Øygarden i sjokk

<p>— Me kjem aldri til å oppleva ein person som Alexander Dale Oen igjen, seier ordførar Otto Harkestad.</p>

RØDMERKET! MediaNorge OK. IKKE SALG!Øygarden. Alexander dale Oen med hjembygda i bakgrunnen. FOTO: TROND TANDBERG Tandberg Trond

Øygardens ordførar Otto Harkestad var i sorg då bt.no snakka med han tysdag. Som alle andre øygardingar, kunne han knapt tru bodskapen om at kommunens store son, Alexander Dale Oen er død.

— Øygarden grin. Me reagerer med sjokk, vantru og synest dette er frykteleg tragisk, seier Harkestad.

(Artikkelen fortsetter)

svp://101873?view=ap

Sørger over Dale Oen VIDEO: Sørger over Alexander Dale Oen

Unik person

Ordføraren seier Alexander Dale Oen var ein unik person, spesielt for den vesle øykommunen vest for Bergen.

— Me kjem aldri til å oppleva ein person som Alexander igjen. Han var vår stolheit, og hadde ein heilt spesiell posisjon på grunn av at det han har utretta er så stort, seier Harkestad.

Dale Oens familie er no i djup sorg. Ordføraren lovar all den støtte kommunen kan gi, og ber folk ta spesielt omsyn til familien.

- Det er frykteleg når ein 26-åring døyr, men i dette tilfellet er familien i ein ekstra spesiell situasjon i og med at dette no rullar over alt i media. Me skal gjera alt me kan for å følgja dei opp, seier Harkestad.

Ambassadør

Verdsmeisteren i symjing var ein glitrande ambassadør for Øygarden og fekk ofte skryt for å løfta fram strilekulturen på ein framifrå måte. Då han tok VM-gull like etter tragedien 22. juli i fjor og dedikerte sigeren til ofra for terrorhandlingane, vart han trykka til nasjonens bryst.

- Alexander hadde ein veldig naturleg væremåte. Alle let seg imponera over korleis han held den øygardske identiteten sin ved lag med språket måten han var på.

Hvordan vil du minnes Alexander Dale Oen? Skriv gjerne et minneord i kommentarfeltet.

Fakta om Alexander Dale Oen

  • Alexander Dale Oen var en norsk svømmer i verdenstoppen i brystsvømming.
  • Han ble født 21.05.1985 i Øygarden og døde 30. april i Flagstaff i Arizona i USA.
  • Meritter: Blant annet VM-gull på 100 meter bryst i Shanghai 2011. Vant OL-sølv på 100 meter bryst i Beijing 2008 og ble med det første norske OL-medaljør i svømming. Europamester på 100 meter bryst langbane i 2008, sølv på 50 og 200 meter bryst. EM-sølv på 100 meter bryst i 2006. Dale Oen fikk i tillegg åtte kongepokaler.
  • Dale Oen ble i 2011 kåret av Det europeiske svømmeforbundet til Europas beste herresvømmer. Han ble i 2008 tildelt utøvernes pris på Idrettsgallaen. I 2011 fikk han prisen for beste mannlige utøver på samme arrangement.

Tildelt Aftenpostens gullmedalje og Sportsjournalistenes statuett i 2011.

(Kilder: Store norske leksikon, Wikipedia)