Slaktebåten får sigle, men staten har hindra at det kjem nye
Regjeringas proteksjonistiske linje har sigra, sjølv om Norwegian Gannet truleg får sigle vidare.
- Hans K. Mjelva

Bergen tingrett var ikkje nådig då dommen i saka om den banebrytande slaktebåten Norwegian Gannet kom måndag. Statens politikk mot selskapet Hav Line blir karakterisert som «grovt urimeleg».
Staten har no neppe noko anna val enn å la båten drive vidare, ved å forlenge dispensasjonen som går ut 1. juli. Blir dommen ståande, er det samstundes kroken på døra for alle andre som vil drive på same måte.
Heile saka handlar om at staten vil hindre Hav Line i å frakte laks direkte til Danmark. Dei meiner båten må frakte fisken i land i Noreg, og sortere fisken der. Det riv grunnen under forretningsmodellen til Hav Line.
Stridens kjerne er ei forskriftsendring regjeringa fekk gjennomført i april 2019. Forskrifta sa at laks av dårleg kvalitet, såkalla produksjonsfisk, måtte sorterast, utan å presisere kvar. Regjeringa la inn eit krav om at sorteringa måtte skje i Noreg.
Dåverande fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp) fekk gjennomført endringa, fordi departementet ikkje klarte å hindre Norwegian Gannet med den eksisterande forskrifta.
Tingretten slår fast at det er «grovt urimelig» å endre spelereglane undervegs på denne måten. Hav Line hadde investert nær 800 millionar kroner i god tru, fordi prosjektet heilt fram til hausten 2018 vart klappa fram av regjering og Stortinget.
Slaktebåtrederi vant frem mot staten: – Båten fortsetter å gå
Det er difor Hav Line vann fram, og difor ingen andre vil kunne gjere det same. Staten er i røynda dømt for å prøve å gje ei ny forskrift tilbakeverkande kraft.
For alle andre gjeld likevel denne forskrifta. Blir dommen ståande, kan det difor innebere at Norwegian Gannet no får monopol på denne produksjonsmodellen. Modellen består i å suge laks frå merdane, slakte han om bord og frakte han i iskaldt vatn til Danmark.
Alt tyder på at det er langt meir effektiv enn alternativet, som er å frakte fisken med brønnbåtar til norske lakseslakteri, og derfrå til utlandet med trailer. Det kan bli god butikk for Hav Line, med mindre regjeringa finn på nye krumspring for å stoppe båten.
Kommentar: Ei sak regjeringa helst vil halde kjeft om
Denne saka handlar om mykje meir enn ein båt. Den handlar om å bringe heilt ny, meir effektiv, klimavenleg og dyrevenleg teknologi inn i laksenæringa. Ifølgje selskapet gjev den òg høgare kvalitet på fisken.
Regjeringa og Stortinget støtta lenge prosjektet. Hav Line fekk òg 29 millionar i offentleg støtte. Ein viktig grunn var ønsket om å sikre den vidare veksten i oppdrettsnæringa, ved å flytte meir av frakta frå trailerar til sjø.
Men godviljen tok ein brå slutt då Nesvik tok over som fiskeriminister hausten 2018. Nesvik kom frå jobben som kommunikasjonssjef i eit av landets største brønnbåtselskap, ein jobb han no skal tilbake til.
Brønnbåtselskapa og slakteria er næringane som hadde mest å tape på konkurransen frå Norwegian Gannet. Viss Hav Line hadde fått suksess, kunne det blitt kopiert av resten av næringa.
Det kunne gitt milliardtap for både brønnbåtselskap og lakseslakteri. Når regjeringa held fram Nesviks linje sjølv etter Frp gjekk ut av regjeringa i januar, skuldast det at det her står om norske bedrifter og norske arbeidsplassar. Og distrikts-arbeidsplassar er som kjend hard, politisk valuta.
Med dommen i Bergen tingrett har staten gått på eit solid nederlag. Det er ikkje så lett å sjå at regjeringa no kan klare å stoppe Norwegian Gannet.
Kanskje vil regjeringa akseptere nederlaget som eit kompromiss, i kjent Erna Solberg-ånd. Det er mange i regjeringspartia Høgre og Venstre som meiner det er håplaust å hindre framsteg gjennom proteksjonisme. Dei heiar på Norwegian Gannet.
Dei meir proteksjonistiske har uansett vunne den viktigaste sigeren: Dei har klart å hindre at modellen til Norwegian Gannet spreier seg. Sjølv om båten har kapasitet til å ta ti prosent av all norsk laks, er det for lite til å truge norske slakteri og brønnbåtar.
Dermed skal du sjå at Norwegian Gannet blir eit einsamt siglande monument over korleis framsteget kunne ha sett ut, viss landet hadde hatt ei borgarleg regjering som tok sine eigne prinsipp på alvor.