Klesmerke frå Voss gjer det utmerka i USA

We Norwegians er like gammalt som eit svangerskap. Likevel er årets kolleksjon å finna i fleire amerikanske statar.

Publisert Publisert

TEK USA MED STORM: Tove Beate Grane frå Årdal har etablert det vestnorske motemerke We Norwegians på Voss. Foto: Silje Knutsen

  • Camilla Brugrand
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

Klesdesignaren Tove Beate Grane har nettopp vore i Firenze, Italia, for å leite etter inspirasjon og det siste innan garn. På ni månadar har ho teke det vestnorske klesmerke sitt, We Norwegians, over dammen til den internasjonale motemarknaden i USA.

— Ideen var å kombinera mote, sport og merinoull. Det er dei tekniske eigenskapane eg syns er interessant å jobba med. Ull gjer kleda mogleg å bruka både som eit moteplagg, men òg som fritidstøy.

Den amerikanske draumen

Årdølen synte i vinter fram haustkolleksjonen på herremote- og livsstilmessa Liberty i Las Vegas. Der fekk ho napp. Fleire amerikanske klesbutikkar frå statane Colorado, Vermont, Utah, New York og Wyoming ynskja å syna fram kleda hennar.

— Butikkar som ligg i dei nordlegaste områda i USA og som har same klima som i Noreg er dei som har synt størst interesse, seier Grane.

Les også: Retten må nøste opp i strikkefloke

Grane starta opp i okotber i fjor. Ein månad seinare opna ho opp butikk på heimstaden Voss. No skal altså kolleksjonen hennar seljast i fleire butikkar i USA.

— Det har gått veldig fort. Nett som eit svangerskap. Kolleksjonen er ikkje så stor og vi fokuserar kun på ull. Difor ynskja me å få den ut på ein større marknad for å få volum på sala, seier Grane.

Tidsriktige kvalitetsplagg

Den norske designaren er utdanna frå den franske moteskulen Esmod sin avdeling i Oslo. I fleire år jobba ho for mindre norske klesmerker før ho starta å jobba på Åsnes i Voss. Då tekstilavdelinga vart nedlagt våren 2013 fekk ho ideen om å skapa eit norsk kvalitetsvara med fokus på ull.

— Designa er enkelt, minimalistisk og klassisk skandinavisk design. Eg vil ikkje at designa skal overskygga kvaliteten. Dette er plagg som ein kan ha over lengre tid og fungera som tidsriktige basisplagg, seier Grane.

Les også:

Les også

Sparket Dale of-Norway-sjefnekter for å ha hjulpet konkurrent

We Norwegians har henta inspirasjon frå norsk fiske, vestnorske kyststriper og fjordlandskap. Stilen er klassisk og maritim.

— Eg er positivt overraska over responsen eg har fått i utlandet. Butikkeigarar i USA har sagt at stilen min er veldig annleis enn det dei har sett før, seier ho.

- Nett som eit sirkus

Om eit par veker går turen til messa Project i New York City. Der skal Grane syne fram kleda på Manhattan saman med kjende merker som Lacoste, Swims og Fjellreven. Alle kleda som vert synt fram må sendas inn til ein jury for vurdering.

— Deretter går messe-maratonen til Las Vegas. Det er nett som eit sirkus som flyttar seg frå aust til vest, seier Grane.

Les også:

Les også

Skal bli store i USA

Klesmerke er også under etablering i California, der systera og mannen hjelper til med det praktiske arbeidet. Grane har fleire agentar i USA, men ønskjer å utvida.

— Eg håpar på å ta kolleksjonen vidare til Nederland og Tyskland. Marknaden i Nederland er svært tøft og konkurransen er veldig hard, seier Grane.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. - Vi står på kanten av stupet

  2. - Et sirkus jeg skulle vært foruten