Vil gjera julegåvene berekraftige

Ein solid dugnad ligg bak når Aksel Mjøs lanserer eit nytt digitalt gåvekort.

  • Ådne Lunde
Publisert Publisert
GÅVE-GRÜNDER: – Eg håpar no det blir slutt på at verksemdene kjøper tullete ting til dei tilsette, seier Aksel Mjøs.
icon
Denne artikkelen er over ett år gammel

– Dette er heilt non profit, ingen skal tena pengar på «Gi gaven vidare», seier initiativtakaren, som til dagleg er førsteamanuensis ved Norges Handelshøyskole.

Det digitale gåvekortet, som vart sjøsett måndag, rettar seg i første omgang mot bedriftsmarknaden. Seinare vil også private gåver bli med.

Det er innretta slik at den som vil gi ei gåve, kjøper kortet med ein viss verdi. Sidan kan mottakaren av gåva gje pengane vidare til eit godt formål, etter fritt val. Alt skjer enkelt og ukomplisert via det digitale kortet som kjem på e-post.

Gode formål

Så langt har «Gi gaven videre» kopla seg opp mot rundt 80 ulike, godkjende gode formål. Men det kjem stadig nye til, ifølgje organisatoren. Det har vore viktig å få organisasjonar som er godkjende av Innsamlingskontrollen med på mottakarsida, slik at gjevarane kan vera trygge på at pengane kjem til nytte.

Prosjektet byrja med økonomens femtiårsdag i 2014.

– Kva treng ein halvgammal, kvit, rik mann som har alt, spør Mjøs retorisk.

Resultatet var 25.000 kroner innsamla til Strømmestiftelsen, og ein ide om korleis ein kan avskaffa fleire meiningslause gåver.

I vår kom arbeidet med å finna ei digital løysing i gang for alvor. Konsulentselskapet PwC har lagt ned mykje gratis arbeid og Keyteq har utvikla løysinga med sterk rabatt. Prosjektet har mellom anna fått stønad frå Sparebanken vest og Rieberfondene.

Slepp meiningslause gåver

– Om vi skulle tena pengar på dette, kunne eg ikkje gått ut og bede om gåver og gratisarbeid. No kunne eg ha frimot til å be om hjelp, seier Mjøs.

Han er spent på om bedriftene kjem til å følgja opp og bli med på å gje gåva vidare før jul. Men han ser for seg at dette kan bli stort, og også spreia seg ut over landegrensene.

– Med «Gi gaven videre» vil verksemdene sleppa unna arbeidet med å finna meiningslause gåver til tilsette og kundar. Dei slepp å henta inn tilbod og krangla om kva som skal vera årets gåve. Då vil dei også akseptera å bidra litt slik at «Gi gaven videre» blir sjølvfinansierande, seier Mjøs.

Økonomen ser for seg at «Gi gaven videre» kan drivast med eit halvt til eitt årsverk når opplegget er ferdig etablert. Gåvegründeren er ikkje eit sekund i tvil om at det er mange arbeidstakarar som vil ønskja seg ei meiningsfull gåve.

– Ikkje minst er mange unge arbeidstakarar opptekne av berekraft, og dei vil setja pris på at verksemda syner dette i praksis, seier Mjøs.

Geit til jul?

– Dette blir då ein variasjon over den latterleggjorde ordninga med å gi ei geit til jul?

– Ja, det vart jo langt å senda den stakkars geita, sjølv om det er eit eksempel på at mange verksemder allereie støttar gode føremål. Vi erkjenner at mottakarane, i første omgang tilsette, har ulike prioriteringar. Opplegget vårt er unikt i verda, ved at vi lar mottakaren av gåva velja kva formål som skal få støtta.

Aksel Mjøs listar opp tre punkt der «Gi gaven videre» bidreg til berekraft:

  • Bedriftene vil slutta å kjøpa tulleting.
  • Gåvene vil bidra til å finansiera gode prosjekt.
  • Alt vil skje ved ein effektiv og lite ressurskrevjande digital prosess.

– Du har lagt ned mykje arbeid i dette. Kva er det som driv deg?

– Eg er ein økonom som er frustrert over forbrukarsamfunnet. Ein som ikkje kan skjøna tanken om at auka forbruk kan gje auka lykke. Dessutan har arbeidet i styret for Kavlifondet lært meg mykje om allmennyttig arbeid, seier NHH-økonomen.

Nettsidene og opplegget rundt «Gi gaven videre» fungerer ifølgje gründeren optimalt. Så gjenstår det å sjå om marknaden er klar for færre «meiningslause» ting.

Aksel Mjøs veit i alle høve kva han ønskjer at han, og alle dei andre tilsette på NHH skal få til jul.

Blant dei rundt 80 organisasjonane som er registrerte som mottakarar i «Gi gaven videre» er Kirkens Bymisjon.

Marknadssjef i Kirkens Bymisjon, Hans Jacob Torkildsen, er spent på kva utslag det digitale gåvekortet kan få for organisasjonen, som alt no får rund 25 prosent av gåvene frå bedrifter.

– Vi veit så langt lite om kva effekt vi kan få av dette, seier Torkildsen.

Han meiner det er bra, og i tråd med Bymisjonenes filosofi, at «Gi gaven videre» legg opp til å involvera dei tilsette i verksemdene.

– Så er det positivt at pengane går uavkorta til det gode formålet, det er viktig for oss, seier marknadssjefen.

Publisert
  1. Gaver
  2. Norges Handelshøyskole
  3. Bedrift
  4. Jul
  5. Kirkens Bymisjon

Les mer om dette temaet

  1. Nordmenn gir som aldri før

  2. Her får meir enn 70 menneske nokon å snakke med - kvar dag

  3. Vi er mange som føler oss presset til å kjøpe altfor dyre gaver

  4. Slik lager du adventskalender – uten å måtte kjøpe tull og tøys som fort havner i søpla