– Her får vi eit globalt miljøfyrtårn

Sju nye avtalar med europeisk industri er avgjerande i for å få til eit gigantprosjekt for lagring av klimagass utanfor Øygarden.

KOLLSNES: På neset bak er det sett av hundre mål til mottaksanlegget for CO₂-handteringa i Kollsnes Næringspark. Fred Ivar Utsi Klemetsen

LAGRING: Frå Øygarden skal klimagass pumpast ut i havet og fleire kilometer ned under havets botn. Slik illustrerer Equinor prosessen.

Prosjektet heiter Northern Lights, og er eigd av oljeselskapa Equinor, Shell og Total. Det går ut på å fanga CO₂ i industrianlegg med store utslepp. I første omgang er det planlagt fangst ved avfallsanlegget på Klemetsrud i Oslo og sementfabrikken til Norcem i Brevik. Gassen skal så omdannast til flytande form og fraktast langs kysten i tankskip til Øygarden.
Der skal den mellomlagrast i store tankanlegg før den vert pumpa gjennom eit nytt røyr ut i Nordsjøen. Rett sør for Troll-feltet skal den skadelege klimagassen pumpast rundt tre kilometer ned i berget under havbotnen.

Her, under ei kappe av skifer, reknar geologane med at den vil bli, til evig tid.

SAMLA: I april i fjor var representantar frå miljøorganisasjonar og industrien saman i Øygarden for å sjå på tomta der store mengder klimagass kan bli lagra om nokre år. Fred Ivar Utsi Klemetsen

Avhengig av EU

Ved avfallsanlegget og sementfabrikken i Noreg skal dei årleg fanga 800.000 tonn klimagass. Men anlegget i Øygarden har kapasitet til å ta imot fem millionar tonn. Dette betyr at det er mykje ledig kapasitet. Her blir Tyskland og EU invitert inn i prosjektet.

Torsdag var norske og europeiske toppar frå politikk og industri samla i Operaen i Oslo. Temaet var CCS som betyr karbonfangst og -lagring. Equinor skreiv under ein intensjonsavtale med sju store europeiske industriselskap.

– Dette er ein viktig milepæl. Prosjektet vil setja Øygarden på kartet som globalt klimafyrtårn, seier ordførar Børge Haugetun til BT.

Kostnaden ved Northern Lights er no rekna til rundt 14 milliardar kroner. Derfor er det avgjerande å få EU med på laget. Derfor er torsdagens avtalar om klimagasslagring med selskapa Air Liquide, Archelor Mittal, Ervia, Fortum Oyj, Heidelberg Cement, Preem og Stockholm Exergi eit viktig steg på vegen.

Det var EUs klimasjef, Miguel Arias Cañete, som tok initiativet til konferansen i Oslo. Men karbonlagring- og fangst har vore sterkt omdiskutert i Europa.

VERTSKAP: EUs klimakommissær Miguel Arias Cañete (i midten) saman med olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) i Brussel. Torsdag var dei to vertskap for ein internasjonal CCS-konferanse i Oslo. Kristian Nicolai Stakset-Gundersen / Norges delegasjon til EU / NTB Scanpix

Skepsis i Tyskland

Tyskarane har vore djupt skeptiske og Luxembourg har forbode det ved lov. Argumenta mot har vore alt frå redsle for lekkasjar til at ein med fangst og lagring vil få mindre trykk på overgangen til rein energiproduksjon.

I vår tok debatten ei ny vending då Tysklands statsminister Angela Merkel uttalte at det vil bli heilt naudsynt med karbonfangst og -lagring om EU skal bli klimanøytralt innan 2050.

Også i den tyske miljørørsla har det skjedd eit skifte. Her har ein lenge frykta at teknologien skulle bli brukt for å grønvaska kraftproduksjonen ved kolkraftverka. Dette blir dyrt, og er stadig meir uaktuelt. No står ein att med sementproduksjon og andre industriprosessar som ikkje er mogelege utan utslepp av CO₂.

– WWF i Tyskland støtter bruk av CCS på denne måten, opplyser Erika Bellmann organisasjonens tysklandsavdeling.

– Dersom vi meiner alvor med at vi skal nå null, er det enkelte utslepp som ikkje kan fjernast på annan måte. Då trenge vi CCS, seier ho til NTB.

AVTALE: Equinors konsernsjef, Eldar Sætre, har fått med seg nye partnarar i innsatsen for å få på plass karbonfangst og -lagring. Carina Johansen / NTB Scanpix

Støtte i miljørørsla

Ei samla norsk miljørørsle med Bellona og Zero i spissen går også inn for fangst og lagring av klimagass på desse vilkåra.

Olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) seier til NTB at regjeringa i statsbudsjettet for 2020 vil bruka 225 millionar kroner til arbeidet med fullskala fangst og lagring.

− Dette er tilstrekkeleg til å halda framdrift i planlegginga av prosjektet i 2020, inkludert statens del av den brunnen som skal borast, seier Freiberg.

Equinor skal alt i haust byrja å bora ein brunn for å undersøka reservoaret der klimagassen skal lagrast.

Ifølgje Equinors konsernsjef, Eldar Sætre, er håpet å fatta eit investeringsvedtak i 2020. Sætre reknar med at systemet kan vera i drift i 2023, skriv NTB.

BLIR STORT: Ordføraren i Øygarden, Børge Haugetun, er glad for at Nothern Light-prosjektet no er eit godt steg nærare realisering. Rune Sævig

Sement- og hydrogenproduksjon

I Øygarden er alt dette godt nytt for ordførar Børge Haugetun. Ikkje berre set det Kollsnes på verdas miljøkart, skaper mykje aktivitet i anleggsperioden og permanente jobbar.

– Dette vil opna for nyutvikling av industri i stor skala, seier Haugetun. Han ser for seg både produksjon av hydrogen frå naturgass og sementproduksjon på Kollsnes. Slik nyetablering vil ha eit stort konkurransefortrinn, då klimautsleppa kan sendast direkte til lagring utan transport i tankskip.

– Eg er trygg på at dette kjem, og at det får store ringverknader, seier Haugetun.