Voss Cup med ekstra helseråd før helgas storturnering

– Folk er usikre etter det som har skjedd på Askøy.

GOD HANDHYGIENE: Skikkeleg handvask er eit av helseråda frå Voss Cup. Erik Johansen / NTB scanpix

Det seier Arne Førde, turneringsleiaren i Voss Cup.

I helga er det klart for ny storturnering på Voss. Førde fortel at 673 lag og over 7000 spelarar og lagleiarar er påmelde.

Før årets turnering vert det sett ekstra fokus på personleg hygiene.

Det skuldast den kritiske vatnsituasjonen på Askøy, ein situasjon som har ført til mange sjukehusinnleggingar den siste tida.

– Vi har mottatt ein del henvendingar med tanke på drikkevatn og problematikken knytt til Askøy-området. Vi har i den samanheng vore i kontakt med Voss sjukehus og smittevernlegen på Voss, seier Arne Førde.

Uro etter handballcup

Fleire har teke kontakt med Voss Cup-leiinga etter ei handballturnering på Stord sist helg, der fleire måtte sendast heim på grunn av magetrøbbel.

Les også

BT viser 88 lag fra Voss cup

TURNERINGSLEIAR: Arne Førde seier at Voss Cup-leiinga har fått fleire henvendingar etter den kritiske situasjonen på Askøy. Rune Sævig

No har Voss Cup sendt ut ei liste til deltakarklubbane med tre råd til dei som har tenkt seg til Voss.

– God handhygiene er viktig for alle på Voss Cup. Vi oppfordrar alle til å nytte sjansen til skikkeleg handvask ved høve, seier Førde.

– Vi oppfordrar alle om å berre drikka av eigne flasker, og ikkje dele flasker med andre, fortset han.

Vil refundere pengar

– Dersom ein utøvar er sjuk før Voss Cup, bør han/ho ikkje delta. Vi refunderer deltakarkort som eventuelt ikkje vert nytta, opplyser turneringsleiaren.

Voss Cup vil syte for tilgang på handsprit på salsplassar og i matsalen.

Onsdag føremiddag var det ingen lag som hadde meldt avbod.

– Det er Askøy-laga som er mest utsett, men ikkje alle like hardt. Det er vel Askøy FK som er hardast råka. Vi vil få ei tilbakemelding frå dei i løpet av torsdagen, seier Arne Førde.