Vi har spurt bergensarane kvar dei føler seg mest utrygge på sykkel. Utforsk kartet for å finne din sykkelveg!

1. Sandviken

Sykkelstien fra nord mot sentrum: Har mange ganger vært nær kollisjon med biler som kjører ut fra Måkeskjæret eller krysser for å komme inn den veien. Livsfarlig kryss.

Reisa vår startar i Sandviken, ved eit av dei mest berykta sykkelpunkta i heile Bergen: Gjensidige-krysset.

Med på sykkelturen gjennom sentrum har vi ein av byens sykkelpendlarar, Bjarte Grønstøl.

Kvar dag syklar han til jobben som lege på Haraldsplass diakonale sjukehus.

Gjensidige-krysset toppa ulukkesstatistikken i Bergen i mange år. Det har gjentatte gonger blitt sett fram krav om at noko må gjerast etter stygge ulukker.

Eitt tiltak er så langt sett i verk: Sykkefeltet forbi Gjensidigegården er malt raudt for å gjere trafikantar ekstra merksame på det.

Dette er ikkje godt nok, meiner fleire av BT-lesarane.

Vil strekninga bli utbetra?

Ifølgje Statens vegvesen er det planar om å utbetre heile sykkelløysinga forbi Gjensidige-krysset. Sjølve krysset skal mellom anna bli signalregulert.

Prosjektering går føre seg no, og arbeidet er venta å setje i gong i løpet av 2021.

2. Skuteviken

Her skjer det nesten dagleg at bilistar prøvar seg eller utfører forbikøyring i den uoversiktlege høgresvingen som endar inn mot dobbel sperrelinje og lyskryss. Eg som syklist legg meg så langt ut i vegbana som mogeleg for å forhindre bilistar fra å køyre forbi. Det har avverja fleire kollisjonar.

På veg inn til byen forsvinn heile sykkelvegen like før Bontelabo, og vi er dermed inne i «sykkelfelt-ørkenen» gjennom Bergen sentrum.

Ein samanhengande sykkelveg dukkar ikkje opp igjen før vi når Lars Hilles gate ved Smålungeren.

Mangel på ein trygg sykkeltrasé gjennom sentrum er noko av det som irriterer syklistane aller mest.

Fleire ønskjer seg også betre tilrettelegging i sjølve Skuteviken, og spesielt forbi Bontelabo, der verken vegen eller fortauet er eit spesielt godt alternativ for ein syklist.

I rushtrafikken blir det skildra som ekstra ubehageleg. «Heile strekket frå Bontelabo til Grieghallen er eit fullstendig mareritt», skriv ein av syklistane.

Vil strekninga bli utbetra?

Ja! Denne strekninga skal utbetrast med oppgradert sykkelanlegg, opplyser vegvesenet. Akkurat no held dei på med prosjektering, og byggestart er venta vinteren 2021–2022.

3. Langs Torget til Bryggen

Jeg holder pusten hver dag forbi buss- og taxistoppet på Bryggen, særlig når jeg er i blindsonen til leddbussene.

Vågen, og spesielt Torget får svært dårlege skottsmål i BT si uformelle undersøking.

«Håplaust», «skummelt» og «kaotisk» er nokre av orda som blir brukt for å skildre strekninga.

Bilar, bussar, turistflokkar og mangel på sykkelfelt gjer syklistane redde her.

Dette er mellom punkta som står aller høgst på ønskjelista til BT-syklistane.

Vil strekninga bli utbetra?

For området rundt Torget og Bryggen er Bybanen til Åsane nøkkelen. Både Bybanen og ny sykkelløysing i sentrum skal planleggast og byggast ut samtidig.

Når det vil skje, er ikkje heilt avklart. Og kvar Bybanen skal gå, er framleis eit politisk betent spørsmål. Med andre ord: Dette kan ta tid. Førebels er planen at Bybanen til Åsane skal stå klar i 2031.

4. Smålungeren

Umulig å finne vei gjennom sentrum som ikke «sjenerer» gående eller kjøretøy. Det er ingen egnet trase mellom Bryggen og oppstart av sykkelveien som starter ved Lille Lungegårdsvannet.

I hjartet av Bergen, med Smålungeren som startpunkt, ligg ein forvirrande sykkellabyrint. I alle fall om ein skal tru lesarane til BT.

Etter det er slutt på sykkelfelt ved Smålungeren, må syklistane køyre slalåm mellom bilar, elsparkesyklar og gåande.

Christies gate blir spesielt nemnt som ei skummel strekning.

Der er mykje trafikk, fortaua er fulle av menneske og bussar susar inn og ut av haldeplassane.

Dette gjer det vanskeleg for syklistane å navigere gjennom området på ein trygg måte, for seg sjølv og andre, fortel dei.

Vil strekninga bli utbetra?

I likskap med Torget og Bryggen er sykkeltraseen gjennom sentrum ein del av reguleringsplanen for bygginga av Bybanen mellom sentrum og Åsane. Nøyaktig korleis sykkelvegen gjennom sentrum skal sjå ut, er enno ikkje avklart.

Det vil ta fleire år før det kjem ei permanent løysing på sykkelvegane i Bergen sentrum.

Ein må snirkle seg gjennom bussar og bilar i Christies gate. Dette skriv fleire BT-lesarar at dei ikkje torer. Derfor syklar dei helst ikkje her. Bjorn Erik Larsen

5. Florida

Sykkelfelt som går rett ut i fortau på begge sider av veien. En suppe av fotgjengere, syklister, bybane og biler.

Også her stoppar sykkelfeltet brått. Deretter blir det slått saman med eit trafikkert gangfelt.

At det er fotgjengarar, bilar, bybane og syklistar på same plass, gjer at punktet ved Florida har hamna blant BT-lesarane sine mest hata sykkelstrekningar i byen.

Vil det blir utbetra?

Nei. Fylkeskommunen skriv til BT at dei er kjende med utfordringane i området, men at det førebels ikkje er planar om endringar i dette området.

6. Danmarks plass

Farlig overgang der bil har vikeplikt for kryssende syklister. Ulykker og nestenulykker ser jeg ukentlig. Selv blitt truffet av bil der to ganger. Positivt at det ligger nær Legevakten.

Rundt Danmarks plass er det to punkt som spesielt irriterer syklistane.

Det eine er overgangsfeltet som kryssar Michael Krohns gate ved Sats. Høg fart, dårleg sikt og mykje trafikk gjer at fleire føler seg utrygge.

Det andre punktet er sykkelvegen som kryssar bilvegen ved Legevakta.

Her har syklane forkøyrsrett, men dette blir ikkje alltid respektert. Det kan føre til farlege situasjonar og kollisjonar mellom bilar og syklistar.

Vil det bli utbetra?

Nei, det det er ikkje planar om nye tiltak her.

Fylkeskommunen skriv at dei er merksame på kryssinga i Michael Krohns gate, men at det er registrert få ulukker her og dei viser til at berre to personar har blitt lettare skadd dei siste ti åra.

7. Fabrikkgaten

Håpløs tilrettelegging. Dette er nok et av de mest trafikkerte knutepunktene der mange syklister og mange bilister møtes. Her burde det vært en bro.

Etter å ha sykla på ein brei sykkelveg dei siste hundre meterane ned mot Danmarks plass, er det slutt ved Esso-stasjonen i Fjøsangerveien.

Her må ein krysse vegen på eit overgangsfelt, men i periodar er det så trafikkert at det blir trongt om plassen.

At sykkelvegane ikkje heng saman, og endar inn i trafikkerte kryss eller liknande, er noko av det som generelt frustrerer syklistane i Bergen mest.

Vil strekninga bli utbetra?

Statens vegvesen fortel at dei i ein periode har arbeidd med å finne løysingar for å forbetre kryssinga over Fjøsangerveien (E39) ved Fabrikkgaten.
Det er utarbeida eit forprosjekt som har vore til behandling i Bergen kommune, og som dannar grunnlaget for utarbeidinga av reguleringsplanen for strekninga mellom Solheimsgaten og Fabrikkgaten, inkludert kryssinga av E39.
Forprosjektet vil kome med ei anbefalt løysing, som vegvesenet vil arbeide ut ifrå. Planarbeidet er venta å starte vinteren 2020/2021. Kor lang tid det vil ta vil avhenge av den prosessen.
Punktet ligg også inne i Miljøløftet 2020–2023. Når spaden faktisk blir sett i jorda er avhengig av at reguleringsplanen for strekninga er vedteken av Bergen kommune.

8. Minde allé

Farlig kryss. Her er det mye trafikk. Det går som regel greit ved å vinke til bilistene og takke for at jeg blir sluppet over, men krysset oppleves farlig

Ved rundkøyringa i Minde allé kryssar sykkelstien bilvegen. Ei rekke syklistar melder at dei opplever det som farleg å sykle her.

«Stor biltrafikk og syklister i stor fart», skriv ein, medan ein anna meiner det nesten dagleg er nesten-ulukker i dette området. Fleire meiner biltrafikken ikkje tek omsyn til syklistane.

Vil strekninga bli utbetra?

I samband med bygginga av Bybanen til Fyllingsdalen skjer det no ombygging av denne kryssinga. Den nye kryssinga er venta å stå klar i løpet av vinteren 2021/2022.

9. Nattlandsveien

I Nattlandsveien er sykkelfeltet delt med kollektivfeltet. Dette er en uting i hele veiens lengde, men kanskje spesielt i området rundt Haukeland sykehus. Kombinerer vi dette med rushtrafikk og byggearbeider, så er det helt utrolig at det ikke oppstår flere skader her.

Området rundt Haukeland sjukehus virkar å vere notorisk blant Bergens syklistar. Punktet er ein gjengangar blant BT-lesarane.

Mange pendlar til Haukeland sjukehus, og må krysse dette punktet om dei skal kome seg på jobb ved hjelp av sykkel.

Eit spesielt stort problem er at ein må sykle i kollektivfeltet. Dette likar ikkje syklistane. Bussane er store, og det er vanskeleg å halde oversikt.

Vil strekninga bli utbetra?

Det held dei på med planarbeid for sykkelløysing mellom Hagerups vei og Wiers Jenssens vei, og sykkelløysinga vidare til Birkelundstoppen skal greiast ut i eit eige planarbeid.

Dette vil ta tid. På kortare sikt opplyser fylkeskommunen om at det er aktuelt å gjennomføre punktvise trafikksikringstiltak, spesielt når det gjeld strekninga frå Nattlandsfjellet til Mannsverk.

Fylkeskommunen arbeider også med å få på plass raudmåling av sykkelfelta på fylkesvegnettet, men opplyser ikkje om når dette arbeidet skal vere ferdig.

10. Mannsverk

Ble selv påkjørt her midt på lyse dagen (kl 12.00) i sykkelfelt. Ble hardt skadet. Knuste kneskålen. Måtte ha to operasjoner. Lå på Haukeland sykehus i 4 uker. Borte fra jobb 1 1/2 år.

Her som i Nattlandsveien meiner mange det er for dårleg tilrettelagt om du reiser på sykkel.

Det er mange inn- og utkøyrsler på strekninga. Spesielt frykta er avkøyrslene til Rema 1000 og Esso-stasjonen, fordi dei er uoversiktlege og bilar fort hamnar i sykkelfeltet.

Fleire nemner at dei har vore i ulukker eller nesten-ulukker i kryssa langs Nattlandsveien på Mannsverk.

Det er også mange som brukar vegen til å pendle på sykkel, mellom anna til Haukeland. Dette blir nemnt som ei av strekningane der dei er mest påpasselege.

Ved Sofus Madsens vei i Nattlandsveien er det sett opp eit fareskilt etter ei sykkelulukke. Bjørn Erik Larsen

Vil det blir utbetra?

Strekninga er prioritert i Miljøløftet. Førebels er ikkje reguleringsplanen godkjent, og det blir jobba med kva løysinga ein skal velje for syklistane. Byggestart er ikkje avklart.

Det er også aktuelt å gjennomføre punktvise trafikksikringstiltak på strekninga frå Nattlandsfjellet til Mannsverk.

11. Grimesvingane

Grimesvingene føles utrolig utrygge. Stygge forbikjøringer, biler i altfor stor fart og lastebiler/busser som ikke klarer å holde sporene sine. Ubehagelig!

Få strekningar er meir frykta blant syklistar i Bergen enn Grimesvingane.

Vegen er smal og det er mykje trafikk, både vanlege bilar og tungtrafikk. Ofte oppstår det kø fordi det er vanskeleg for bilar å passere syklistane. At det er knapt om plassen, fører også til farlege forbikøyringar på strekninga.

«Det å vere syklist i eit slikt trafikkbilete er med livet som innsats», skriv ein av syklistane. Fleire skulle ønskje ein ville bruke den gamle toglina som går parallelt med sykkelveg i staden.

Vil det bli utbetra?

Det har vore utarbeida eit forprosjekt til ei ny løysing for syklistar her, men det er førebels ikkje teke stilling til om det skal setjast i verk tiltak, opplyser fylkeskommunen.

Dermed ligg ei eventuell utbetring fleire år fram i tid.

12. Puddefjordsbroen

Se opp for busspassasjerar!

På Møhlenpris-sida av Puddefjordsbroen ligg sykkelveg, busstopp, gangfelt og fortau tett i tett. Nokre stadar så tett at dei går inn i kvarandre.

Spesielt er krysset frå Torborg Nedreaas gate og over på Puddefjordsbroen skildra som utfordrande.

Bjørn Erik Larsen

Mellom anna fordi folk som står på busstoppa fort kan hamne i sykkelfeltet utan å merke det. To av lesarane nemner også at folk ofte har proppar i øyra, og ikkje er merksame på kva som går føre seg rundt dei.

Bjørn Erik Larsen

Vil strekninga bli utbetra?

Det er førebels ingen planar om endring i gang- og sykkelvegtilbodet på Møhlenpris-sida av Puddefjordsbroen.

13. Gravdal

Trang vegbane, mye tungtrafikk og manglende sykkelfelt i ca. 300 meter. Mange farlige situasjoner.

Også her er varierande kvalitet på sykkelfeltet og mangel på plass i vegbana ein gjengangar i kritikken frå BT-lesarane.

I tillegg er det mange inn- og utkøyrsler på strekninga. Fleire av desse blir skildra som uoversiktlege og farlege.

Vil strekninga bli utbetra?

Sykkelfelta skal raudmalast, og det blir vurdert andre tiltak utan å gå nærare inn på kva, fortel fylkeskommunen.

Dagens løysing ved Nygård/Gravdal kom på plass rundt 2015. Der er fartsgrense på 40 km/t, sykkelfelt og fartsdemparar.

Likevel melder syklistane i kartet frå om store problem på strekninga endå.

14. Loddefjord

Fra alle tre retninger stopper tilretteleggingen for syklister idet en nærmer seg Vestkanten. Forbi Vestkanten må syklister enten gjennom en stor og godt trafikkert rundkjøring, eller opp på smale fortau.

Rundkøyringa ved Vannkanten i Loddefjord er full av farar for syklistar.

Her forsvinn sykkelvegen, slik at ein er nøydd til å snirkle seg gjennom biltrafikken i rundkøyringa.

Dette skapar farlege situasjonar og frustrasjon for både bilistar og syklistar, skriv fleire av lesarane som har kommentert i BT sitt sykkelkart.

Vil strekninga bli utbetra?

Fylkeskommunen opplyser at sykkelulukker i hovudsak er konsentrert rundt rundkøyringa. Derfor er det planlagt å raudmale sykkelfelta i området. Det blir også vurdert andre tiltak, men det er uvisst kva det konkret er snakk om.

15. Sotrabrua

Sotrabroen. Største grunn til at jeg ikke sykler daglig til jobb i dag. Det er ikke fortau, det kan være utfordrende værforhold, og bilane sneier forbi utan å holde avstand.

Å krysse den sterkt trafikkerte Sotrabrua på sykkel er inga lett affære, ifølgje dei som har lagt inn punkt i sykkelkartet.

Det er rett og slett ikkje plass til dei. Fortauet er for smalt til å sykle på, og i vegbana fortel fleire at bilistane ikkje viser omsyn.

«Det er med livet som innsats», skriv ein av BT-lesarane.

Vil strekninga blir utbetra?

Ja, men det vil ta nokre år. Denne strekninga er ein del av det nye Sotrasambandet og ny Sotrabru. Per i dag er bygginga venta å starte i 2022.