• FARE FOR BARE: Gründer bak Bare-konseptet, og no tilsett i begge føretaka, Øystein Kalvenes Ellingsen (til venstre) og styreleiar Petter Wilhelm Stiegler under rettsmøtet sist veke. Skatt Vest ville slå Bare Vestland konkurs, men dei slapp med skrekken. FOTO: Geir Martin Strande

Nok ein restaurant i Bare-systemet truga av konkurs

Flaggskipet Bare i Børsen har under ei veke på seg til å betale 200.000 kroner i moms. Det er andre gong på få dagar at restaurantkonseptet er truga av konkurs.