- Konkurransevridande

Ti kilometer lenger sør på Sotra har Sotra Fiskeindustri vald å følgje vikarbyrådirektivet. Det betyr at dei 40, hovudsakleg litauiske, vikarane no får norsk løn.

Publisert: Publisert:

— Vi får no ein lønskostnad på 230–240 kroner som vi betaler til vikarbyrået, seier dagleg leiar Kjell Inge Eide i Sotra Fiskeindustri.

Blir Sekkingstads grep ståande vil det vere sterkt konkurransevridande for konkurrenten, som har 35–40 prosent av den norske marknaden for røykt laks.

— Javisst, han kan utføre pakking av laks billigare enn oss. Men eg kjem ikkje til å gå inn på dette uansett, seier han.

— Kvifor ikkje?

— Eg har landsdekkjande kontraktar med Coop, Rema og Bama, der vi forpliktar oss til å følgje norske lover og reglar. Hadde Rema høyrt at vi betalte arbeidarane 100 kroner timen måtte vi ha stilt på teppet hos dei på dagen, seier han.

Fryktar omdømmet

Heller ikkje verdas største lakseoppdrettselskap, Marine Harvest, vil kopiere Sekkingstad.

— Det er ingen eg har snakka med som trur at dette er framtida, seier kommunikasjonssjef Anne Øen.

Øens stadfestar at bruken av vikarar og konsekvensen av vikardirektivet ofte har vore diskutert i Marine Harvest. Men selskapet, som har 700 tilsette i sine fire slakteri- og fileteringsanlegg i Noreg, konkluderer stikk motsett av Sekkingstad.

— Våre avtalar er slik at det er same løn for same arbeid. Vi har brukt innleigde vikarar fordi vi ikkje har klart å rekruttere nok lokalt, slik vi helst vil, seier Øen.

Kan følgje etter

Både Ole Johan Eilertsen i Slakteriet as i Florø/Brekke og lakseoppdrettar Ola Branaas i Gulen meiner tiltaket frå Sekkingstad er konkurransevridande.

Ingen har planar om å kopiere Sotra-bedrifta, men Branaas seier at dersom fleire gjer som Sekkingstad kan vurderinga endre seg.

— Då må også vi byrje å sjå på kreative løysingar, seier Branaas.

Publisert: