Tjuvar raida Flesland for elbil-kablar

Minst seks elbilar blei råka av kabeltjuveri i helga. – Kjent problem, melder Gjensidige.

Publisert Publisert

PÅ LADING: – Eg hadde heldigvis ein ekstra ladeboks heime, seier Thomas Bøe. Han hadde parkert Teslaen sin i parkeringshuset på flyplassen i helga. Sundag forsvann ladekabelen. Her er legen fotografert utanfor kontoret sitt på Ågotnes. Foto: Tor Høvik

  1. Leserne mener

Sundag i 14-tida tikka det inn ei melding til Thomas Bøe. «Lading avbrutt», stod det.

Det var berre eitt problem.

Bøe var ikkje den som sjølv hadde fjerna ladekabelen frå elbilen sin, som stod i parkeringshuset på Bergen Lufthavn Flesland.

– Først tenkte eg at nokon berre hadde plugga han ut fordi bilen min var fullada. Men då eg kom dit, såg eg at mange bilar mangla leidning, inkludert min eigen, fortel Bøe.

– Då skjønte eg at nokon hadde stole kablane.

Les også

Her er det høyest andel elbiler i Bergen

Tjuveri fleire stader

Minst seks bilar er blitt utsett for tjuveri. Eigarane av elbilane er kontakta, men nokre er framleis på ferie.

Kabel-tjuvane herja i parkeringsanlegget truleg sundag og natt til måndag, ifølgje Avinor. Dei har kopla politiet på saka.

– Kablane er fjerna frå bilar på fleire av parkeringsområda våre, både ute og inne i parkeringshuset, og frå ulike typar bilar, seier Cathrine Fuglesang Framholt, kommunikasjonsansvarleg i Avinor.

Les også

Elbil-ferie i Norge null problem – men Finnmark kan utfordre

SJELDAN: – Det er lenge sidan me har opplevd kriminalitet slik som dette, seier Cathrine Fuglesang Framholt, kommunikasjonsansvarleg i Avinor. Kablar blei tatt frå elbilar også i parkeringshuset på biletet. Foto: Rune Sævig (arkiv)

Mogeleg å røske ut

Det er vakthald på flyplassområdet heile døgeret, med jamleg sjekk av parkeringsanlegga. Innsatsen er no trappa opp.

– Dette er ergeleg og forferdeleg irriterande, seier Framholt.

Bøe køyrer ein Tesla. I prinsippet er kabelen låst fast når bilen er låst, men med nok makt er det mogeleg å røske han ut.

Nissan, som sel elbilen «Leaf», opplyser at det ikkje er nok berre å låse bilen. I denne modellen må du aktivere ein låseknapp til venstre for rattet.

– Utan at du gjer det, er det berre til å dra kabelen ut. Det skjer frå tid til annan at kablar blir vekke, seier kommunikasjonssjef Knut Arne Marcussen.

Kjent tjuveriproblem

For forsikringsselskapet Gjensidige er stolne ladeleidningar eit kjent problem. Og dess fleire elbilar som har kome på vegane, dess fleire på avvegs.

– Me undrar oss over kvifor så mange ladekablar blir vekke. Det er tydelegvis ein marknad for det, ein eller annan stad, i Norge eller i utlandet. Men det er færre elbilar i utlandet, seier kommunikasjonssjef Arne Voll.

– Forsikringa dekkjer dette og du får ikkje bonustap. Likevel, det er ein eigendel på eit par tusen kroner, og sånn er det keisamt for den det gjeld.

Tips om tjuveriet? Send SMS/MMS til 2211 eller e-post til 2211@bt.no!

TIPS: Parker bilen godt synleg, viss det er mogeleg, oppmodar Arne Voll i Gjensidige.– Me veit at det er mindre sjanse for tjuveri viss mange fartar forbi, men for elbilar kan det vera vanskeleg grunna ladepunkta. Foto: Leif Gullstein (arkiv)

Sjekkar videoopptak

Ved lufthamna på Flesland er store delar overvaka med kamera, inkludert parkeringsanlegga. Avinor går no gjennom videoopptak for å sjå om dei finn noko av interesse. Gjer dei det, vil dette bli gitt til politiet.

Bøe fortel at han må bla opp 8000 kroner for ny kabel.

– Det er mykje pengar. Eg har råd til ny leidning, men det er forferdeleg kjipt for dei som ikkje skulle ha høve. Men alt er mitt ansvar. Eg har fått fire hjul skorne opp der ute tidlegare, seier han.

32 ladeplassar totalt

Avinor dekkjer ikkje skade eller tap som følgje av tjuveriet. Dei som har mista ladekabelen må melde saka til politiet, om dei ønskjer det.

– Men me vil sjølvsagt refundere parkeringsavgifta, seier Framholt.

Flesland har til saman 32 ladeplassar til elbil. 20 av dei er i parkeringshuset like ved terminalane.

Publisert