Tar Hødd ein ny Brann-skalp?
Snart tre år sidan cupbomba smalt i Ulsteinvik.
- Vebjørn Bjørkås

For snart tre år sidan overraska Hødd dei aller fleste då dei sendte Brann ut i cupsemifinalen på gamle Høddvoll. I kveld er det 1. divisjonspoeng det skal kjempast om på nye Høddvoll, og Hødd-trenar Sindre Eid sender utpå same laget som spelte 1-1 mot Fredrikstad.
Etter fire poeng på dei to første kampane, har Hødd fått ein grei start på årets sesong. Førre mandag var det opning av nye Høddvoll, då Fredrikstad gjesta Hødd si nye storstove i Ulsteinvik. Lenge såg det ut til at Hødd skulle få den perfekte opninga på sin nye heimearena, men ei sein Fredrikstad-scoring øydela den draumen.
No ventar ein ny opprykkskandidat for Hødd-manskapet, som får nok å bryne seg på i kveldens kamp mot storlaget Brann.
Hødd-spiss Karlsen: - Jeg er sikker på at vi er gode nok til å slå Brann
Chat med oss under Hødd-Brann
Gode minner for Hødd-laget
Sjølv om det er få spelarar igjen i Hødd frå cup-semifinalen frå 2012, sit bragden frå semifinalen truleg godt i minne hos både hovudtrenar Sindre Eid, som var assistent den gongen, midtstoppar Steffen Moltu og midtbanespelar Fredrik Aursnes. Aursnes scora eitt av måla i 3-1-sigeren frå 2012. Før kampen i 2012 var det førre møtet mellom laga på Høddvoll i 1995. Då var det Tippeliga-kamp, og Hødd vann oppgjeret på sin gamle heimebane 1-0. Då laga møttest til dyst i 1. divisjon i 1972, vann Brann 1-0 på Høddvoll, som er og blir deira siste triumf i Ulsteinvik.
Følg oss på Facebook og Twitter
Må fullføre kampane
Hødd har levert to svært solide førsteomgangar så langt denne sesongen. Men både i opningskampen mot Strømmen og i kampen mot Fredrikstad for ei veke sidan, sleppte Hødd seg nedpå i dei siste 45 minuttane. Mykje dreia seg då om å forsvare leiinga ut kampen, og mot Fredrikstad lukkast dei ikkje med det.
Hødd-trenaren sa til smp.no etter kampen mot Fredrikstad at dei måtte bygge vidare på førsteomgangen mot Fredrikstad, der han meinte Hødd framstod som eit meget, meget godt 1. divisjonslag. Klarar heimelaget det, skal Brann nok ein gong få slite med å få med seg noko frå Høddvoll.
Hødd-trenaren: - Vi framstår som eit meget, meget godt 1.-divisjonslag
Stiller uforandra
Eid gjer ingen endringar i startoppstillinga frå kampen mot Fredrikstad for ei veke sidan. Joachim Magnussen, som løfta Hødd offensivt då han kom inn i andreomgangen mot Fredrikstad, er ikkje med i dagens kamptropp.
Hødd (4-2-3-1): Aslak Falch – Jonas Ingebrigtsen, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Christoffer Aasbak – Joachim Wrele, Fredrik Aursnes – Eirik Ulland Andersen, Ole Amund Sveen, Magnus Myklebust – Michael Karlsen
Benken: Ole-Monrad Alme, Erik Sandal, Ruben-Kenneth Brandal, Torbjørn Kallevåg, Bendik Dybal Torset, Benjamin Mork Klepe, Sondre Beite
Brann (4-4-1-1): Alex Horwath – Amin Nouri, Bismar Acosta, Jonas Grønner, Erdin Demir – Fredrik Haugen, Kasper Skaanes, Vadim Demidov, Erik Huseklepp – Kristoffer Larsen – Jakob Orlov
Benken: Kenneth Udjus, Erlend Hanstveit, Alejandro Castro, Emil Hansson, Azar Karadas, Fredrik Knudsen, Kristoffer Barmen
FØLG KAMPEN HER: