Sindre Eid: – Fantastisk godt nøgd

Hødd-trenaren innrømmer at han frykta at sigeren skulle ryke i sluttminuttane mot Nest-Sotra, og er fantastisk godt nøgd med at dei klarar å hale i land alle poenga mot Nest-Sotra søndag.

  • Vebjørn Bjørkås
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over seks år gammel

For med tre minutt igjen av kampen sette Nest-Sotra-spiss Steffen Lie Skålevik inn sitt andre mål for kvelden og reduserte til 3-2. Han sendte med det eit stort gufs gjennom både publikum og Hødd-benken.

– Dei scorar eit mål, me blir litt stressa og litt for oppteke av å verne om eige mål kontra å prøve å score eitt til sjølv. Det er psykologien i fotball. Men me tek tre nye poeng, og det er me fantastisk godt nøgd med, seier Eid til smp.no etter kampen.

– Var du nervøs for at det skulle ryke på slutten der?

– Klart det. På 3-2, der dei pumpar mange ballar inn i feltet, så blir det meir skummelt enn nødvendig, seier Eid.

Inviterte Nest-Sotra inn igjen i kampen

For etter ein meget solid første time på Høddvoll, sleppte Hødd seg nedpå og inviterte Nest-Sotra inn i ein kamp som eigentleg var avgjort.

Eid seier han ikkje har ei forklaring på kva som skjedde i siste fase av kampen, der Hødd holdt på å miste sigeren.

– Det er vanskeleg å seie kva som skjer der. Det får me ta ein prat på. Men i staden for å roe ned og kvile med ballen, tek me alle overgangane me får. Etter den første scoringa deira blir me litt passive, og så skjer det som skjer, seier han.

Glad på Karlsens vegne

Eid valte å gi Michael Karlsen tillit frå start til fordel for Joachim Magnussen, som scora i forrige seriekamp borte mot Hønefoss. Det resulterte i at Karlsen endeleg opna scoringskontoen for 2015-sesongen.

– Det var godt for Michael å få det første målet der. Han har vore «outstanding» for oss i enkeltkampar, og er utruleg viktig for oss der oppe med å ta ned— og halde på ballen. Me må ikkje gløyme at han gjer ein utruleg viktig jobb for laget offensivt også når han ikkje scorar, seier Eid.

Publisert
  1. Fotball 1. div
  2. Hødd
  3. Nest-Sotra

Les mer om dette temaet

  1. Sogndal overtok tabelltoppen fra Åsane

  2. Levanger tapte med vikarsjef på benken

BT anbefaler

Ove hadde drømmehytten. Så kom turbinene.

Det er minusgrader ute, og Ove Myklebust har fyrt opp i vedovnen. Gjennom store vindusflater har han i årevis hatt utsyn…