Klimaforskar: – Vekstsesongen utvida med tre veker

Klimaforskaren blei overraska då ho såg kor mykje vekstsesongen allereie har utvida seg. Hos jærbonde Kåre Wiig er vinteren nesten borte.

Kåre Wiig planta ut sommarkålen 15. mars. Kålen er truleg leveringsklar 10. mai.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert Publisert

– I Rogaland har vekstsesongen utvida seg med litt meir enn tre veker, seier klimaforskar Inger Hanssen-Bauer.

Vekstsesongen er definert som dagar med fem varmegradar eller meir.

Saman med kollegaar på Meteorologisk institutt har Hanssen-Bauer sett på korleis eit mildare klima kan gjera det mogleg å dyrka mat større delar av året.

I Rogaland fordeler utvidinga seg på to veker om våren og éi veke om hausten.

– Eg blei overraska over at det allereie er ei så stor utviding, seier Hanssen-Bauer.

I dei nordiske landa varte i snitt vekstsesongen 23 dagar lenger i perioden 1991–2020 enn i perioden 1961–1990.

I Oslo er vekstsesongen blitt 12 dagar lengre i løpet av dei siste 30 åra, i Bergen 18 dagar, mens sesongen i Tromsø er forlenga med 10 dagar.

Les også

FN-topp om ny klimarapport: – Fortsatt «kode rød»

Veteran merkar endringar

Jærbonde Kåre Wiig har dyrka grønsaker utandørs sidan 1970, mest kål og kålrabi. Plantene blir sett ut ein gong i månadsskiftet februar-mars. Tidspunktet varierer frå år til år, og han kan ikkje seia at han har merka ei generell utviding av vårsesongen.

– Men om hausten er sesongen blitt lengre. Eg begynte å merka det for cirka fem år sidan. Det er nesten ikkje nokon vinter lenger, seier veteranen.

For at plantene skal veksa, trengst også sollys. Sidan det er mindre av dette om hausten, bruker Wiig åkeren som lagringsplass.

– Grønsakene held seg betre i jorda enn dei gjer på eit lager. Men det er ein fordel om hausten er tørr, for det er vanskeleg å koma ut på jorda for å hausta dersom det kjem for mykje regn.

Ventar vidare utviding

Forskarane reknar med at sesongen vil halda fram med å utvida seg. Med moderate utslepp av klimagassar, trur dei vekstsesongen kan bli forlenga med ein til to månadar mot slutten av hundreåret. Dei største utvidingane vil ein sjå langs kysten.

– Då blir det ti månadar med vekstsesong, seier Hanssen-Bauer.

Norge er delt inn i ulike klimasoner der nokon er betre eigna for jordbruk enn andre. Meteorologane har rekna på om klimaendringar kan føra til at større deler av landet kjem inn i gunstigare klimasoner.

– Med eit middels utsleppsscenario vil områda som har ein vekstsesong på seks månadar eller meir, bli meir enn dobla i størrelse. Så det vil definitivt vera større areal som kan bli brukt til å dyrka meir varmekjære vekstar.

Men utfordringar kjem også

Vil klimaendringane då legga til rette for auka norsk matproduksjon? Vel, det er fleire faktorar enn temperaturauken som må inn i reknestykket.

Ein av dei viktigaste er sollyset som plantene treng for å veksa. Om vinteren skulle bli aldri så mild, så vil ikkje timane med sollys bli fleire.

Sjølv om våren samla sett blir mildare, er det slett ikkje sikkert at faren for nattefrost forsvinn. Og bøndene må, som alle oss andre, leva med auka risiko for ekstremvêr som kraftig nedbør og tørke.

Meteorologane kan koma med prognosar for klima, men dei er ikkje spesialistar når det kjem til kva slags plantar som kan trivast i eit mildare klima. Og kva med skadedyr? Hanssen-Bauer veit at mange forskarar med andre fagfelt no jobbar med desse spørsmåla.

– Aktørane i landbruket bør jobba saman med planteforskarar slik at me kan ta vare på moglegheitene som klimautviklinga gjev, seier ho.

Publisert
  1. Landbruk
  2. Jordbruk
  3. Klimaendringer
BT anbefaler

Varsler gondol­bråk: – Jeg har ikke tenkt å bo under en slik bane

Hvit skjorte og stram slipsknute under fleecejakke. Og knallgule arbeidsshorts med refleksstriper.

Mest lest akkurat nå

  1. Her strømmer de på for å gjøre gratiskupp: – Vi hadde ikke forventet så mange folk

  2. Landmark stengt etter vannlekkasje

  3. Skolestart og streik på trappene: – Regner med opptrapping denne uken

  4. Freya avlivet: – Uendelig trist

  5. Hun ville bo alene, men må dele rom. – Foreldrene mine kan heldigvis låne meg penger ved behov

  6. Dyreste strøm på sommertid på Vestlandet