Krev lovendring for å hindre «polsk løn»

Regjeringa vil gjere det lettare å hindre «polske lønningar» i Norge, ved å gjere det enklare å lovpålegge norsk tariffløn.

Publisert Publisert

LØNNSHOPP: Dei austeuropeiske arbeidarane på fiskeribedrifta Sekkingstad kan få eit solid lønstillegg, viss LO lykkast i å få allmenngjort tariffavtalen for næringa. SV-leiar Audun Lysbakken vil gjere det lettare å få det til, og statssekretær Nordvald Mo i Arbeidsdepartementet seier det kjem endringar til våren. Foto: EIRIK BREKKE

  • Hans K. Mjelva
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

BT har den siste veka fortald om fiskeribedrifta Sekkingstad som har sett fabrikken ut til eit polsk firma med «polske lønningar». Saka får no eit politisk etterspel, som kan få konsekvensar for heile lønsdanninga her i landet.

— Vi kjem til å løfte denne saka inn i arbeidet regjeringa gjer i ein ny plan mot sosial dumping, for dette er ein ny modell for sosial dumping som vi no må stoppe, seier SV- leiar Audun Lysbakken.

Enklare å bevise

Det einaste effektive mottrekket fagrørsla eigentleg har er såkalla allmenngjering av tariffavtalen. Det betyr at alle bedrifter i eit område blir lovpålagt å betale norsk tariffløn.

Les også

- Høyres lovande ut

— Det er ein modell vi veit verkar, men i dag er det ofte for vanskeleg å få allmenngjort tariffavtalar. Det blir mellom anna stilt store krav til dokumentasjon. Så ein ting vi vil spele inn er at det skal bli lettare å allmenngjere, seier han.

Han seier regjeringa kan gjere dette ved å endre lovverket. Blir trugsmålet om allmenngjering meir reelt, trur Lysbakken det òg vil hindre lønsdumping i andre bransjar:

— Viss vi får eit forenkla lovverk trur eg òg det vil virke preventivt i delar av arbeidslivet, seier han.

Statssekretær Norvald Mo (Ap) i Arbeidsdepartementet seier han tykkjer forslaget frå Lysbakken høyrest fornuftig ut. Mo seier det vil vere naturleg at forslaga til endringar kjem i samband med regjeringas nye handlingsplan mot sosial dumping, som kjem til våren.

- Ikkje representativt

I bransjeforeininga Fiskeri- og havbruksnæringas landsforeining (FHL) er reaksjonane forsiktige.

— Vi er kjent med den prosessen, men når det gjeld fiskerisektoren snakkar vi om eitt tilfelle, seier adm. direktør Geir Andreassen i FHL.

Les også

Polske Kasia får 100 kroner timer.Norske kolleger får normal tariff.

Les også

Fleire bransjar kan få «polsk løn»

Han viser til BTs sak sist laurdag, der ei ringjerunde til ei rekkje fiskeribedrifter viste at ingen hadde konkrete planar om å kopiere konkurrenten Sekkingstad.

— Det stemmer godt med mitt inntrykk av bransjen, seier han.

Samtalar om allmenngjering

Etter det BT kjenner til har det allereie vore samtalar mellom fagrørsla og FHL om allmenngjering. Utan arbeidsgjevarane med på laget er det vanskeleg for arbeidstakarane å få gjennom dette i tariffnemnda, der båe partar er representerte.

Det blir stilt strenge krav til dokumentasjon av at løns- og arbeidstilhøva er under norsk nivå. Omfanget må vere relativt stort, for at ein skal få ei allmenngjering.

Det er slike ting regjeringa kan endre på, men til det skjer er den enklaste måten å få gjennom allmenngjering at fagorganisasjonane får arbeidsgjevarane med på laget. Då går det automatisk gjennom. Om det vil skje i fiskeforedlingsbransjen, kan ikkje Andreassen seie noko om.

— Det vi er opptekne av er å ha tilgang til arbeidskraft, og det må skje på ein føreseieleg og god måte både for bedrift og arbeidstakar. Det er ein situasjon vi føler vi har i dag, seier han.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. - Konkurransevridande

  2. Meiner regjeringa og LO har seg sjølv å takke

FORNØYD: Kasia Czaja bur i Polen, eit land der minsteløna er 2900 kroner i månaden. Ho er godt nøgd med løna ho får på Sekkingstad: Foto: EIRIK BREKKE

PIONÈR: Tom Lerberg er på tur til fiskeforedlingsbedrifta på Sotra som han nyleg tok over frå Sekkingstad. Ved å overta drifta sikrar han at dei austeuropeiske arbeidarane kan halde fram med å jobbe langt under norsk tariffløn. Fagrørsla rasar fordi dei fryktar at dette skal spreie seg til andre bedrifter og bransjar.FAKSIMILE: BT skreiv 19. januar om fiskeribedrifta Sekkingstad, der eit polsk firma har teke over fabrikken og dei tilsette. Foto: Ørjan Deisz

BT anbefaler

– Jeg har ikke levert godt nok. Da får jeg akseptere dette.

Lars Arne Nilsen er ferdig i Brann. Vi er på Stadion.

LES SAKEN
  1. Jobb og karriere