— Her på golvet og på veggane har me limt på aksar, og flyg med dronane for å finne koordinatane i systemet. Då får elevane sjå matematikken i perspektiv, fortel lærar Terje Pedersen.

Det var han sjølv som kom på ideen om at den store dronehypen også kunne bli nyttig i undervisninga. No skal det bli eit permanent prosjekt på ungdomsskulen i Sandviken.

— Me ser jo kor stor trenden med dronar er. Etter ein idédugnad kom me fram til at det kunne vere veldig nyttig i å betre mattekunnskapen blant elevane. Me kjem til å bruke dette mykje framover etter kvart, og byggje ut prosjektet, seier Pedersen.

Tverrfagleg opplæring

Droneflyginga er eit tverrfagleg prosjekt, som skal gi elevane betre forståing i faga alt frå samfunnsfag, RLE, norsk, naturfag og matematikk. I samfunnsfag og RLE lærer dei til dømes om dei etiske utfordringane ved bruk av dronar, medan dronane kan bli veldig nyttige i praktisk matematikk. Rapportane elevane skriv inngår i norskundervisninga.

— Me kan til dømes lære om areal ved å feste kamera på dronane og sjå kor stort eit område er, seier Pedersen.

Så vidt han veit, har ikkje andre skular i Noreg eksperimentert med dronar i undervisninga.

— Me veit ikkje om andre skular som har drive med dette, og me prøver å kome i kontakt med andre miljø i utlandet for å utveksle erfaringar.

For åttandeklassingane er det utvilsamt mykje gøyare å bli dronepilotar enn å sitje i eit klasserom og løyse matteoppgåver.

Mest gøy

— Det er kjempegøy når ein får det til, men det var vanskeleg å køyre i byrjinga, seier Trygve Tronstad (13).

— Har de blitt klokare i matte av dette?

— Kanskje litt. Men det gøyaste er jo å fly, slår Karoline Skjævestad (13) fast.

Dei er begge to såpass hekta at dei kjem til å ønskje seg dronar til jul. Og det er definitivt ikkje noko gutegreie.

— Det er like gøy for gutar og jenter, seier Karoline.

Skulen nyttar hobbydroner av typen multikoptre. Den består av fire rotorblad, og kan fjernstyrast med smarttelefonen ved å laste ned ein app. Salet av desse dronane har eksplodert det siste året.