Ordre om å skjerme asylbarn nådde aldri politiet

Regjeringa ville bremse politiets jakt på asylbarn som har vore lenge i landet. Beskjeden nådde aldri fram.

KASTA UT: To år gamle Haron, dei to søskena hans og den gravide mora Afran (til h.) frå Jemen er blant dei lengjeverande asylsøkjarane som i haust er sendt ut av Noreg med tvang.
  • Eystein Røssum
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over syv år gammel

Justisminister Anders Anundsen (Frp) var ikkje til å misforstå i Stortinget 10. oktober i år: Politiet har ikkje lenger i oppdrag å sende ut flest mogleg asylfamiliar som har vore lenge i landet utan lov.

Han var utfordra av Venstre-leiar Trine Skei Grande, som ville vite kva slags politikk regjeringa fører overfor slike asylfamiliar.

Bakgrunnen var påstandar om at desse nå blir sendt ut i stort tempo av politiet.

«...har myket opp fokuset»

Regjeringspartia avtalte alt i fjor haust med V og KrF at regelverket for denne gruppa — dei lengeverande asylbarna - skal mjukast opp. Men forskriftsendringa frå regjeringa har latt vente på seg.

«Har han gitt noen beskjeder i systemet som gjør at vi får en massiv utsending før det nye regelverket trer i kraft?» spurde Venstre-leiaren.

Anundsen forsikra frå Stortingets talarstol om at dette var ikkje tilfellet. Han sa at regjeringa tvert om «har myket opp fokuset», samanlikna med det raudgrøne styret. Anundsen viste til at «vi har gjort det om, på den måten at det ikke er de som har vært her lenge, som skal prioriteres, men barnefamilier generelt».

Les også

Venstre krev svar frå statsministeren

«...uakseptabel opptreden»

Det regjeringa hadde endra, var ei sentral formulering i eitt av dei viktigaste styringsdokumenta Justisdepartemtentet sender ut: Styringsbrevet til Politidirektoratet (POD). Her var dei raudgrønes ordre om å prioritere saker «som omfatter barn som har oppholdt seg lenge i Norge uten tillatelse» tatt ut. Formuleringa var erstatta med at «saker som omfatter barn skal prioriteres».

I klartekst: Politiet skulle ikkje lenger rette sin innsats spesielt mot lengeverande asylfamiliar.

Regjeringa hadde «ikke sendt noen signaler (.....) som skal bety at en skal prioritere lengeværende barn for at en skal sende dem raskere ut i forkant av et regelverk», sa ministeren i Stortinget. Han la til: «Det mener jeg også ville vært en uakseptabel opptreden i forhold til den avtalerelasjonen som regjeringen har med Venstre og Kristelig Folkeparti.«

Formuleringa ikkje endra

Problemet er at denne beskjeden aldri nådde ut til dei som kvar dag skal setje politikken ut i livet: Politiet landet over. Då POD sendte sine instruksar nedover i systemet, bl.a. til Politiets Utlendingsenhet (PU), var politikkendringa som Anundsen viste til i Stortinget forsvunne.

I «Disponeringsskriv for politi og lensmannsetaten» for 2014, sendt frå POD til alle landets politimeistrar på nyåret, heiter det fortsatt: «Saker som omfatter barn som har oppholdt seg lenge i Norge uten tillatelse skal prioriteres.«

Det er nøyaktig same formulering som den raudgrøne regjeringa innførte i 2013, og som Anundsen i Stortinget hevda var fjerna.

Les også: Frøy Gudbrandsen sin kommentar

Ingen instruks om endring av praksis

Det er Politiets Utlendingsenhet (PU) som har hovudansvar for å få ut utlendingar som ikkje skal vere i landet. Sjefen i PU, politimeister Kristin Kvigne, stadfestar at det er innhaldet i PODs disponeringsskriv som har lagt føringane for dei. Der er dei lengeverande familiane nemnt som ei prioritert gruppe for uttransport.

«Det stemmer at dette er våre overordnede prioriteringer», skriv Kvigne om dokumentet i ein sms til BT. Ho legg vekt på at dei ikkje har skjerpa praksisen overfor lengeverande familiar, men at heller ikkje det motsette har skjedd. «Vi har altså ikke fått instruks om endring av praksis», skriv Kvigne. Ho understrekar at PU berre er effektuerande myndigheit. «Det er Utlendingsnemnda som forvalter regelverket», skriv Kvigne.

Publisert
BT anbefaler

Jens hamret på alle dørene han fant. – Angsten sitter fremdeles i.

Brannen er meldt slukket. Totalt tolv personer har blitt evakuert.

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. Fant fremmed kvinne i stuen på Skansen

  2. – Vi har mistet det som gjorde 90-tallet så fantastisk

  3. Verdensmester skutt i hodet på nattklubb

  4. Turister får ikke med seg farevarsel

  5. Gigantsmell etter gravekrangel. «Useriøse påstander».

  6. – Jeg hadde nok sovet bedre om strømprisen var mer stabil