Myklebust startar på topp i skjebnekampen
Hødd-sjef Sindre Eid sender utpå dei same elleve spelarane som spelte 1-1 mot Strømmen når Ulsteinvik-laget i føremiddag skal jakte siger på Brann stadion.
- Vebjørn Bjørkås

Status før dagens runde er at Hødd for augneblinken innehar 6. plassen – den siste som gir kvalik i 1. divisjon. Sandnes Ulf ligg på 7. plass, eitt poeng bak Hødd. Men rogalendingane har mykje betre målskilnad enn Hødd, og klarar seg difor med uavgjort i heimekampen mot Ranheim om Hødd skulle tape mot Brann.
Klarar Hødd uavgjort mot laget til Lars Arne Nilsen, må Sandnes Ulf vinne sin kamp. Med Hødd-siger er Ulsteinvik-laget klare for play-off uansett andre resultat.
Overraskande trenaravgang
Tidlegare denne veka kom beskjeden om at Hødd-trenar Sindre Eid gir seg som hovudtrenar etter denne sesongen. Beskjeden kom overraskande på mange, og det skal bli spanande å sjå korleis det har påverka spelargruppa.
Truleg ønskjer dei å gje klubblegenda Eid ei perfekt avslutning på trenarkarriera, og forlenge den med minst ein kvalik-kamp.
Stiller uforandra
I det som kan bli Eids siste kamp som Hødd-trenar, sender han utpå det same laget som spelte leverte ein skuffande heimekamp mot mot Strømmen for ei veke sidan. Det betyr at Magnus Myklebust held fram som midtspiss for blåtrøyene.
Tidlegare cupvinnar med Hødd, Sivert Heltne Nilsen, mistar kampen for Brann mot gamleklubben grunna skade.
Hødd (4-3-3): Aslak Falch – Jonas Ingebrigtsen, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Vegard Heltne – Fredrik Aursnes, Joakim Wrele, Torbjørn Kallevåg – Ole Amund Sveen, Magnus Myklebust, Eirik Ulland Andersen
Benken: Ole-Monrad Alme, Christoffer Aasbak, Erik Sandal, Michael Karlsen, Bendik Torset, Robin Shroot
Brann (4-3-3): Piotr Leciejewski – Ruben Kristiansen, Jonas Grønner, Bismar Acosta, Amin Nouri – Eirik Birkelund, Kristoffer Barmen, Amadaiya Rennie – Kasper Skaanes, Steffen Lie Skålevik, Erik Huseklepp
Benken: Alexander Horwath, Erlend Hanstveit, Kristoffer Larsen, Viljar Vevatne, Fredrik Knudsen, Halldor Stenevik, Oliver Rotihaug
Følg kampen og chat med oss her:
Mest lest akkurat nå
MC-ulykke på Voss: – Fremstår som alvorlig
Da sjefen fikk en telefon, trodde han det bare var tull
Før så de ikke vitsen med å gå i tog. – Nå er det dessverre blitt mange flere ukrainere i Bergen.
Se de fantastiske bildene av fyrverkeriet
– Jeg er ufør, og jeg er ferdig med å skamme meg
Oppunder 300 politioppdrag: – Det har vært særdeles travelt