Trur Nest-Sotra vanskeleg kan unngå nedrykk

— Det er lite truleg at vi overlever no, seier Johnny Furdal etter 5-2-tap for Bærum.

  • Øystein Vik
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over seks år gammel

BÆRUM — NEST-SOTRA 5-2

— No er det berre fem sigrar på rad som gjeld. Klarer vi det, kjem vi opp i dei 36 poenga vi treng for å overleva, sier Nest-Sotras Johnny Furdal.

- Er det realistisk?

— Nja...Ser du realistisk på det, så er vel ikkje sjansen så stor, strengt tatt. Men det er mogleg. Vi kan ikkje leggja oss ned og dø enno, seier Furdal.

Nest-Sotras bortekamp mot Bærum søndag var eit mareritt, sett med strileauge. Med tanke på tabellplasseringa, nest sist, måtte Nest-Sotra vinna. Men i staden vart det full kollaps og tap 5-2. Det var pasningsfeil, manglande duellkraft, fråværandre løp og keepertabbe.

— Dette er ein kamp vi bør prøva å gløyma så fort vi kan. Bærum var veldig mykje betre enn oss. Vi skal ikkje skulda på nokon enkeltpersonar. Dette var ein kollektiv svikt, seier Ruben Hetlevik, trenar for Nest-Sotra.

Nest-Sotra har no åtte poeng opp til Åsane på trygg plass, med fem kampar att å spela. Hetlevik nektar å sjå like mørkt på situasjonen som Furdal og fleire av dei andre spelarane. Før kampen gjekk Simen Næss langt i å seia i eit intervju med BT at siger mot Bærum var eit vere eller ikkje vere for Nest-Sotra.

— Håpet er ikkje ute enno. No handlar det om kva mann ein vil vera. Ein mann som gir opp eller ein som kjempar. Eg er av den siste typen, og det er spelarane også, seier Hetlevik.

Ingen Schjønberg-kommentar

Nest-Sotra hadde ein forferdeleg start på sesongen. Etter sju kampar og fire poeng fekk trenar Michael Schjønberg sparken. Sidan har laget prøvd å ta att det tapte. I sommar vart nesten halve troppen skifta ut, utan at det har gitt suksess.

- Kva er di analyse av kvifor det har gått som det har gått, Furdal?

— Eg skal passa meg litt for kva eg seier, men vi kom forferdeleg skeivt ut. Vi hadde altfor få poeng til sommaren, og har vore nødt til å jaga sidan, seier Furdal.

- Er det starten under Schjønberg som har ødelagt sesongen?

— Det seier eg ingen kommentar til, svarar Furdal, og legg til.

— Oppsummert er problemet at vi ikkje har vore gode nok. Eg ønskjer å be om orsaking til alle fans av klubben og alle som gjer dugnad for Nest-Sotra. Dei hadde fortent betre.

Dersom Nest-Sotra går ned, slik det no ser ut til, kan klubben få det tøft, fryktar Furdal.

— Vi har få spelarar på kontrakt og hvis vi skulle rykkja ned vil det vera ei kjempeutfordring for oss. Vi har også eit par spelarar som uansett vil vera attraktive for andre klubbar. Men Nest-Sotra har ei historie om at dei alltid greier seg, så eg er ikkje redd.

- Åsane har ikkje klart det enno

Åsane ligg no på 12. plass med 29 poeng, åtte før Nest-Sotra. Dei oransje frå Myrdal er det svakast plasserte laget av dei som er over streken.

— Vi må berre håpa på at Åsane går på nokre smellar framover. Slik det ser ut no er det oss eller dei. Målet vårt må vera å ta dei eller Follo (som også har 29 poeng) att. I tillegg til å gjera jobben sjølve, er vi avhengige av at dei andre taper, seier Hetlevik.

Å vera innblanda i ein botnstrid krev sin mann, og Hetlevik håpar hans lag er betre rusta enn rivalane frå Bergen nord.

— Vi veit at det er ein seig jobb å ta dei siste seks-sju poenga som krevst for å overleva i denne divisjonen. Åsane har ikkje klart det enno. Det er tungt i denne delen av sesongen der alle kampar betyr mykje. Alt kan skje, seier Hetlevik.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Håpet lever fortsatt for Levanger

  2. Jerv-spiller: - Vi er mye bedre enn Kristiansund

  1. Fotball 1. div
  2. Bærum SK
  3. Nest-Sotra
BT anbefaler

– Jeg husker da det var kamp om plassene. Nå er vi glade for hvert barn vi får.

– Jeg husker da det var kamp om plassene. Nå er vi glade for hvert barn vi får.

LES SAKEN