Tine med utbetalingsrekord. Denne garden får 450.000 kroner
1,4 milliardar blir no fordelt ut til 8.711 Tine-bønder. Det kjem godt med når ut bøndene slit med høge utgifter.
Tine fekk i fjor eit overskot på 1,7 milliardar kroner. Samvirket er eigd av 8.711 mjølkebønder. 1,4 milliardar av overskotet går no tilbake til bøndene.
– For meg betyr det 450.000 kroner, seier Torgeir Kinn som driv mjølkeproduksjon på Jåttå i Stavanger.
Han visste at det låg an til høg etterbetaling, men summen var endå høgare enn han hadde håpt på.
– No som alle utgifter stig, kjem det godt med, seier han.
Utgiftsauken gjeld både straumen, kraftfôret og kunstgjødsel.
Bøndene slit med uvanleg høge utgifter. Men maten vår blir ikkje brått dyrare av den grunn
200.000 i snitt
Etterbetalinga utgjer 98 øre per liter mjølk som er blitt levert. I snitt gjev dette i overkant av 200.000 kroner per bonde nasjonalt. I Rogaland ligg snittet på 229.000 kroner. Dette er ifølgje Tine den høgaste etterbetalinga nokosinne.
Det er Tine-styret, som er valt av Tine-bøndene, som har bestemt at etterbetalinga skal bli så høg som ho blir.
Styreleiar Marit Haugen kallar dette for nødvendige kroner til rett tid.
Frå nyttår gjekk basisprisen som bøndene får betalt for mjølka si i 2022, ned med 7 øre per liter, trass i utgiftsauken bøndene må takla. Dette forklarer Tine med at Tine Råvare, som tar imot mjølka, reknar med at det er dette er prisen som til å for at selskapet skal gå i null, noko Tine Råvare er forplikta til.
Ny ekstraordinær prisauke på kjøt: – Enklare å få det til å gå i hop
Staten utbetaler 11,5 milliarder kroner til norske bønder
Litt lågare omsetting enn 2020
Sjølv om etterbetalinga er rekordhøg, er driftsresultatet på 1.725 millionar kroner 50 millionar kroner lågare enn 2020.
Salsinntektene var på 24 milliardar kroner i 2021, ein reduksjon på 0,1 prosent samanlikna 2020. Under pandemien merkte Tine at fleire ville ha meir norsk meieriprodukt i kjøleskapa sine.
Mjølkeprodusentane leverte 1,6 prosent meir mjølk i fjor enn dei gjorde i 2020.
Resultatet før skatt blei 1,682 milliardar kroner i 2021, ned frå 1,935 milliardar kroner i 2020.
Konsernsjef Gunnar Hovland meiner fjorårets resultat er solid. Men han viser til at kostnadane auka mot slutten av året.
– No må me bretta opp erma og halda fram inn i meir krevjande tider, seier han i ein e-post til Aftenbladet.
Tine oppnådde ein driftsmargin på 7 prosent i 2021, ned frå 8,1 prosent i 2020.