Bedrifter vil til Ålvik

Fleire bedrifter er interesserte i å ta over fabrikkområdet til Elkem Bjølvefossen i Ålvik. Det kan bety nye arbeidsplassar til den kriseråka bygda.

  • Øyulf Hjertenes
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over 14 år gammel

Denne veka blei politikarane i Kvam kommune orienterte om at fleire interessentar allereie har vore på besøk hos Elkem Bjølvefossen.

— Dette er seriøse aktørar, seier Fredrik Behrens, administrerande direktør i Elkem Bjølvefossen.

— Men kven dei er og kva dei driv med, kan vi ikkje gå ut med. Vi skal ikkje gjere det meir mystisk enn det er, men dette er folk med forretningsmessige planar, seier Behrens.

Trur på nysatsing

Varaordførar i Kvam, Lars Djupevåg, seier kommunen vil gjere alt dei kan for å legge til rette for nye bedrifter. Han synest interessa utanfrå er svært interessant.

— Elkem har lova interessentane at dei ikkje skal gå ut med namn. Det løftet har dei også halde. Derfor veit vi enno ikkje kven det er snakk om, seier Djupevåg.

— Men det er veldig kjekt å sjå at der er nokon som er interesserte i å satse på noko nytt.

Kvam kommune har etablert eit selskap som skal arbeide for nye arbeidsplassar til bygda. Sjølv trur Djupevåg det er råd å få til ny verksemd i Ålvik.

Arbeidsplassar i miljø

— Dette er tungt og hardt arbeid, men eg er optimist. Vi har ein stab i Ålvik i dag som vil strekkje seg langt for nytt arbeid i nærmiljøet, seier Lars Djupevåg.

Sjølv om Elkem skal flytte aluminiumsproduksjonen til Island, forlet dei ikkje bygda heilt. Selskapet skal investere 30 millionar kroner i eit anlegg som skal vinne att avfall frå aluminiumsindustrien, noko som aleine vil gje arbeid til 60 personar.

Nye miljøreglar frå EU gjev grunnlag for aktiviteten.

— Vi ser forretningsmoglegheiter her, og om vi lukkast vil satsinga bli følgt opp med ytterlegare investeringar, seier Fredrik Behrens.

Oppstarten blir like over sommaren 2007.

200 jobbar

Hovudtillitsvald ved Bjølvefossen, Frode Jacobsen, håpar Ålvik vil ha 200 nye industriarbeidsplassar innan 2011. Sjølv er han ikkje kjend med interessa frå nye bedrifter.

— Dette viser at vi er godt i gang med ein prosess. Vi håpar alle at det kjem interessentar som vil lage nye arbeidsplassar, fortel Jacobsen.

Fredrik Behrens meiner det er viktig at ny aktivitet er moderne og til å leve av.

— Miljø er viktig og eit område i vekst. For vår del tek vi med oss det beste av det vi kan inn i eit nytt forretningsområde, seier direktøren.

Publisert
BT anbefaler

Plutselig ble Bergen hvit. Sjekk bildene!

Det er sendt ut farevarsel for snøfall og forventet store mengder nedbør natt til tirsdag.

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. Mange syke bussjåfører: Har så langt innstilt 43 avganger

  2. Meteorologen: – Det kan komme påfyll av snø

  3. – Det er ein vemodig jobb å rydde etter eit liv

  4. I eitt år har Per prøvd å vera den greiaste mannen i kommentarfelta

  5. Hun hører sykepleiere si at de prøver å «holde ut litt til». – Vi er utslitte.

  6. Dette gir Jeanette Gresberg (39) mindre angst. Nye funn om hvilken type trening som demper angst mest, overrasker.