Aasbak: – Skjønte at det var noko stort på gong her

Christoffer Aasbak angrar ikkje på at han vraka andre klubbar til fordel for Hødd. Sindre Eid er imponert over kor raskt venstrebacken har teke nivået i 1. divisjon.

  • Kristian Stenerud
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over syv år gammel

Aas­bak blei henta til Hødd etter ein særs god se­song for By­åsen i 2. di­vi­sjon i fjor, der han had­de 20 målgivande pasningar. Det har ikkje blitt like mange så langt i Hødd-drak­ta.

– Eg har eit øns­ke om å vere med så my­kje som mogleg of­fen­sivt, men eg fø­ler eg ikkje har vor­te brukt så my­kje. Men det tek litt tid å bli kjend med dei andre spelarane rundt meg. Eg trur det of­fen­si­ve vil kom­me etter kvart, sei­er Aas­bak til Sunn­mørs­pos­ten.

MÅLSERVICE: Hødd-Åsane kl. 18

Fo­kus

Trenar Sind­re Eid li­ker det han har sett av 21-år­in­gen.

– Han har teke ni­vå­et vel­dig raskt. Eg er kanskje ikkje overraska, men eg er vel­dig glad for det. Det er snakk om ein spennande type med eit stort potensial, sei­er Hødd-trenaren.

– Vi har hatt fo­kus på å ut­vik­le dei de­fen­si­ve ferdigheitene hans, men det of­fen­si­ve kjem nok når han blir varmare i trøya.

Les også

Fotballfesten blir søkkvåt for mange

Det var ikkje ber­re Hødd som fekk auga opp for venst­re­bac­ken etter før­re se­song.

– Eg had­de andre moglegheiter i 1. di­vi­sjon, men eg var aldri i tvil då Hødd kom på bana. Etter å ha snakka med Geir (Hansen) og An­dré (Nev­stad), skjøn­te eg at det var noko stort på gong her , sei­er Aas­bak.

Han har fått full til­lit av trenar Eid og spelt frå start i alle seriekampane til no.

– Hødd var vel­dig gira på at eg skul­le kom­me, dei had­de ein plan for meg som eg lik­te. Det skal gå an å ut­vik­le seg bra i Hødd, for her ligg alt til ret­te for det, sei­er han.

Tøff kamp

Han bur åleine i Ul­stein­vik, men det er ber­re eit stein­kast unna lag­ka­me­rat Michael Karl­sen.

– Eg kjende ingen før eg kom til Hødd, så det har vore kjekt at «Mik­ke» er her.

Etter ein imponerande start på se­son­gen, ligg Hødd framleis på and­re­plass etter 0–0 mot Lev­an­ger ons­dag kveld. I dag ventar Ås­ane på Hødd­voll på fot­bal­lens na­sjo­nal­dag.

– Eg kjen­ner ikkje så godt til dei, men dei har fått ein god start. Det blir nok ein tøff kamp, sei­er Aas­bak.

– Vi har hatt ein god pe­ri­ode i det tøf­fe kamp­pro­gram­met, så det er vik­tig å få med seg ein si­ger no, sei­er Eid.

PS: Joa­kim Wrele må stå over kam­pen på grunn av ka­ran­te­ne.

Følg Hødd-Åsane og chat med Sunnmørsposten underveis

Publisert
  1. Fotball 1. div
  2. Hødd

Les mer om dette temaet

  1. Sindre Eid: - Kjempestolt av gutane i dag

BT anbefaler

– Provoserende og lite forståelsesfullt

Les historien om den opprivende konflikten i Hjerteslag.