Øya som blei Europas bakgård

Først blei alle flyktningane ønska velkommen. Så snudde stemninga på den greske øya 180 grader.

Publisert Publisert

TO HUSSTRØK TETT I TETT: Ein gong var området ein parkeringsplass. Då flyktningstraumen kom til Khios og dei andre grenseøyene, opna Khios kommune flyktningleiren Souda. Den ligg pressa inn mellom ei middelalderborg og eit bustadstrøk. Eigedom i strøket har sidan gått ned i verdi. Foto: Øyvind Lefdal Eidsvik

iconDenne artikkelen er over to år gammel

Då kaféverten Kostas Tanainis bestemte seg for å hjelpe flyktningane som kom i tusental, tenkte han ikkje at det ville koste han dei fleste vennane.

- Du tenker at det ikkje er verdt det, seier Tanainis på suppekjøkkenet han bygde opp for flyktningane som kom til Khios.

Då alle ville hjelpe

Meir enn kanskje nokon annan plass i Europa fekk dei greske øyene merke bølga av flyktningar. Frå Tyrkia, nokre kilometer unna øyene, strøymde opptil 10.000 inn, kvar dag, hausten 2015.

PÅ FELTKJØKKENET: På kjøkkenet Kostas Tanainis byde opp, står framleis dei svære grytene samla. I dag har profesjonelle og kommersielle tenester tatt over mykje av matlaginga til migrantane. Tanainis var ein av mange som tok ansvar då Khios sto overfor at tusenvis kom, kvar dag. Foto: Øyvind Lefdal Eidsvik

Og i starten var stemninga god blant dei til samanlikning 53.000 lokale innbyggjarane på Khios. Migrantane blei transportert vidare til fastlandet relativt raskt, fordi øyene ikkje hadde kapasitet til anna enn berre å ta imot.

Flyktningane sov på gatene og i parken midt i Khios by. Mange frivillige meldte seg for å bistå, slik som Kostas Tanainis. Folk stilte opp med telt, tepper og arbeidstimar for til saman hundretusenvis av menneskje.

– Alle ønskte å hjelpe, seier Tanainis.

Følgjene som ikkje blei sett

Hjelpeviljen varte ganske lenge, ifølgje øyas viseordførar for migrasjon, Giorgos Karamanis. I fjor mars kom avtala mellom EU-landa og Tyrkia, ei avtale som strupte folkestraumen inn til øyene. På Khios trudde folk at det også betydde at migrantane ville fordufte, og at det vanlege livet kunne gjenoppstå.

Slik gjekk det ikkje. Seinsommaren 2016 var vendepunktet. Avtala med Tyrkia gjorde at dei nye som kom til øyene, blei verande lenger, stikk i strid med det lokalbefolkninga trudde ville skje.

Dei lokale styresmaktene trudde EU hadde tatt kontrollen. Og det hadde dei, på ein måte, men kontrollen innebar at tusenvis blei buande på dei greske øyene, i leirar som er rekna som ueigna for lengre opphald.

FØRT BAK LYSET: Avtalen mellom EU og Tyrkia fekk som konsekvens at migrantar blei stranda på dei greske øyene. På Khios kjenner folk seg førde bak lyset, ifølgje Giorgos Karamanis. Han er viseordførar for migrasjon på Khios. Foto: Øyvind Lefdal Eidsvik

- Folket her oppfatta ikkje kva konsekvensen blei før det var for seint. Mange kjente seg førde bak lyset, seier Giorgos Karamanis.

Så kom demonstrasjonar, skadeverk, påsette brannar og tjuveri. Kriminaliteten gjekk opp, og det fantes ikkje kompensasjon for dei som fekk hus og eigedelar øydelagt.

Også dei meir fredelege blant migrantane demonstrerte ved å blokkere hamna, i protest mot EUs avtale med Tyrkia og handsaminga av migrantar. Blokaden blei svært dårlig tatt imot av innbyggjarane på Khios, der handel via sjøvegen har vore den tradisjonelle inntektskjelda.

– EU var målet for demonstrasjonen. Men for innbyggjarane blei det sånn: Vi har gjort alt vi kunne for å vere hjelpsame. Kvifor vil dei skade oss, seier varaordføraren.

FLYKTNING OG FISK: Sjøen har vore den fremste næringsvegen på Khios. I dag ligg ein av dei to flyktningleirane på øya ved hamna i Khios by. Foto: Øyvind Lefdal Eidsvik

Offerøya

Ja, kvifor vil dei skade oss, lurer bakaren Kostas. Han driv bakeriet Maistralis på torget i Khios by.

Med dei meiner han både EU og migrantane.

– Europa har bestemt seg for å ofre denne øya, seier Kostas, som ikkje ønskjer å oppgi etternamnet sitt.

Blant skillingsbollar og kringler snakkar han seg varm om korleis stemninga snudde sommaren i fjor, og korleis han har opplevd at det er blitt meir uttrygt.

BAKAREN I GATA: Bestefaren hans kom sjølv som flyktning til Khios i 1922. I dag er bakaren Kostas – han ønskjer ikkje å oppgi etternamnet sitt – sikker på at dagens flyktningar betyr slutten for grekarane på Khios. – Vi er blitt ofra av Europa. For oss er det den lille mann mot systemet, seier han. Foto: Øyvind Lefdal Eidsvik

− Før kunne barna våre gå kor som helst klokka to om natta. Eg forlot bilen min ulåst.

Konsekvensen av at øya er blitt ofra, meiner han, er at grekarane kjem til å flytte frå øya i løpet av nokre år. Det vil ikkje vere mogleg å bu der lenger: Fleire migrantar vil komme, det vil bli mindre trygt, greske lønningar vil bli underbydd.

– Flyktningane vil til Europa. Men dei fann ikkje Europa, dei fann Khios. Det blir for mykje med 6000 migrantar her, seier bakaren.

– 6000? Det er rundt 2000, seier BTs journalist.

– Neinei. Du tar feil. Det er 6000.

Over 1800 er det korrekte talet, ifølgje UNHCR, FNs flyktningorganisasjon. Bakeren er ikkje aleine om å ta godt i. Ifølgje ein studie trur dei fleste grekarar at det er langt fleire migrantar i landet enn det faktisk er.

Massakrar og flukt

Paradoksalt nok er Khios på ingen måte ukjent med flukt og flyktningar. I 1822, under den greske frigjeringskrigen, massakrerte osmanske styrkar titusenvis på øya og jaga bort resten.

Hundre år etter, i den tyrisk-greske krigen etter første verdskrig, flykta grekarar frå den tyrkiske sida til Khios. Ein stor del av folket på Khios er deira etterkommarar.

Namnebrørne Kostas er begge barnebarn av flyktningar frå den tyrkiske sida.

- Det var annleis. Det var same nasjonalitet, og utdanna folk som slo seg ned i samfunnet, seier bakaren.

- Det er eit paradoks at så mange har gløymt kva det var å flykte frå hus og heim, seier kaféverten og den frivillige hjelparen.

I dag har Tanainis berre nokre av dei beste kameratane igjen - og også dei er ofte ueinige med han. Andre vennar har slutta å besøke baren og restauranten hans, eller slutta å ta kontakt.

Blokkerte for skule

Den dårlege stemninga påverkar alle. For eit par månadar sidan var UNHCR, FNs flyktningorganisasjon, på veg til flyktningleiren Vial med ein kontainer.

Den skulle bli brukt til skule for dei mange ungane i leiren.

– Lokalbefolkninga blokkerte vegen. Vi kom oss ikkje forbi. For dei var kontaineren einsbetydande med fleire folk, seier Barbara Colzi ved UNHCR på Khios.

Dei merka også skilnaden hos den lokale kommunen. Den opprinnelege planen om å bygge ein ny, adekvat leir blei skrapa av kommunestyret etter den folkelege motstanden. Det er vanskeleg å finne plass til å ha den. I Europas bakgård for flyktningar, vil få ha ein flyktningleir i sin bakgård.

Denne artikkelen er del av ein serie om Europas handtering av sine grenseområder.

Serien er støtta av stiftinga Fritt Ord.

Publisert