Stavanger-ordføraren seier nei til havvind på auksjon

– Dei dårlege erfaringane frå vindkraft på land, der norske selskap og lokale arbeidsfolk er spelte ut på sidelinja, må me unngå til havs, er bodskapen frå Kari Nessa Nordtun .

Stavanger-ordførar Kari Nessa Nordtun (Ap) vil at staten skal spela ei sterkare rolle i utviklinga av norsk havvind.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

I fjor opna regjeringa områda Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II for havvind. Interessa for å bygga ut i områda er stor, men det er framleis ikkje bestemt kva som skal avgjera kven som får tilgangen. Regjeringa har laga eit forslag til retningslinjer som no er ute på høyring.

Les også

Vårgrønn får med seg internasjonale muskler i havvind-kampen

– Det viktigaste med havvind, utanom å auka energitilfanget, er å sikra lokal og nasjonal verdiskaping, og at norske selskap og norsk arbeidskraft blir brukt i og rundt næringa i størst mogleg grad, seier Stavanger-ordførar Kari Nessa Nordtun (Ap).

Stavanger kommune skal koma med innspel til rettleiaren, og sidan høyringsfristen er allereie 20. august, behandlar ordføraren saka med sommarfullmakta si. Men ho ønsker også innspel frå andre parti.

– Dei dårlege erfaringane frå vindkraft på land, der norske selskap og lokale arbeidsfolk er spelte ut på sidelinja, må me unngå til havs, seier ho.

Partiet hennar er ikkje aleine om å ønska norsk verdiskaping. Regjeringa vil at det skal bli lagt til rette for positive lokale og regionale ringverknadar når ein planlegg havvind-utbyggingar. «Det bør tidlig i planleggingen gjøres nødvendige analyser av blant annet lokal kompetanse, kapasitet, arbeidskraftbehov og kompetansehevende tiltak», skriv dei i rettleiaren.

Les også

Her testar Shell og co. framtidas havvindteknologi

Hovudregel: Auksjon

Som hovudregel vil regjeringa at områda skal bli tildelte gjennom ein auksjon. I stortingsmeldinga «Energi til arbeid» skildrar regjeringa auksjon som ein «objektiv og markedsbasert tildelingsmodell. Prisene i en auksjon reflekterer selskapenes vurdering av forventet lønnsomhet i prosjektene og er en indikator på hvilket prosjekt som er best og dermed bør få tildelt areal». For å delta i ein slik auksjon, må selskapa vera førehandskvalifiserte.

Korleis auksjonen i detalj vil gå føre seg, er foreløpig uvisst. Departementet vil laga ein auksjonsmodell og senda også denne ut på høyring.

Stavanger-ordføraren er allereie no skeptisk, sjølv om auksjonsform ikkje er valt.

– Eg er redd auksjonar kan føra til at utanlandske konsortium sminkar søknadane sine. Om tildelingane primært er drivne av pris, risikerer me at auksjonsvinnarane blir aktørar som kan by høgare fordi dei ikkje har til hensikt å skapa nasjonal og lokal vekst, seier ho.

Heller ikkje regjeringa er blind for at auksjon som tildelingsmetode kan ha ulemper. «Det er ikke gitt at de beste teknologiprosjektene vil vinne fram i en auksjon», skriv regjeringa i energimeldinga. Dei vil derfor i særlege tilfelle i staden legga opp til ein «kvalitativ konkurranse». Utsira Nord, der ein må ta i bruk flytande turbinar, er eit slikt eksempel.

Vinnarane av auksjonane eller konkurransane får ikkje automatisk bygga ut. Den vidare prosessen inneber blant anna ein konsesjonssøknad og detaljplan som må bli godkjende.

Dei flytande turbinane TetraSpar (Shell, Stiesdal mfl.) og Unitech Zephyros blir testa hos Metcentre utanfor Karmøy.

Bransje ber regjeringa venta

– Ein rein auksjon kjem for tidleg, seier Daniel Willoch i NORWEA, den norske bransjeorganisasjonen for vindkraft.

– Auksjon er ikkje eit problem i ein moden marknad. Men sjølv om teknologien for botnfast vindkraft er moden, så er ikkje den norske marknaden det, utdjupar han.

Aller helst skulle NORWEA sett at tildelinga av konsesjonar i Sørlige Nordsjø II blei gjort på same måte som i Utsira Nord.

– Målet for utbygginga i Norge er å bygga opp industri. Då bør eitt av kriteria vera samfunnsnytte, og det er ikkje det same som kor mykje ein betaler for lisensen. Med ein pengeauksjon mistar departementet kontroll med det som gjeld involvering av underleverandørar og teknologi-innovasjon.

Dersom regjeringa går for ein rein pengeauksjon fryktar Willoch at det vil bli få søkarar.

– Eller så kan ein stor aktør velja å ta sjansen sjølv om mykje er usikkert, og by veldig høgt og slik skvisa ut mangfaldet. Det vil få konsekvensar i neste runde om me ikkje har mange aktørar.

NORWEA har merkt seg at departementet opnar for å avgjera konkurransar med ein kombinasjon av auksjon og kvalitative kriterium.

– Den moglegheita håper me i det minste at departementet bruker i den fyrste utlysingsrunden.

Les også

La frem energimeldingen: – Vi trenger mer energi

Les også

Tina Bru varsler grønt skatteskifte

Sokkeldirektorat

– Arbeidarpartiet har tru på marknadskreftene, men meiner i større grad enn regjeringa at marknaden og staten i samspel må sikra norske interesser i utnyttinga av naturressursane, seier Nessa Nordtun.

Derfor vil partiet hennar også sjå på moglegheita for å innføra eit «Petoro for havvind». Petoro er eit statleg selskap som har ansvar for dei delane av norsk olje- og gassverksemd som er eigde av staten.

– Og ikkje minst, så ønsker eg eit eige sokkeldirektorat som sikrar at moglegheitene i havvind blir følgd godt nok opp av norske styresmakter. Tanken min er at me skal samla alle oppgåver som er knytte til energiproduksjon til havs i eitt og same direktorat, slik at me får samordna ressursar og kompetanse. Eit slikt direktorat et har si sjølvsagde adresse i Stavanger, seier ordføraren i byen.

Publisert: