Røkke må svare om Guantanamo

Oslo-politiet har fått pålegg frå riksadvokaten om å innhente forklaring frå Aker Kværner om selskapet sitt engasjement på Guantanamo-basen.

  • Vidar Ystad
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over 14 år gammel

Det inneber at Kjell Inge Røkke, som hovudaksjonær i Aker Kværner, må svare for seg.

Avgjerda frå riksadvokaten inneber også ein klar smekk over fingrane til Oslo-politiet og statsadvokaten i Oslo som la vekk saka utan etterforsking.

Borgen-filmen

Oslo-politiet opplyste 30. juni at avgjerda frå statsadvokaten ikkje kunne påklagast. Riksadvokaten har likevel teke saka under behandling.

Oslo-politikaren Ivar Johansen (SV) melde Aker Kværner til riksadvokaten i mars. Det skjedde etter at han hadde sett Erling Borgen sin film «Et lite stykke Norge» under ei lukka filmvisning.

Filmen tek opp Aker Kværner sitt engasjement på den omstridde amerikanske Guantanamo-basen på Cuba. Aker Kværner nekta då å uttale seg.

Johansen meiner Aker Kværner har medverka til brot på menneskerettane gjennom sitt arbeid for amerikanarane på basen.

— Signaleffekten negativ

— Eg undra meg stort over at politiet og statsadvokaten kunne ta så lett på ei så alvorleg sak at dei kunne legge vekk saka utan etterforsking. Det var såpass prinsipielle og alvorlege forhold i denne saka at eg fann grunn til å klage til riksadvokaten. Signaleffekten av at saka vart lagt vekk utan etterforsking ville vere svært negativ.

Johansen opplyser at han også har bede om å få sjå og kommentere dei utsegnene som måtte kome frå Aker Kværner, før saka blir ekspedert tilbake til riksadvokaten.

— Det er viktig i internasjonal samanheng at saker der det kan vere snakk om krigsbrotsverk og brot på menneskerettane, får ei skikkeleg og grundig behandling. Skal ein kome nokon veg internasjonalt med slike saker, er det desto større grunn til at vi i Noreg tek slike saker på alvor når norske selskap er involvert.

Ansvaret

Amnesty påpeika at Aker Kværner og deira heileigde amerikanske dotterselskap har hatt verksemd på Guantanamo gjennom tolv år og har mellom 500 og 700 tilsette der. Selskapet har kontrakt med det amerikanske forsvaret til ein verdi av 100-200 millionar kroner årleg.

Forutan å medverke til bygging av leiren, hadde selskapet også ansvar for straum, vassforsyning og vedlikehald av cellene.

Amnesty har dokumentert omfattande brot på menneskerettane for fangane som har vore plassert i leiren i årevis utan lov og dom. Det er vel dokumentert at fangane har vore utsett for umenneskeleg behandling og tortur.

Etter avgjerd frå ei gruppe stortingsrepresentantar vart Kjell Inge Røkke tidlegare i år utpeika til årets «Peer Gynt». Tildelinga var kontroversiell. Menneskerettsbrot på Guantanamo spela inga rolle. Nå må Røkke og Aker Kværner svare for seg overfor politiet.

Fakta

  • Amnesty International, Forum for utvikling og miljø og Det nasjonale kontaktpunktet for OECD har alle retta sterke skuldingar mot Aker Kværner for selskapet sitt engasjement på Guantanamo-basen.
  • I vår retta OECD sitt kontaktutval i Noreg knallhard kritikk mot Aker Kværner for engasjementet i fangeleiren på Cuba. Både UD, NHO og LO er representert i kontaktutvalet.
  • Utvalet meiner Aker Kværner kan ha profittert på at USA har gjort seg skuldig i menneskerettsbrot på Guantanamo.

ROS OG KJEFT: Etter avgjerd frå ei gruppe stortingsrepresentantar vart Kjell Inge Røkke utpeika til årets «Peer Gynt».Tildelinga var kontroversiell på grunn av engasjementet på Guantanamo. ARKIVFOTO: MORTEN HOLM, SCANPIX Foto: Holm, Morten

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent
BT anbefaler

Mener smittevern­overlegen som sa opp var «den ekte fagpersonen, som turte å si det som det var»

Politiet ber om at bøtene økes.

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. Dette sier styrelederen om Brann-trenerens fremtid

  2. Funn av død person i traktor

  3. Stengte tunneler skapte køer i sentrum

  4. Ikke én hadde på seg Brann-drakt på Fotballpuben. – Fansen har resignert.

  5. Ti kategoriar. Femti finalistar. Dette er det beste Bergen har å by på.

  6. Malena stilte seg opp foran bilen som kom for sent til kolonnen. Så ga sjåføren gass.