Byråd seier ja til nytt hotell på Bontelabo

Hotell, forretning, industri, kontor, tenesteyting. Alt dette kan verta realitet i eit gammalt fryselager i Bergen.

FRÅ BERGENHUS FESTNING: Dette hotellet meiner byrådet passar godt inn i ei fornying av det gamle fryselageret på Bontelabo i Bergen. 3RW Arkitekter AS/Studio Gohde

– Det vil gå frå fisk og fryselager til hotell, industri og handel. Prosjektet vil binda Bontelabo nærmare sentrum og vil sjølvsagt vera bra for turismen, men òg bergensarane, seier byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti (Ap).

Med fagetatens velsigning går byrådet no inn for å omregulera eit av byens mest lukrative område: Bontelabo, «strandlinjen nord for Bergenhus mellom Skoltegrunnskaien og Skuteviken».

– Eit bra prosjekt

Prosjektet har vore på blokka i lang tid. Heilt sentralt i vurderinga har området rundt, det automatisk freda kulturminnet «Middelalderbyen Bergen», vore vesentleg å vareta.

Omreguleringar skal ikkje forringa Bergenhus festning og Sverresborg på noko vis. Det i seg sjølv er ein føresetnad for å støtta eit slikt planforslag, understrekar Tryti.

– Alt som vert gjort her, er underordna festningen som skal ruva over innsiglinga til Bergen. Dette er rett og slett eit bra prosjekt som varetek båe delar, samstundes som bruken og uteområda vil verta betre, seier ho.

Byrådet anbefaler planforslaget som er kome inn, slik det no ligg.

– Mange har visjonar og tankar om området, utan at det er starta noko planarbeid. Me konstaterer at dette planforslaget er fleksibelt og innstiller positivt, seier byutviklingsbyråd Tryti.

KOENGEN: Fryselageret på Bontelabo, her som hotell, sett frå Koengen. 3RW Arkitekter AS/Studio Gohde

Vil unngå «Fisketorget-kjensle»

Det er GC Rieber Eiendom AS som står bak prosjektet. Dei er utolmodige etter å koma i gang, og kryssar fingrane for at alt går i hamn.

Fryselageret på Bontelabo står i dag som ein slags mur mellom bilveg og sjøfront. Viss forslaget går gjennom, er det ein lukka del av Bergen sentrum som etter kvart kan verta opna for alle.

STØRRE SENTRUM: – Det er eit prosjekt som opnar opp området for ålmenta og knytter Bontelabo til sentrum. Og med hotell er det sikkert fleire passasjerar som kan starta og avslutta cruiset sitt her, seier Tryti. Leif Gullstein (arkiv)

GC Rieber Eiendom vil først og fremst å byggja hotell. Samstundes ser dei føre seg å ha alt frå kafear og mat til kultur og forretning, såkalla «aktive fasadar», gjerne inn mot reiselivet, men òg mot lokale innbyggjarar.

– Me ønskjer å skapa eit miljø som gjer at Bontelabo vert meir tilrettelagt for publikum. Kontorfunksjonane som er der i dag, ønskjer me òg skal vera der i framtida, seier adm.dir. Tor Instanes.

– Både Bryggen og Fisketorget verkar å vera meir tilrettelagt for turistar enn bergensarar. Korleis unngå dette ved Bontelabo?

– For at prosjektet skal verta vellukka, er det heilt avgjerande at bergensarane vil bruka området. Det skal vera spennande aktivitetar både i desember og i mai. Syklar du forbi, skal det vera ein stad å stoppa, og ikkje sykla forbi. Me vil gjera Bontelabo til ein spennande plass.

UTSIKT: Ny versus gammal utsikt, sett frå Roghaugen i Sandviken. 3RW Arkitekter AS/Studio Gohde

– Positiv og inviterande fasade

Då planforslaget låg ute til offentleg ettersyn frå juni til oktober 2015, kom det inn to private merknadar og 13 utsegner frå ulike høyringsinstansar.

Mellom anna var det påpeika krav om ein heilheitleg plan for Skolten Havn og Bontelabo, samt planting og opne, aktive fasadar på gateplan, og ikkje minst at fryselageret på Bontelabo har ein arkitektonisk verdi.

Teikningane frå 3RW Arkitekter syner eit hotell som kan seiast å vera identisk med dagens bygg, i alle fall i form og farge. Fasaden har derimot fått eit anna grafisk uttrykk.

Det passar fint inn i tankesettet til GC Rieber Eiendom.

– Me syns det er spennande å ta utgangspunkt i forma som ho er. Det har òg fagetaten vore samde med oss i. Det er mykje sjel i gamle bygningar som representerer ei historie, men som det kan verta lagt inn nye funksjonar i. Å bruka gamle bygg på ein ny måte skapar ein spennande by, seier Instanes.

Skjønt, området må verta gjort meir attraktivt ut mot både sjø og gateplan.

– Gåande skal få oppleva fasaden som positiv og inviterande når dei går forbi, seier Instanes.

VELKJENT: Fryselageret på Bontelabo er eit velkjend bygg der det ligg heilt i ytterkanten av Bryggen, og mellom Skolten og Skuteviken. 3RW Arkitekter AS/Studio Gohde

Parkering på taket

Byrådet meiner at «fryselagerets eksisterende kubiske form og hensynet til festningen og kulturminner er godt ivaretatt». Dei går òg inn for at det på taket av hotellet, som i dag, vert parkering.

Men, den delen av taket som ikkje vert brukt til parkering, skal vera utandørsareal for dei som nyttar bygningsmassen, heiter det i innstillinga.

– Me er sjølvsagt svært nøgde viss byrådet vil gå inn for reguleringsplanen me har jobba med i mange år. Prosessen med fagetaten har vore lang og god, og me har mange spennande planar for Bontelabo og utviklinga der, seier adm.dir. Tor Instanes i GC Rieber Eiendom AS, og fortel at mange dei har snakka med er interesserte i å driva hotell.

– Bontelabo er veldig sentralt og ligg fantastisk til. Mange synest området er spennande, men me har ikkje skrive under nokon avtale enno.

Byråden si innstilling til byrådet skal handsamast neste veke, og vert truleg endeleg avgjort i bystyret i februar.