Eg blir flyttet over til Haukeland nå i kveld. De kan gi bedre hjelp
Lykke til Mamma, glad i deg❤️
Slutt av tekstmeldingane
Måndag
22. februar
Mormor Evelyn Lode (61) står i oppgangen og kler på seg smittefrakk, hanskar og munnbind.
Ho gruar seg til å opne døra inn til leilegheita, der barnebarnet Magnus ventar. Den høge 15-åringen med lang lugg er heime åleine, smitta av korona.
Evelyn er ikkje redd for smitte, men for det ho skal fortelje.
Magnus deler vanlegvis treromsen i Møllendalsbakken med mamma Guro (39).
Guro vart smitta først, truleg under ein handletur på Rema. Ho som hadde vore så forsiktig, halde seg på heimekontor i snart eit år, brukt munnbind og sprita hendene.
No er ho innlagt på intensivavdelinga på Haukeland universitetssjukehus.
Evelyn blir ståande i døra inn til den vesle stova, medan Magnus sit i den mørkegrå sofaen med munnbindet på. På bordet har det hopa seg opp med skitne tallerkenar, brukte glas og tomme energidrikkar.
Så tek ho mot til seg.
Mamma er så trøtt at ho må få kvile, det er for tungt å puste, sjølv med maske.
No må ho leggast i respirator. Kunstig koma.
Munnbindet til Magnus blir vått og gjennomsiktig. Kjem mamma til å overleve, spør han.
<( Eg blir flyttet over til Haukeland nå i kveld. De kan gi bedre hjelp )