Hødd vann neglebitar etter faretruende Nest-Sotra-sluttspurt

Hødd ledet 3-0, men det ble likevel spenning helt inn.

  • Vebjørn Bjørkås
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over syv år gammel

HØDD-NEST-SOTRA 3-2

Kampen på Høddvoll opna friskt, og den første sjansen kom allereie etter tre minutts spel. Nest-Sotra-stoppar Gojko Ivkovic fekk heade mot mål etter eit hjørnerspark frå Simen Næss.

Heilt umarkert fekk den serbiske forsvararen til ei god avslutning frå fem-ti meter. Heldigvis for heimelaget gjekk forsøket like utanfor stolpen til Aslak Falch i Hødd-målet.

Les også

Falch: - Nå tenker jeg kun på Hødd

Pangopning frå heimelaget

Hødd og trener Sindre Eid kunne joble over tre poeng søndag. Her fra bortekampen mot Bærum i april.

Og det var eigentleg alt Nest-Sotra hadde å komme med i den første omgangen. Etter dette tok Hødd heilt over, og etter seks minutt gav Eirik Ulland Andersen Hødd ei draumeopning på kampen.Ivkovic bomma på ballen i det han skulle strekke seg etter eit langt oppspel frå heimelaget, og Ulland Andersen fekk plukka ballen opp ute på venstresida.

Hødd-kanten drog seg fint innover med ballen og fekk avslutta på mål frå ti meters hald. Det første forsøket gjekk rett i forsvaret, men på forsøk nummer to fekk han tuppa ballen opp i nettaket til 1-0-leiing for dei blåkledde.

Karlsen opna kontoen

Og ti minutt seinare auka Hødd leiinga. Nok ein gong var det eit langt oppspel det skjedde på. Magnus Myklebust vann sin duell med Nest-forsvaret, og i bakrom stakk Michael Karlsen.

Den høgreiste spissen tok fint med seg stussen frå Myklebust og sette fart inn i Nest-feltet. I det han skulle passere Øystein Øvretveit i Nest-Sotra-målet, blei han lagt i bakken av målvakta, og fekk eo heilt korrekt straffe. ein fult fortent straffe

Dommaren bleste heilt korrekt for straffe, men gav berre gult kort i situasjonen, der Nest-Sotra og Øvretveit kanskje var ein smule heldige.

Straffesparket tok Karlsen sjølv, sendte keeper til eine sida og sette ballen iskaldt i det andre. Ein letta Karlsen kunne konstatere at årets første scoring var i boks, og sprang rett bort til trenarteamet og gav heile Hødd-apparatet ein stor klem.

Hødd dominerte

Etter scoringa fortsette Hødd å dominere banespelet, men sleit med å skape dei heilt store sjansane. Nærast var høgreback Jonas Ingebrigtsen då han kom seg fri inne i feltet på høgresida. Frå fem-seks meters hald avslutta han like over.

I det det nærma seg 45 spelte minutt fekk bortelaget til eit brukbart skot mot mål etter eit smart cornertrekk, men frå 16-17 meter gjekk forsøket frå venstreback Petter Martinsen like til side for Hødd-målet.

Kapteinen auka

Hødd fortsette der dei slapp i den første omgangen og sette press på Nest-Sotra frå starten av den andre omgangen.

Og med halvtimen igjen av kampen såg det ut til at Hødd-kaptein Jesper Törnqvist fjerna all tvil, då han vakkert sette inn 3-0 på heading frå ein presis corner av Christoffer Aasbak.

Lie Skålevik laga trøbbel

Litt ut av intet, i ein elles god Hødd-periode, kom reduseringa frå Nest-Sotra i det 74. minutt. Steffen Lie Skålevik mottok ballen inne i Hødd-feltet, og sette ballen kontrollert under Falch frå fem-ti meters hald.

Like etterpå var Sotra-laget nære på å redusere enno ein gong, då ein Nest-Sotra-spelar fekk heade på mål frå fem meter. Men eit litt ureint treff på ballen gjorde at headinga gjekk i ein boge inne i Hødd-feltet, og Ingebrigtsen fekk plassert seg på streken og klareret forsøket i det det holdt på å gå i mål.

Holdt på å ryke

Og med få minutt igjen kom nok ei redusering frå bortelaget. Og nok ein gong var det Lie Skålevik som fekk ballen i mål.

Etter eit langt frispark gjekk Falch ut i feltet for å bokse ballen, men bomma totalt. Ballen gjekk heller over Falch, og inn i det opne målet kunne målfarlege Lie Skålevik sette inn 2-3. Ein megabrølar av Falch, som elles hadde vore solid i kampen.

Meir skjedde det ikkje på Høddvoll, og heimelaget klarte å ro i land alle poenga i ein ekte neglebitar av ein fotballkamp.

Vi fulgte Hødd-Nest-Sotra direkte:

Publisert
  1. Fotball 1. div
  2. Hødd
  3. Nest-Sotra

Les mer om dette temaet

  1. Hødd-innbytterne ordnet cupseier

BT anbefaler

Folk lo da de kjøpte sjøboden. – Vi sto til knes i vann.

Bak talentfabrikken ligger en dyster historie.

LES SAKEN