• Start lyden ved å trykka på play øvst i artikkelen

Alt Helge Arvid Møgster (65) drøymde om då han var liten, var båtar. I dag har han mange. Den dyraste kostar 350 millionar dollar.

14 år gammal reiste austevollingen på fiske første gong. Han vart sjøsjuk, men tente til gjengjeld 28.000 kroner i løpet av ein sommar. Det var meir enn ei årsinntekt i 1967.

TENKJEPAUSE: Helge Møgster tenkjer best i liggjande stilling på tosetaren på kontoret på Storebø.
KJERSTI MJØR

Vel ti år seinare byrja han og broren Ole Rasmus med fiskeoppdrett.

Skulle eta bestehatten

– Eg veit ikkje kor mange gonger eg kom heim og lukta daud fisk og banna på at dette skulle eg aldri meir bala med, fortel Helge Møgster i denne podkast-episoden.

– Far hadde ikkje tru på det i det heile. Han sa at om me fekk det til, skulle han eta den beste hatten sin!

Det var som om Møgster-brørne lukkast i alt, då det verst tenkelege skjedde.

10.000 tilsette

BT-juryen har kåra Helge Møgster frå Austevoll til ein av «Dei 15 mest vestlandske vestlendingane».

Ifølgje Kapital hadde Møgster ei nettoformue på fire milliardar kroner i fjor. Familiekonsernet Laco på Storebø omset for 28 milliardar kroner i året og har 10.000 tilsette over heile verda.

AUSTEVOLLS ONKEL SKRUE: - Jo lenger borti Oslo dei sit, jo meir veit dei om det vi balar med her. Det irriterer meg, seier Helge Møgster, her på kontoret sitt på Storebø.
KJERSTI MJØR

Abonner på podkast-serien via iTunes her, eller bruk RSS i ein podkast-app.

I juryen: UiB-professorane Anne Lise Fimreite, Tone Hellesund og Geir Atle Ersland, samt BT-kommentator Eirin Eikefjord og sjefredaktør i Bergens Tidende, Øyulf Hjertenes.