- Dale Oen, eit førebilete for ungdomen

<p><strong>ØYGARDEN:</strong> Øygardsfolket gjekk til kyrkja for å minnast Alexander Dale Oen.</p>

blomvågkyrkje2

blomvågkyrkje

blomvågkyrkje

— Alexander var ein heilt vanleg ungdom, men likevel så stor. Han var eit førebilete for ungdomane våre, seier Svenn Martinsen, sokneprest i Øygarden.

Mange til kyrkja

Opp mot 100 personar kom til Blomvåg kyrkje, kyrkja som ligg fem minutt med bil unna der Alexander Dale Oen vaks opp, for å minnast den verdskjende symjaren som no er borte. Øygardsfolket reagerer med sjokk og vantru på Dale Oens plutselege død. Folk ga kvarandre klemmar, gret saman og sleit med å finna orda.

(Artikkelen fortsetter under bildet)

Mange kom til Blomvåg kyrkje søndag ettermiddag. Foto: SIlje Katrine Robinson

— No håpar eg folk vil gi omsorg til kvarandre, seier Martinsen. Han avslutta seansen i kyrkja. Erling Vik, leiaren i soknerådet i Øygarden, opna minnestunda.

- Ein ekte stril

— Eg hadde vore ute i naturen, og var heime og grilla på terrasen då telefonen kom om at Alexander var død. Eg hadde ikkje høyrd på noko nyhendesending den dagen, seier Vik. Mange øygardsværingar vil truleg hugsa resten av livet kvar dei var då dei fekk høyra at Alexander Dale Oen døydde.

— Han var ein ekte stril som sette Øygarden på kartet. Han var ikkje flau over å seia kvar han kom i frå, seier Vik.

— No er det viktig at me tek vare på hans nære familie og hans mange nære vener. Dei treng vår omsorg og vår forbøn, held soknerådsleiaren fram.

(Artikkelen fortsetter)

svp://101873?view=ap

Sørger over Dale Oen VIDEO: Sørger over Alexander Dale Oen

Sterke kjensler

Helen og Kjell Dale var mellom de som kom til Blomvåg kyrkje. Dei kjende foreldra til symjaren godt.

— Eg har lyst til å leggja meg ned og grina når eg tenkjer på korleis familien hans har det no , seier Kjell Dale. Han og Helen Dale var ute og fiska og hadde akkurat gått i land på ei øy på denne nydelege vårdagen då dei fekk den tragiske bodskapen.

— Eg reagerte med å tenkja at det ikkje kunne vera sant, seier Kjell Dale.

--- Hvordan vil du minnes Alexander Dale Oen? Skriv gjerne et minneord i kommentarfeltet.