Får Hødd revansje mot Ranheim?

Hødd gjekk på eit knusande 1-4-nederlag i vårkampen borte mot Ranheim. No kan endeleg Ulsteinvik-laget få revansje frå den begredelege kampen i Trondheim.

Publisert: Publisert:

MØTER RANHEIM I KVELD: Hødd-trenar Sindre Eid.

Vebjørn Bjørkås

Seks dagar er gått sidan Hødd blei det tredje laget som slo Sogndal denne sesongen. Med 1-0-siger over sogningane på Høddvoll måndag, og Brann som gav frå seg to poeng mot dagens motstandar Ranheim, var plutseleg Hødd tilbake i opprykkskampen.

Men så tett som det er oppe i toppen av årets 1. divisjon, er Hødd nøydd til å følgje opp med ein ny siger i kveld om ikkje Kristiansund og Brann skal dra frå i kampen om den andre opprykksplassen til Tippeligaen.

Fekk juling

I møtet på DnB Arena tidlegare i år blei Hødd rundspelt av eit svært sterkt Ranheim-lag, og tapte fullt fortent 1-4 i den kampen. Eit trøstemål på slutten av kampen av Magnus Myklebust pynta litt resultatet, i ein kamp som fort kunne enda fem-seks null til Ranheim.

Etter at Ola By Rise tok over som trenar i klubben har trønderane saman med Brann, Kristiansund og Sogndal vore blant divisjonens beste lag, og for alvor meldt seg på i kampen om kvalikplass.

Før kveldens runde ligg Ranheim på 7. plass, men opp til 6. plassen som Jerv innehar, er det berre tre poeng.

Shroot på benken

Robin Shroot scora to mål då Hødd vann 4-2 over Ranheim på gamle Høddvoll i fjor. Nord-iren må også i dag starte kampen på benken for Ulsteinvik-laget. Hødd-trenar Sindre Eid gjer likevel eit byte på spissplass frå Sogndal-kampen. Michael Karlsen kjem inn for Joachim Magnussen.

I tillegg er Magnus Myklebust ute av kamptroppen i dag. Truleg har han pådrege seg ein skade i løpet av veka. Inn i startoppstillinga på hans plass kjem Torbjørn Kallevåg.

Hødd (4-3-3): Aslak Falch – Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Vegard Heltne – Ole Amund Sveen, Joakim Wrele, Fredrik Aursnes – Torbjørn Kallevåg, Michael Karlsen, Eirik Ulland Andersen.

Benken: Ole-Monrad Alme, Joachim Magnussen, Robin Shroot, Erik Sandal, Christoffer Aasbak, Benjamin Mork Kleppe, Sondre Beite.

Følg kampen her:

Publisert: