• LANG VENTETID: Skipet skulle reise frå Noreg i februar. Sidan har det vore i arrest ved hamna i Gismarvik i Rogaland. FOTO: Fred Ivar Utsi KLEMETSEN

Skipet er blitt halde tilbake sidan februar. Mistanken er at det skulle bli ulovleg hogd opp på ei strand i Pakistan.

Kapteinen har fått reise frå «Tide Carrier». Igjen sit mannskapet på ni. Sidan februar har dei vore innesperra i ei hamn på Vestlandet.