Røthe: - Eg har sjølvinnsikt og er ikkje overraska

Vossingen ikkje ein av dei åtte mennene som skal representera Noreg i Tour de Ski.

Publisert Publisert

UTE AV FORM: Sjur Røthe har slitt med formsvikt og sjukdom i det siste. Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

  • Øystein Vik
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Som forventa var ikkje Sjur Røthes namn eitt av dei som vart lest opp av landslagssjef Vidar Løfshus som presenterte Tour de Ski-uttaket tysdag formiddag.

– Det var forventa, og ikkje noko å lura på, seier Røthe.

– Er du skuffa?

– Eg har sjølvinnsikt og forstår uttaket. Eg må berre ta det for det det er. Eg får ikkje gjort noko med det no, seier 28-åringen.

Røthe har ikkje hatt ein god start på sesongen. Til førre verdscupløp i La Clusaz (sist helg) vart han først droppa til det individuelle rennet, så tatt ut fordi ein annan melde forfall, men så måtte han sjølv melda avbod fordi han vakna sjuk om morgonen.

– Det var kjipt. Eg har ikkje heilt flyten om dagen, seier Røthe.

Les også

Northug tatt ut til Tour de Ski - men det er ikke sikkert at han går

Les også

Les meir om kva som har skjedd med Røthes form denne sesongen her

Dermed fekk ikkje Røthe sjansen til å visa form, og no vart han som forventa droppa til det ni dagar lange, viktige Tour de Ski som startar nyttårsaftan.

Det store som står att for Røthe no er å kvalifisera seg til ski-VM i Lahti. For å få det til bør han imponera i skandinavisk cup over nyttår (nivået under verdscupen).

– No skal eg førebu meg i to veker til det. Det vert jul heime på Voss. Utan snø, men eg får trent det eg skal likevel, seier Røthe.

For tida held han på å flytta inn i ny bustad i Oslo.

– Fordelen med dette, er at eg får tid til å flytta, seier Røthe med eit smil.

Les også

Sjur Røthe: – Eg kan ikkje leggja meg opp i korleis legane vil behandla lungene mine

Desse skal representera Noreg i Tour de Ski:

Menn

Hans Christer Holund, Lyn Ski
Petter Northug, Strindheim IL
Finn Hågen Krogh, Tverrelvdalen IL
Simen Hegstad Krüger, Lyn Ski
Emil Iversen, IL Varden
Didrik Tønseth, Byåsen IL
Martin Johnsrud Sundby, Røa IL
Niklas Dyrhaug, Tydal IL

Kvinner
Ingvild Flugstad Østberg, Gjøvik Skiklubb
Kathrine Rolsted Harsem, Varden IL
Silje Øyre Slind, Oppdal IL
Ragnhild Haga, Åsen IL
Maiken Caspersen Falla, Gjerdrum IL
Kari Øyre Slind, Oppdal IL
Heidi Weng, IL i Bul
Lotta Udnes Weng, Nes Ski

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Plutselig viste det seg at Doddo er i slekt med en Brann-spiller

  2. Slik reagerer Branns unge stoppere etter Wormgoor-signeringen

  3. Demidov-erstatteren blir Branns best betalte spiller

  4. Fransk klubb har gitt opp Ødegaard: - Det ble fort uaktuelt

  1. Ski-VM
  2. Tour de Ski
  3. Sjur Røthe