Ingen omvelting i Helse Vest

Høgrekupp i Helse Vest RHF. Oddvard Nilsen held fram som styreleiar.

Publisert Publisert

HELSETOPP: Oddvard Nilsen held fram i styreleiarvervet. Foto: SCANPIX

I går vart heile styret i Helse Midt-Norge erstatta med eit nytt. Tidlegare i dag vart nær heile styret i Helse Sør-Øst skifta ut. Men i styret i Helse Vest RHF held det meste fram som før.

Det er klart etter at helse— og omsorgsminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen oppnemnde nytt styre no i ettermiddag.

Oddvard Nilsen held fram i styreleiarvervet han har hatt sidan 2005. Aud Berit Hayes held fram som nestleiar.

Gisle Handeland, tidlegare fylkesordførar frå Arbeidarpartiet, går ut. Det gjer også Gro Skartveit, fylkestingsrepresentant i Rogaland for Venstre.

Inn kjem to Høgre-representantar. Olin Johanne Henden representerer Sogn og Fjordane Høgre. Sveinung Stensland er gruppeleiar for fylkestingsgruppa til Høgre i Rogaland.

Styret består både av eigaroppnemnde styremedlemmer og styremedlemmer som er valde av dei tilsette. Sidan 2006 er det stilt krav om at ein fleirtal av dei eigaroppnemnde skal vere folkevalde.

Styremedlemmene skal ikkje representere geografiske område, politiske organisasjonar eller andre interessegrupper, men det er viktig at eit styre samla sett har mangfald og breidde både geografisk og politisk, heiter det i pressemeldinga frå Helse- og omsorgsdepartementet.

Publisert