Kampen mot IS handlar om å svekkje ekstremistgruppa gradvis. Dette blir hovudsakeleg gjort militært, økonomisk og ideologisk ved å overvinne propagandaapparatet til IS.

Grovt sett kan ein dele IS sine motstandarar inn i to:1. Koalisjonen leia av USA.

  1. Assad-regimet, Russland, Iran og Hezbollah.

Over 50 land

Koalisjonen leia av USA består av 19 land som støttar kampen mot IS militært. I tillegg består koalisjonen av over 40 land som gjev politisk og humanitær støtte. Noreg har til dømes bidrege humanitært, mellom anna ved å sende over 40.000 tepper til Irak.

Les også:

Den andre sida som kjempar mot IS er Assad-regimet, Russland, Iran og Hezbollah, men dette kan ikkje kallast for ein koalisjon, seier professor ved Norsk senter for menneskerettigheter ved Universitetet i Oslo, Nils Butenschøn.

— Det er snakk om Hezbollah-soldatar på bakken, Iranske militære rådgjevarar og enkelte elitestyrkar som har bidrege til at Assad-regimet har overlevd så langt. Med russisk flystøtte den siste tida har regjeringsstyrkane no hatt framgang militært mot IS, seier Butenschøn.

- Kan bli meir bakkestyrkar

Vesten og Russland har til no kjempa mot IS frå lufta. USA har utført over 100 luftangrep. Seinast sundag kveld denne veka bomba franske kampfly IS-mål i Raqqa i Syria.

VANSKELEG: Professor ved Norsk senter for menneskerettigheter, Nils Butenschøn, seier at djupe motsetnader mellom dei som kjempar mot IS, gjer kampen særs utfordrande.
Universitetet i Oslo

Frankrike sin statsminister, Manuel Valls, varsla samstundes nye angrep mot ekstremistgruppa. Også Storbritannia og Danmark vurderer å delta i luftkrigen.Men framover kan ein auke i bruken av bakkestyrkar bli aktuelt, meiner midtausten-ekspert Kjetil Selvik.

Les også:

— Det har blitt stadig fleire grupper som kjempar på bakken, til dømes kurdiske militsar i både Syria og Irak. Dette kan vi sjå meir av framover, seier Selvik.

Nils Butenschøn meiner det først og fremst vil vere snakk om lokale bakkestyrkar.

— Motstanden om å gå inn på bakkenivå er veldig stor. Eg har ikkje tru på at verken USA eller Frankrike vil gå inn med bakkestyrkar. Heller ikkje andre vestlege land, slik biletet ser ut i dag.

— Lite effekt av bombing

Knut Vikør, ekspert på islamsk historie, meiner derimot at ein truleg vil sjå fleire bombeangrep i tida framover, særskilt frå Frankrike. Han understrekar samstundes at dette har avgrensa effekt.

— USA har i periodar bomba tett, men dette har ikkje ført til store endringar. IS har flykta tilbake somme plassar, men samstundes har dei gått fram i andre område.

Også Butenschøn meiner luftkrig har lite føre seg.

— Luftaksjonar har avgrensa effekt. Difor er truleg koordinering med Assad-regimet og Iran/Hezbollah og deira bakkestyrkar uunngåeleg dersom ein ikkje vil inn massivt med eigne styrkar på bakken. Logikken i denne situasjonen tilseier at det er Russland si linje som vinn fram, at Assad blir ein del av ei våpenkvile-ordning, medan den USA-leia koalisjonen står tilbake i ein meir defensiv posisjon.

Ingen tru på IS-kollaps

Butenschøn seier at djupe motsetnader mellom dei som kjempar mot IS gjer kampen særs utfordrande.

— Det er eit kaotisk bilete fordi dei som er direkte innblanda har så djupe motsetnader. Tyrkia, Saudi-Arabia og Iran er alle på ein eller anna måte aktivt med i angrep mot IS, men har samstundes uforeinelege, strategiske mål med sine operasjonar. Dette gjeld også hovudaktørar som USA og Russland, meiner Butenschøn.

— Mange av dei som kjempar mot IS, kjempar også mot kvarandre. Mange meiner til dømes at kampen mot Assad er like viktig som kampen mot IS. Den islamske staten kunne blitt knust dersom alle hadde kjempa saman, men det er eigentleg utenkjeleg, seier Vikør.