No blir det bygd fleire hytter enn einebustader

Familien Døskeland valde å gjere som stadig fleire: Skaffe seg hytte.

Publisert Publisert

BYGD I FJOR: Hytta til familien Døskeland vart påbegynt etter at dei kjøpte tomt i fjor vår. Til jul sto den klar. Foto: Rune Sævig

  • Guro Valland
  • Gerd Margrete Tjeldflåt
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Like før jul i fjor kunne Trond Døskeland og familien hans flytte inn i si splitter nye hytte på Voss. Sidan har dei teke turen opp frå Bergen så snart dei har høve.

Denne veka har dei hatt sin første vinterferie i familiens nye feriebustad.

– Me er veldig glade i Voss, det er sånt eit fint område. Tanken er at me skal kunne bruke hytta både om sommaren og vinteren, seier Døskeland.

Interessa for å skaffe seg hytte er stor. I fjor var det byggjestart på fleire fritidsbustader enn einebustader i Norge: 7488 hytter mot 7378 einebustader.

Sjølv blei Døskeland inspirert av broren sin og hans familie. Dei hadde også bygd ny hytte.

– Me såg kor fint dei hadde det, og blei rivne med, seier han.

Les også

Hytteprisene på Kvamskogen har steget med 320.000 kroner på ett år

AVSLAPPING: – Me tenkte det kunne vere bra for familien å ha ei hytte. Heime blir det fort at me sit med iPaden. Her slappar me kanskje litt meir av, seier far Trond Døskeland. Her med kona Hilde Magnussen og ungane Magnus Magnussen Døskeland (6) og Ingrid Magnussen Døskeland (8). Foto: Rune Sævig

Hytta, ei erstatning for eige hus

Talet for bustadbygging er noko ned frå året før for både einebustad og feriebustad, men ein må attende til 2010 for å finna døme på at hytter var meir populære enn einebustader.

Går ein lengre tilbake, var skilnaden langt større. Fjorårets tal betyr at hyttebygginga har auka med over 60 prosent sidan år 2000. Tilsvarande har einebustadbygginga falle med vel 25 prosent.

Bjørn-Erik Øye i Prognosesenteret trur mange eigentleg drøymer om einebustad, men lever ut den draumen gjennom å kjøpe hytte.

– Fleire av oss bur i leilegheit, tettare på kvarandre. Samtidig veit me frå undersøkingar at mange ønskjer å bu i einebustad på sikt, men reint praktisk kan det kanskje vere vanskelegare å få til. Då er hytte eit alternativ, seier han.

Trenden har også slått ut i prisutviklinga. På landsbasis auka hytteprisane med 8 prosent i 2017. Prisen på einebustader auka med 1,1 prosent.

Øye påpeikar likevel at du kan få deg hytte for 2,5 millionar kroner. Einebustad i sentrale strøk kostar langt meir.

Fleire eldre hyttekjøparar

Dei store meklarhusa kjenner seg igjen i den aukande interessa for hytter.

– Ferdige hytter som er tilrettelagde for familieliv og som ligg i ein grei prisklasse på rundt tre millionar kroner, går veldig fort. Det er det mogeleg for mange å realisere, seier Fredrik Nesslin, direktør for nybyggavdelinga til Eiendomsmegler Vest.

Dag Johnny Johannessen i DNB Eiendom seier gruppa som kjøper hytter er blitt utvida i dei siste åra.

– Tradisjonelt har flest barnefamiliar kjøpt hytte. I dag kan me like gjerne selje hytte til eit par i 50–60-åra. Det er nok fordi mange i den alderen også bur sentralt, utan særleg tilgang på fjell eller sjø, og difor ønskjer seg hytte. Dei ønskjer også å skifte stove av og til, seier han.

Øye i Prognosesenteret meiner at denne eldre gruppa hjelper til å halde hyttesalet høgt, sjølv når bustadsalet elles har dabba litt av i det siste.

– Dei som ser på hytte, er ikkje dei same som slit i bustadmarknaden. Det er derimot dei som har dratt nytte av oppgangen i bustadmarknaden gjennom 20 år, seier han.

LANGTIDSPERSPEKTIV: Hytta familien Døskeland har kjøpt er rundt 150 kvadratmeter stor. Dei håpar å kunne bruke den i mange år. Foto: Rune Sævig

Viktig med god komfort

Døskeland og familien hadde eigentleg ikkje tenkt å kjøpe hytte enno. Dei har tomannsbustad i Bergen, og følte ikkje dei hadde råd. Men freistinga blei for stor.

– Ungane våre er seks og åtte år no. Visst dei skulle rekke å bli glade i staden, var det kanskje lurt å gjere det no enn å vente, seier Døskeland.

Familien valde å byggje nytt heller enn å sjå etter ei brukt hytte. Den er utstyrt med alt frå oppvaskmaskin og varmekablar til tørketrommel, og ein kan køyre til døra.

– Det var artig å få vere med på å utforme det heile sjølv, og å kunne velje kva me ville ha. Me håpar å kunne ha hytta i 20–30 år. Då er det fint å ha høg komfort, seier han.

  • Sjå også: Dette er reknestykket hyttefolk ikkje vil sjå

Opp 320.000 på eitt år

Voss kommune, der Døskeland no held til, er kommunen i Hordaland med flest hytter. Deretter kjem Kvam. Båe er i ein heilt annan liga enn andre kommunar.

Fersk hytteprisstatistikk frå Eiendom Norge viser at det vart selt 56 fjellhytter på Kvamskogen frå februar 2017 til januar 2018. For Voss var talet 57 hyttesal.

På Kvamskogen auka snittprisane for ei hytte med 320.000 kroner på eitt år, medan bykset på Voss var 170.000 kroner i same periode.

– Eit par snørike vintrar har gitt bergensarane fornya tru på Kvamskogen som vinterdestinasjon, har Kurt F. Buck, regionsjef for Eiendomsmegler 1 tidlegare sagt til BT.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Bergenskvinne bosatt i Monaco gav 20 millioner kroner for byens dyreste bolig

  2. Hytteprisene på Kvamskogen har steget med 320.000 kroner på ett år

  3. Snart ser du ikke hyttene for bare snø i Myrkdalen

  4. Kvamskogen snør ned

  1. Hyttemarked
  2. Hytteutbygging
  3. Voss
  4. Prognosesenteret
  5. Kvam