Ny norsk Brann

SUPPORTERBLOGG: Det skrik i meg. Endeleg skrik det i meg, endeleg skrik eg.

I FORM: Ruben kristiansen og Brann er i form og lukter på Tippeligaen igjen.
  • Stian Hofslett Thowsen
Publisert Publisert
Stian Hofslett Thowsen, Brann-supporter.
icon
Denne artikkelen er over seks år gammel

Me har ikkje hokjønn på bergensk. Me trur me er spesielle, så jævla unike og betre enn dei andre. Alle dei andre. Det er me ikkje. Berre enklare i form og uttrykk. Trommande bogekorps. Eg tek meg i det, tek meg sjølv i tanken om at eg også er noko anna, noko særskild. Det fungerer berre i medgang, når vinden bles riktig veg og med riktig styrke. No er sportsklubben og eg kollkasta i grastustane, våte til skinnet etter å ha pissa i motvind. Ikkje ser me utan brillene, me må myse etter hjelp utan kontaktlinser. Det har vore eit ishelvete utan eld, ein himmel utan paradis.

Berg meg. Berg Brann. Bergen.

Eg har sakna kjensla, eg har sakna meg. Eg har ikkje hatt ljod, eg har ikkje hatt lyst, ei heller ord. Eg har fått meg sjølv rakt i andletet, eg har kjent mitt eige mismot, min eigen mangel på gnist. Obos-regnet har forstumma meg, dimma frå nedrykket har sløra gnålet mitt. Eg er vorten tagal, den tagale tilhengjaren.

Kven hadde trudd at det var Brann som skulle stagge kjeften på meg, han og dei som opna gapet mitt i utgangspunktet?

Men nett no, når alt er taus endring, når alt er alle årstider innanfor stutte månadar, ja, veker, så veit eg ikkje anna råd. Brann har endra målet. Heile klubben har i mål og meining tatt eit val. Eg gjer like eins. Kvifor og kva eg gjer? Eg legg merke til det tagale, eg samtykkjer med sunn skepsis. Difor.

Kontrastane er over alt, endringa er total og merkeleg umerkeleg, og eg, vesle eg, er blenda blind og treng ei hand å halda i. Eg har fått fleire. Dei har eit anna målføre, dei har ein annan kleskode, andre skor, anna hår og trevlar i nevane.

Er det ikkje underleg at eg fall flat for Norling sitt tåkeprat og samstundes let meg dra opp att av Nilsen som er så traust i målet at eg får jordsmak i kjeften? Kva har eg i meg, schizofrene meg, som gjer at eg kan tilbe to så ulike gullkalvar?! Veit du, me har nett det same problemet, du og eg?

Språk. Ljod. Kjensle. Fordommar. Og naivitet.

Norling lulla meg inn i skyene, eg villa så ofseleg at orda skulle gje meining, gje poeng, gje endring. Eg kom aldri der, ikkje han heller. Eg rakk ikkje kjøpa meg ny dress før han var borte. Nilsen, kledd i kledeleg polyester, dreg meg varsamt ned i enga og let meg liggja i fred. Me er tagale båe to. Han har sitt å gjera og gjer det medan eg bles løvetann.

Eg trur det går for Brann og meg. Eg trur me kjem, der oppe.

Trass i det er eg uroa. For di me i beste fall er i ferd med å rykka opp med ein stall og stallstyrarar som ikkje er klare for prærien. For di dei er for jordnære. For di me i verste fall skal beita boligbyggjelag-gras i åra som kjem.

Til me vert dvaske i hovudet og døyr sakte, sakte, medan tappinga av energi og entusiasme kveler oss for oksygen.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Her er tabellen som viser at Brann har funnet opprykksformen

  2. Brann sender Karadas til Svalbard

  3. Austin kan fortsatt bli Brann-spiller

  1. Supporter
  2. SK Brann
BT anbefaler

– Jeg våknet av at det banket på. Det var en fyr som sa han skulle bo her.

En mann i 30-årene skal ha mottatt flere titalls tusen kroner i depositum og forskuddsleie fra minst fire ulike leietakere av en leilighet i Bergen sentrum.

LES SAKEN