Meiner det er naturleg at bergensarar må vekk for å lukkast

I fjor var det Petter Strand. I år har Lars Christian Kjemhus og Stefan Hagerup slått til i Sogndal etter å blitt henta frå bydelsklubbar i Bergen.

Lars Christian Kjemhus (t.v) og Stefan Hagerup innrømmer at det er ein overgang å flytte frå byliv i Bergen til Sogndal. Søndag kjem dei tilbake til heimbyen for å prøve å stanse sigersrekkja til den nye Brann-trenaren Lars Arne Nilsen.
  • Jørn-arne Tomasgard
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over syv år gammel

Midtbanespelar Kjemhus (21) frå Bønes spelte i Brann frå han var 14 til han blei 18 år. Han drog vidare til Fana der Sogndal plukka han opp rett før seriestart. Målvakt Hagerup (21) frå Sandsli spelte i Løv-Ham og Fyllingsdalen til Sogndal henta han då begge målvaktene var ute med sjukdom og skade tidleg i sesongen. Hagerup har hospitert på Brann-treningar.

Ingen av dei synest det er merkeleg eller kritikkverdig at dei måtte til Sogndal for å spele toppfotball.

SogndalSpelarBergen2.jpg

— Tvert om synest eg det er naturleg. Alle kan ikkje spele i Brann. Eg var ein del av eit utruleg bra Brann-kull med Jonas Grønner, Bård Finne og Kasper Skaanes. Brann kunne ikkje hente alle til A-stallen. Eg tenkte det var best for mi eiga utvikling at eg gjekk til Fana og fekk spele fast i 2. divisjon. Det er godt mogeleg eg ikkje hadde vore her i dag utan, eg utvikla meg godt i Fana. Eg har alltid trudd at eg kunne bli ein eliteseriespelar. Då er det bra at det finst klubbar som Sogndal som plukkar opp slike som oss, seier Kjemhus.Hagerup nikkar samtykkjande. Ingen av dei kjenner seg bitre eller revansjlystne etter ikkje å ha blitt satsa på i toppklubben i Bergen. Søndag returnerer dei til heimbyen og toppmøtet med Brann på Stadion.

- Nokon må søkje andre stader

— Brann kan ikkje stille med 11 spelarar på 21 år frå Bergen til eikvar tid. Det er ein stor by, ein er alltid avhengig av at nokon søkjer andre stader. Det er ingen grunn til å vere bitter på Brann, klubben har fått fram mange gode unge spelarar siste tre-fire åra, meiner Hagerup.

Begge dei nye bergensarane i Sogndal seier dei har sett opp til Brann, gått jamleg på Stadion og heia på laget. No gler dei seg til å kome til heimbyen som spelarar på topplaget Sogndal. Med Eirik Bakke som ny hovudtrenar og mange friske nykomarar på laget, har Sogndal innteke ei suveren leiing i kampen om opprykk til eliteserien. Åtte poeng skil ned til Hødd på den andre opprykksplassen, det er ni poeng til Brann på tredjeplass.

— Det blir veldig spesielt, eg spelte fire sesongar for Brann 2. Det blir ikkje lett å ta poeng på Stadion, trur Kjemhus.

Vi sit i leilegheita midt i Sogndal sentrum som han bur i saman med Petter Strand, ein spelar som kom frå det ukjente i Tertnes og var ein av Sogndals beste spelarar i eliteserien i fjor. No er Strand på U21-landslagssamling. Kjemhus har besøk av ein kompis frå Bønes, i tillegg er målvakt Hagerup på plass for å diskutere Sogndal-Bergen-syndromet med Bergens Tidende.

Kvardagen endra seg raskt

Begge nykomarane frå Bergen har slått til. Kjemhus har spelt 13 kampar på venstre midtbane frå start, inkludert cup. Hagerup har berre sleppt inn eitt seriemål på dei seks kampane han har spelt.

— Viktigaste grunnen til det er at eg ikkje har hatt så mykje å gjere, vi er veldig godt defensivt organisert. Men klart eg er fornøgd med å sleppe inn så få mål, eg er innstilt på å kjempe om plassen som førstemålvakt også når Mathias Dyngeland og Christian Sukke er tilbake. Det er absolutt to gode målvakter, Mathias er tilbake i trening etter skade no, fortel han. Også Dyngeland er bergensar, frå Totland i Fana.

Begge fortel at kvardagen endra seg raskt. Kjemhus såg for seg spel for Fana i 2. divisjon då han rett før overgangsvindauget stengde fekk beskjed av trenar Rune Vindheim om at Sogndal ville ha han på trening.

— Eg var på treningsleir med Fana då eg fekk beskjeden. Eg trente to dagar, så fekk eg kontrakt ut 2015-sesongen.

- Var det eit prøvespel eller hadde dei bestemt seg på førehand?

— Sei det, det var vel ei blanding. Eg måtte sikkert vise at eg heldt nivået. Eg reiste hit og tenkte eg skulle gjere mitt beste og sjå kor langt det bar. Eg hadde ikkje trudd eg skulle få så mykje speletid så tidleg. Det har gått bra for både meg og laget.

Flaks og dugleik

Hagerup skildrar si eiga karriereutvikling med orda «flaks og dugleik».

— Det var tilfeldigheiter som gjorde at eg fekk sjansen. Klubben dekk dispensasjon frå NFF til å hente ny keeper. Eg fekk beskjed frå dagleg leiar Frank Hellevik i Fyllingsdalen om at Sogndal ville at eg skulle kome. Eg bestemte meg for å ta sjansen. Det gjekk slag i slag, i løpet av to dagar var alt i boks, seier målvakta.

Han var godt i gang med sin andre sesong som førstemålvakt i Fyllingsdalen då sjansen baud seg.

Hagerup seier han er inne på ei permanent kontrakt, men han ønskjer ikkje å utdjupe kontraktforholda.

Tungt å forlate Bergen

Dei to bymennene er opne om at det har vore utfordrande å byte ut kjente omgjevnader med familie, vener og pulserande byliv med bygdelivet i Sogn.

— Så ærleg skal eg vere og seie at det har vore tungt. I Bergen gjekk det i eitt dagen lang med økonomistudiar ved høgskulen på dagtid, trening på kveldstid, og elles fann eg på ting med vener. Dette er noko anna enn eg er vand til. Når dagen er over på Campus, slappar vi av, lagar mat og ser på TV-seriar. Men eg jobbar med å flytte studiet over til Høgskulen i Sogndal til hausten, fortel Kjemhus.

Ikkje stikk til Brann

Trenar Eirik Bakke har eit godt nettverk i bergensfotballen etter at han budde i byen og var Brann-spelar frå 2006 til 2010. Han seier Bergen er eit viktig rekrutteringsområde for klubben. Og han avviser kategorisk at dei ser på det som eit stikk til Brann når dei klarer å finne spelarar i Bergen som knapt har vore innom Brann-radaren.

— Vi må våge å seie at vi skal konkurrerer med Brann på dette området. Samstundes er det så mange gode spelarar der at Brann ikkje kan hente alle. Sogndal er ein god stad å vere for gode, unge fotballspelarar frå Bergen. Her kan dei konsentrere seg om fotball og skule, og vi jobbar i det stille. Det er lettare å vere i Sogndal, hevdar Bakke.

Han røper at nettverket dei støttar seg til, er gamle kjente som Per-Ove Ludvigsen, Rune Vindheim, Olafur Bjarnason, Frank Hellevik, Kjetil Knutsen og Tom Mangersnes.

— Vi har til dømes henta fleire spelarar frå Fana med god erfaring. Vi veit kva vi får, dei kjem frå ein god treningskultur.

Publisert: