Klatrar frå Nordhordland omkom på 3000 meters høgde

Arvid Lahti (58) klatra opp Mount Everest to gongar.

Publisert Publisert

OMKOM: Dette biletet av Arvid Lahti vart teke til eit intervju i BT magasinet i 2014. To år seinare omkom Lahti på Mount Rainier i Washington i USA. Foto: Tor Høvik (Arkiv)

  • Øyvind Lefdal Eidsvik
  • Gerd Tjeldflåt
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

58 år gamle Arvid Lahti frå Masfjorden døydde laurdag på fjellet Mount Rainier i delstaten Washington, USA. Lahti var einaste nordmann som har klatra opp Mount Everest frå begge sider i løpet av eit år.

«Eg har forferdelege nyhende. Eg mista min fjellpartnar, min beste og elska venn Arvid Lahti», skriv klatraren Monique Richard på si offentlege Facebook-side.

Intervju i BT:

Les også

- På nordsida gjekk vi forbi 14 lik. Det snør ikkje så mykje der, så dei blir liggande.

— Utanriksdepartementet er kjend med saka og pårørande er varsla om situasjonen, sa pressevakt Astrid Sehl i Utanriksdepartementet til Strilen tysdag. TV 2 skreiv først om dødsfallet i Norge.

«Døydde i armane mine»

«Laurdag, på Mount Rainier, blei vi fanga i ein storm med veldige mengder snø og vind. Stormen var ikkje venta av nokon. Vi måtte tilbringe natta på ein steinete plass. Vi blei sterkt nedkjølte, og eg var sikker på at det var eg som kom til å døy, ... men Arvid døydde i armane mine», skriv Richard i posten.

Ho skriv vidare at ho til slutt klarte å gå mot ein base. Ho blei etter kvart funnen og berga av eit søkelag.

Fotoet, skriv ho, er det siste av Lahti, tatt på veg ned frå toppen av Mount Rainier.

Andre klatrarar oppdaga og varsla om forlate utstyr ved basen laurdag. Søk vart starta søndag.

Fjellet er det høgste i delstaten Washington, 4392 meter høgt.

«Han var elska av alle, han var ein fin person. Tida etter at han døydde har vore vanskeleg, for eg elska han høgt. Vi delte så mange glade og rike eventyr og tider», skriv Monique Richard.

To gonger på Mount Everest

Lahti hadde fleire klatreekspedisjonar bak seg. Mellom anna var han to gonger på toppen av Mount Everest. Han var den einaste nordmannen som toppa verdas høgaste fjell to gonger på eitt år.

MOUNT RAINIER: Fjellet er det høgste i delstaten Washington, nordvest i USA. Foto: Wikimedia COmmons

På den første turen hans til Mount Everest døydde fire andre i følgjet. Då BT intervjua Lahti i 2014, snakka han mellom anna om farane ved ekspedisjonane.

Han nådde Everest, som einaste i ekspedisjonen:

— Døy kan ein gjere kor som helst. Små skadar, som å vrikke ein fot, er nok til at du ikkje kjem deg ned igjen, sa han.

I intervjuet snakka Arvid Lahti om korleis dødsfall var ein del av kvardagen på dei høgste toppane. Og om korleis han hadde vore fascinert av fjell heilt frå han var liten.

- Ti år gammal gjekk eg over fjellet frå Lærdal til Aurland. Men frå eg var 25 til 35 var eg i vanvitig dårleg form. Eg sleit med å gå opp vanlege bakkar. Så byrja eg å gå i fjella i Masfjorden, og blei gradvis i betre form. I 2003 blei eg, litt tilfeldig, med ein kjenning på Kilimanjaro. Det var mest for å ha vore der, og rein bonus om eg kom til topps. Det gjekk betre enn venta, og eg fekk meirsmak. Å dra til Syden er ikkje noko for meg, sa han til BT då.

Lahti var til vanleg garasjeportmontør, og dreiv Brødrene Lahti i Åsane saman med syskena sine.

KLATRAR: Her er Arvid Lahti på toppen av Mount Everest. Lahti omkom på ein ekspedisjon på Mount Rainier i USA. Foto: Privat

Ifølgje lokalavisa News Tribune har sterk vind gjort det umogeleg for helikoptersøk i området. Eit søkelag på fire forsøkte onsdag morgon, lokal tid, å finne den omkomne mannen for å ta han med ned.

Hentet ned

Torsdag morgen melder NTB at Lahti nå er hentet ned fra fjellet.

«De første forsøkene på å hente den døde ned fra fjellet var blitt hindret av dårlig vær, men et nytt forsøk onsdag kveld var vellykket. Den døde vil nå bli undersøkt for å formelt fastslå identiteten og dødsårsaken, opplyser informasjonsrådgiver Patti Wold i enpressemelding

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Til topps på Mount Everest

  2. - På nordsiden gikk vi forbi 14 lik. Det snør ikke så mye der, så de blir liggende helt åpent.

BT anbefaler

– Eg trur vi er heldige om vi får halde fram til helga

Studentar fryktar dei ikkje får fullføre fadderveka.

LES SAKEN