Økokrim vil ha eks-advokat Orrem i fengsel

Jon Eilif Orrem skal ha forsynt seg av klientmidlar for over to millionar kroner og lurt ein lokal investor for langt meir. No har Økokrim tatt ut ein fire sider lang tiltale mot den tidlegare bergensadvokaten.

Publisert Publisert

GRAVERANDE: Alle dei fire tiltalepunkta som Økokrim har tatt ut mot tidlegare advokat Jon Eilif Orrem (64) har ei strafferamme på seks års fengsel.– Ei av dei meir graverande advokatsakene me har vore borti, seier politiadvokat Åsne Hana Torgersen. Biletet er frå ei tid attende og der Orrem møtte som saksøkt. Foto: Tor Høvik (arkiv)

  • Guro Valland
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Ein marsdag for sju år sidan skal det ha gått 900.000 kroner frå eksadvokat Jon Eilif Orrems klientkonto til hans private bankkonto. Eit selskap vart belasta for overføringa, stikk i strid med selskapets interesser.

To år seinare skal Orrem ha betalt renter på eit investeringslån som hans eige advokatfirma hadde tatt opp. Også desse pengane skal han ifølgje Økokrim ha henta ved å belasta ein klient, utan at det var rettsleg grunnlag for det.

I mars 2012, då Orrem fekk ein bankremisse på 150.000 kroner frå ein annan klient, sette han pengane inn på sin private bankkonto same dag, utan at ho fekk tilsvarande teneste for beløpet. Orrem selde også eit hus for klienten, og i staden for å gje henne pengane, skal han ha putta 850.000 kroner frå salet inn i eit eigedomsprosjekt han var involvert i.

Dette er berre nokre av dei straffbare forholda som Økokrim listar opp i den fire sider lange tiltalen mot eksadvokaten i Bergen.

Risikerer lang straff

– Me ser på dette som ei svært alvorleg sak. Det grove i tiltalen ligg i beløpa, men også at han har misbrukt tilliten sin som advokat til å gjera seg skuldig i straffbare handlingar, seier politiadvokat Åsne Hana Torgersen i Økokrim.

Beløpsmessig dreier det seg om økonomisk utruskap for over to millionar kroner og eit bedrageri mot ein investor på tre millionar kroner.

Tiltalen omfattar grov utruskap og grovt bedrageri, samt grove brot innan bokføring og brot på eigedomsmeklingslova. Alle tiltalepunkta har ei strafferamme på seks års fengsel.

– Dette er ei av dei meir graverande advokatsakene me har vore borti, seier Torgersen.

Les også

Først mista Jon Eilif Orrem bevillinga. Veka etter slo Økokrim til mot den tidlegare advokaten.

BUDDE HER: I 2016 overførte Jon Eilif Orrem halvparten av denne trevillaen i Storhaugen til kona si utan betaling, ifølgje tinglysinga. Eit eventuelt tvangssal kunne ha utløyst store verdiar til dei som meiner å ha tapt pengar på Orrem. Huset vart seld for 11 millionar kroner på den opne marknaden. Foto: Rune Sævig (arkiv)

– Han er veldig usamd

BT skreiv om Orrem først i 2014. Då var bergensadvokaten saksøkt, under etterforsking og klaga inn for advokatane sitt tilsynsråd.

Fleire tidlegare klientar meinte då at han hadde forsynt seg av millionbeløp, medan han sjølv avviste å ha gjort noko gale.

I dag er ikkje Orrem lenger advokat. Han mista bevillinga i 2015, vart sikta av Økokrim same året, overførte villaen til kona i 2016 og er for tida sjukmeldt, og i utlandet.

Forsvarar Per Magne Kristiansen fortel at Orrem er gjort kjend med tiltalen, men at han enno ikkje har fått diskutert innhaldet med han.

– Men eg veit at han er veldig usamd i det som står der, seier Kristiansen.

– Og mykje av tiltalen er basert på formalia, legg han til.

Fleire av forretningsforholda er kompliserte og går langt tilbake i tid, påpeikar Kristiansen. Samstundes har Orrem vore både eigar og jobba som advokat i mange av forholda.

– Etter mitt syn handlar tiltalen meir om mangel på dokumentasjon enn direkte utruskap. Når det er sagt, er det diverre slik at Orrem ikkje alltid har sett behovet for å innhenta dokumentasjon på dei økonomiske disposisjonane på klientkonto, seier Kristiansen.

Les også

I 19 år hadde Nils A. Lunde (65) drevet en lønnsom bedrift. Så møtte han tidligere advokat Jon Eilif Orrem.

EKSADVOKAT: Jon Eilif Orrem hadde advokatpraksis i dette kontorfellesskapet i Strandgaten i Bergen. Foto: Vegar Valde (arkiv)

Avhøyrt fleire gonger

Alle advokatar som driv eigen praksis skal ha fullstendig oversikt over pengar som går ut og inn av klientkonto, og alt skal førast fortløpande med vedlegg.

– Mangelfull bokføring og mangelfull dokumentasjon har gjort det vanskeleg å etterprøva arbeidet til Orrem. Fleire meldingar til politiet om underslag er vorte lagt vekk grunna dette, seier Torgersen frå Økokrim.

Orrem fekk refs allereie av Advokatbevillingsnemnden då han mista bevillinga i 2015, etter at det ved bokettersyn vart avdekkja grunnleggjande manglar ved rekneskapsføringa.

Økokrim meiner at den mangelfulle dokumentasjonen og bokføringa må verka skjerpande på straffutmålinga.

– Korleis har Orrem samarbeidd i etterforskinga?

– Me har hatt han inne til avhøyr fleire gonger. Han har late seg avhøyra og me har fått stilt dei spørsmåla me har hatt.

Les også

Eksadvokat vert kravd for millionar – har gitt villa til kona

TILTRUDD: Som ein typisk «husadvokat» skal Orrem ha vore ein nær og tiltrudd rådgjevar. Rolla gav han inngåande kjennskap til klientane sin økonomi. «Jeg opplever hele saken som svært belastende og urimelig», skreiv Orrem i ein e-post til BT i 2014. Foto: Tor Høvik (arkiv)

Over to års etterforsking

Det har tatt lang tid å gjera ferdig tiltalen. I over to år har Økokrim jobba med det som no berre vert omtala som Orrem-saka.

På grunn av advokatars teieplikt har Økokrim i utgangspunktet ikkje visst kven som var fornærma i saka og var avhengige av at tidlegare klientar melde frå. Først då kunne Økokrim få samtykke til fritak frå teieplikta og såleis etterforska klientsakene.

– Eit klientnamn er også beskytta av teieplikta, seier Torgersen.

Etter at Orrem mista advokatbevillinga er det ein forvaltar som har fått i ansvar å avvikla verksemda. Ho sit no på alt av dokumentasjon og papir.

Det har også vore eit problem for Orrem at tilgangen på dokumentasjon har vore vanskeleg, fortel forsvarar Kristiansen.

– Han har ein jobb å gjera med å få tak på dokumentasjon når saka skal opp for retten, og det er han innstilt på å gjera, seier han.

Kristiansen var også forsvarar for eksadvokat Odd Drevland som i april 2015 vart dømt til fengsel i to år og ti månadar for mellom anna grovt økonomisk underslag, grovt bedrageri og dokumentfalsk.

FORSVARAR: Advokat Per Magne Kristiansen. Foto: Bjørn Erik Larsen (arkiv)

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Eksadvokat dømt til millionerstatning for andre gang

  2. Orrem tapte millionsøksmål

  3. Kan ha tapt millionar på øydemark

  4. Meiner advokat har handla «bedragersk»

  1. Økokrim
  2. Bergen
  3. Økonomisk kriminalitet
  4. Erstatningskrav
  5. Næringsliv