Søral i støtet igjen

Ein lenge etterlengta kraftavtale i boks for Søral. I morgon blir det kakefest på aluminiumsverket på Husnes.

Publisert Publisert

Søral (Sør-Norge Aluminium AS) ligger på Husnes midt mellom Bergen og Haugesund. Foto: SØRAL

iconDenne artikkelen er over syv år gammel

— Våre kraftforhandlingar har vore ein prøveklut for framtida til aluminiumsindustrien i Noreg. At vi har kome i hamn med ein avtale er derfor ein viktig milepæl for heile bransjen, seier administrerande direktør Per Øyvind Sævartveit ved Sør-Norge Aluminium AS.

250 tilsette

Uvisse kring kraftkontraktar har i tillegg til følgjene av finanskrisa hengt som ein svart skugge over hjørnesteinsbedrifta på Husnes i Kvinnherad i fleire år. Den eksisterande kraftavtalen går ut ved juletider. No har Søral sikra seg ein åtteårig avtale fram til 2020 med Agder Energi, Lyse, Statkraft og Hydro om leveranse av opptil 2,6 terawattimar i året. Dette sikrar vidare drift ved verksemda, som for tida går med halv produksjon, har ein elektrolysehall ute av drift, og har gått ned frå 340 til 250 tilsette sidan 2009.

Les også

Industritoppar i habilitetstrøbbel

Avtalen tek høgde for nok elektrisitet til full produksjon, men Søral-sjefen kan ikkje seia kva tid elektrolysehall B kan startast opp att. I dag er marknaden for usikker, særleg i Europa er det problem med å få selt aluminiumsprodukt.

Spanderer kake

— Det har vore veldig krevjande forhandlingar., men vi lukkast til slutt. Det er gledeleg for oss, for lokalsamfunnet, for norsk aluminiumsindustri, for kraftbransjen og for utviklinga av det norske kraftnettet, seier direktør Per Øyvind Sævartveit.

Søral vil tirsdag spandera kake på sine tilsette. Samstundes som kraftavtalen er i boks, vil det Hydro- og Rio Tinto-eigde smelteverket halda fram arbeidet med å kutta kostnader og effektivisera drifta. I haust er det 25 årsverk i permittering.

Publisert