Millionbot for svikt i våpenopplæringa

Sersjanten hadde ikkje fått skikkeleg opplæring i våpenbruk, og heller ikkje i jobben han var sett til. Det kosta ein afghanar livet.

Publisert Publisert

KRIGSMASKIN: Den norske soldaten stod i takluka på ein bil av denne typen då maskingranatgeværet gjekk av og drap ein afghansk røyrleggjar i 2011. Foto: Håvard Bjelland

  • Eystein Røssum
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

Nå har Forsvarsdepartementet fått 10 millionar kroner i bot for den fatale skyteepisoden, som skjedde i ein politileir i Faryab-provinsen i 2011, melder NRK. Den døde var røyrleggjar, og var på arbeid i leiren.

Den norske soldaten var sett til å vere såkalla toppsikrar på eit pansra norsk militærkøyrety av typen Iveco då skotet fall. Toppsikraren står i ei luke i taket med ladd våpen, og skal slå attende mot eventuelle angrep.

Heilt ny våpentype

— Våpenet var eit maskingranatgevær. På dette tidspunktet var denne våpentypen heilt ny i det norske forsvaret, dei hadde berre to-tre stk. Etter vårt skjønn viser etterforskinga at det ikkje har vore gitt ei forsvarleg opplæring i å betjene dette våpenet, korkje før avreise frå Noreg eller i Afghanistan. Vedkommande var også uvand med jobben som toppsikrar, seier førstestatsadvokat Geir Fornebo ved Nordland statsadvokatembeter.

Les også

Norsk soldat etterforskes for drap på sivil afghaner

Ulykka hende då bilen med soldaten var på veg ut frå ein afghansk politileir i Almar-distriktet.— Han skulle klargjere, eller halvlade, våpenet i det dei skulle køyre ut frå leiren. Så vidt vi forstår er dette vanleg og akseptabel praksis der nede. Under denne klargjeringa gjekk det av eit skot som tok livet av ein afghanar og skadde ein annan, seier Fornebo.

Granska av Forsvaret

Saka vart først etterforska av norsk militærpoliti. Også ein intern granskingsrapport vart utarbeidd av Forsvaret i etterkant, før saka vart sendt til Krigsadvokaten.

— Avgjerda vår er i tråd med innstillinga vi har fått frå Krigsadvokaten, seier førstestatsadvokat Fornebo. Påtalemakta meiner det er Forsvaret som må ta skulda for det som hende, ikkje soldaten som kontrollerte våpenet då skotet gjekk av.

Saka mot soldaten er difor lagt vekk som "intet straffbart forhold".

Bota på 10 millionar kroner er like stor som bota Forsvarsdepartementet fekk etter ei dødsulykke i Rena leir i 2009. Den gongen omkom ein 19 år gammal vernepliktig soldat då ho vart rygga ned av ei panservogn.

Forsvarsdepartementet må innan ein månad ta stilling til om dei aksepterer bota.

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent
BT anbefaler

Hun sier gjentatte ganger: «Du må ikke se ned. Du må ikke se ned, Morten» ... Men jeg har allerede sett det.

Morten Furre (49) havnet i en alvorlig ulykke sensommeren 2018. Dette er historien fortalt av ham selv og de som reddet…

Sakene flest leser nå

  1. Smitte på fly og skip til Bergen

  2. Geir Lippestad blir frontfigur i nytt parti med vestlands­politikere: – Stortinget er målet

  3. Erna Solberg mente hun burde tørke av seg oljen. Her svarer klimaaktivisten fra Sotra.

  4. «Det nye partiet Sentrum var kanskje det siste denne valkampen hadde bruk for»

  5. Hannah hadde aldri blitt fastlege på Askøy utan denne avtalen. – Den har alt å seie.

  6. Etter 19 år med dårlige vaner, har Ole Klemetsen fått nok. Nå starter han på et nytt prosjekt.