bileta frå skøytehallen i OL.

KOREANSK BUNAD: Damene som delte ut OL-medaljar var ærbødige så lenge OL stod på, men med ein gong siste konkurranse var over, svinga dei seg på isen. Foto: Rune Sævig

  • Rune Sævig
Publisert Publisert

PYEONGCHANG: Sør-Korea har teke gull i fellesstart skøyter, og det feststemte publikumet er akkurat gått ut av skøytehallen i Gangneung Oval. Det går berre få minutt før dei frivillige i OL byrjar å rive ned OL-banner, og fjernar putene som har fungert som vant rundt isen.

Det er fleire timar sidan Sverre Lunde Pedersen bomma på kvalifiseringsrunden i fellesstart og forsvann ut av OL. Skøyteisen på det som truleg er verdas raskaste låglandsbyane, blir forvandla til ein leikeplass.

SKØYTELØPARAR: Fotografer som aldri får passere målstreken i trikot og skøyter, fekk prøve seg på isen. Stilen er upåklageleg. Foto: Rune Sævig

Les også

Her mottar Bjørgen det historiske gullet foran folkehavet

Marit Bjørgen fikk gullmedaljen under avslutningsseremonien.

Dette er siste skøyteøvelse i OL. No er det er det nye utøvarar som tek over bana. Lydnivået på musikkanlegget vert skrudd opp fleire hakk, og mange frivillige sklir inn på bana. Dei brukar det som er å finna for å leike seg på isen.

Benkar, stolar, plastposar og OL-banner funkar fint som akebrett eller provisoriske skøyter.

UNGE OG ELDRE: Ingen aldersgrense for å skli på isen med plastputene som stod langs banen. Foto: Rune Sævig

Middelaldrande menn blir som ungar ute på isen. Bånn spiker på pute i plast er knall. Den blanke skøyteisen Håvard Holmefjord Lorentzen, Sverre Lunde Pedersen og Sindre Henriksen har teke medalje på, blir omgjort til ein stor leikeplass. Ekte idrettsglede utspelar seg.

Les også

Bjørgen røper hvorfor hun brast i gråt etter gulløpet

Da Marit Bjørgen gikk inn til sitt siste OL-gull handlet følelsene om savnet etter sønnen.

Nokon tek fram mobilen for å ta selfie i alle mogelege posisjonar. Andre prøver seg på å sende mobiltelefonen på isen på indre bane, inspirert av curling.

Det er slutt på skøyter i årets OL i Pyeongchang, men for dei frivillige er festen akkurat byrja.

  1. NYE AKTØRAR: OL er endeleg over for dei frivillige, og kort tid etter at publikum er ute av hallen kan dei overta skøyteisen. Foto: Rune Sævig

  2. KVIFOR IKKJE?: Klappstol på is fungerer fint på den glatte isen. Foto: Rune Sævig

DET GJEKK BRA: Det blir lett knall og fall i øvinga 50 meter med plastpute fellesstart. Foto: Rune Sævig

Publisert