Brisling-Klondyke

  • Sjansen for at brislingfisket blir bra er som å vinne i lotto, seier fiskar Jan Henrik Nøstbakken.
  • Øyulf Hjertenes
  • Kjartan Hjermann Døhlie
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over 13 år gammel

Fiskaren frå Bømlo har ikkje opplevd liknande dei 30 åra han har vore med på brislingfisket. I heile fjor vart det teke 40 tonn brisling i Hardanger. I år har Nøstbakken tatt like mykje på eit kast.

Årets brislingsesong i Hardanger har vore eit eventyr dei knappe to vekene det har vart. No er 800-900 tonn i lås. For innkjøpssjef Erling Kvale i King Oscar er det vel så gledeleg at kvaliteten er på topp.

Topp kvalitet

— Det er lenge sidan vi har hatt så høg feittprosent. Det går 80 fisk på kiloet. Det er veldig bra, seier Kvale.

Om natta stemnar nótbåtane ut på fjorden for å lyse opp brislingen. På det rette tidspunktet vert nota kasta og Hardangerfjordens sølv vert håva inn.

**Les også:

Les også

Beste brislingfiske på årevis

<u>Beste brislingfiske på årevis</u>**

Før fisken er klar til å foredlast må den stå i steng i minst tre døgn. Fisken i Framnes ved Norheimsund har stått i ei lita veke og fiskar Nøstbakken følgjer spent med medan innkjøpssjefen frå King Oscar sjekkar om fisken er åtrein.

— Vi har dei dyraste, men også dei beste sardinane. Det veit kjennarane, seier Kvale etter at han har godkjent brislingen.

Fisken blir håva over i brønnbåten og sendt til Bergen der den blir fryst. Deretter går turen vidare til Polen for røyking og tørking. Den blir lagt på boks med tomat eller olivenolje.

Eit mysterium

Det gode fisket har kome som ei stor overrasking både på Kvale og fiskarane i Hardanger.

— Eg har vore med sidan femte klasse. Det har aldri vore så jamt godt så lenge, seier reiar og kaptein Jonny Magne Sjo frå Halsnøy. Han presiserer at det har vore store mengder fisk tidlegare. Men det er lenge sidan. Då var det også fleire båtar og fisket varte berre nokre dagar. Han har akkurat kome i gong og har teke nærare 90 tonn. Nøstbakken har teke 170 tonn.

Kvifor fisket i mange år har svikta, og no er tilbake er eit mysterium. Forskarane veit lite. Det er mange meiningar, men fiskarane og oppkjøparen er ikkje med på at fisket i fjordane er årsaka.

— Før var det jamt bra med fisk. Då kom brislingen inn frå havet. Det gjer den ikkje lenger. Kvifor veit eg ikkje. Fisken her er ein lokal stamme som reproduserer seg sjølv, seier Sjo.

Nøstbakken er meir sikker i årsaka.

— Det har blitt overfiska i Nordsjøen. Årets gode fiske er eit resultat av ein god årsklasse med yngel frå i fjor.

Går godt for kongen

King Oscar har lange tradisjonar. Namnet fekk dei frå den norsk-svenske kongen i 1902. I april vart den siste fabrikken lagt ned i Norge. Ein tredjedel av fisken går til USA og den låge dollarkursen skapte problem. Sardinane produserast no i Polen og ting ser lysare ut.

— Vi kan drive meir effektivt og fisken er feitare og sunnare. Vi har ei positiv utvikling på den amerikanske marknaden der vi er marknadsleiande, seier direktør Geir Arne Åsnes.

Medan det tidlegare var mest eldre menn som åt sardinar er det no andre som har fått augo opp for den norske helsekosten.

— Helsebevisste kvinner mellom 30 og 40 år er blitt ei viktig kundegruppe. Kundane våre ser fram til å få feitare og betre sardinar, seier direktøren.

I Hardanger vil det dei neste dagane kome fleire fiskarar til for å hauste av fjordens sølv. Det blir ikkje mykje søvn på karane. Kor lenge det varer er det nemleg ingen som veit.

Forskere skal gi svar

I det såkalte Hardangerfjordprosjektet skal Havforskningsinstituttet forsøke å gi svar på hvorfor bestanden av brisling varierer så mye. – Vi trenger mye mer kunnskap om de ulike miljøfaktorene for å forstå økosystemet i fjordene, og for å forstå årsakene til de endringene som er observert i viktige fiskebestander, som brislingen, sa forsker Øystein Skaala, leder for prosjektet, til BT i forrige måned.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Beste brislingfiske på årevis

BT anbefaler

Irmelin vil leie ut til studenter: – Ingen tar kontakt

Ekspert råder studentene til å se utenfor sentrumskjernen. Det er studentene ikke interessert i, ifølge Studentsamskipnaden på Vestlandet.

LES SAKEN