• Slik skal Øygarden hjelpa Bill Gates med å nå hårete klimamål

    Av Ådne Lunde og Rune Stølås
  • Då president Joe Biden torsdag samla 40 av verdas leiarar til digitalt klimatoppmøte, var det for å ta føringa i den globale klimakampen. USA vil med Bidens nye klimaplan ha som mål å halvera sine utslepp innan 2030.

  • Store selskap, som Microsoft, er langt meir på hogget. Bill Gates vil gjera selskapet klimanegativt innan 2030. Dei må då fjerna meir klimagass frå lufta enn dei slepp ut. Medrekna alle underleverandørar i forsyningskjeda.

  • Innan 2050 skal Microsoft ha fjerna all klimagass dei har sloppe ut sidan selskapet vart stifta i 1975.

  • Klimaforsking viser at det neppe er råd å nå dei mest ambisiøse måla frå Parisavtalen utan å ta CO₂ ut av lufta for å lagra den.

    Dette kan skje gjennom treplanting og skog. Det kan skje ved bruk av bioenergi med karbonfangst og lagring.

  • Eller det kan skje ved å ta CO₂ direkte ut av lufta, og bruka den til noko fornuftig, eller å lagra den trygt.

    Her kjem den sveitsiske verksemda Climeworks inn. Dei har laga ein teknologi som tar CO₂ rett frå lufta, og fangar den i store filter.

  • Microsoft har gått inn i eit samarbeid med Climeworks. Dei bygger no Orca, eit storskalaanlegg på Island. Der skal dei suga klimagass frå lufta, blanda den med vatn og senda den djupt ned i den islandske grunnen.

  • Gründer og direktør i Climeworks, Cristoph Gebald, seier at verda ikkje kan nå 1,5 gradersmålet utan slike tiltak.

    – Det klart billigaste verkemiddelet er skog, og vi må sjølvsagt verna om skogen. Men skogen krev store areal. Her kjem vår teknologi inn.

  • Ifølgje Climeworks gjer ei av viftene deira jobben for rundt 2000 tre. Anlegget på Island skal årleg fanga 4000 tonn CO₂. Dette er ifølgje CO₂-fangarane like mykje klimagass som 160.000 tre tar unna årleg.

  • CO₂-støvsugarane har også kasta blikket mot Øygarden. Her kjem Northern Lights, Noregs superambisiøse anlegg for lagring av CO₂ under havbotnen i Nordsjøen. Climeworks og Northern Lights har gått inn i eit samarbeid i vår. Neste store CO₂-fangstanlegg kan koma i Øygarden.

  • Microsoft har også ein avtale direkte med klimagasslageret. Fangst rett frå lufta og kortreist lagring under havbotnen i Nordsjøen. Slik kan Øygarden hjelpa Bill Gates med å nå hårete mål for Microsoft.

Les mer om dette temaet

  1. Alt klart for CO₂-lager utenfor Øygarden

  2. – Dette er like stort som då vi fekk Sotrabrua

  3. – Vi er rockestjerner i utlandet, men blir fort ein vits i Norge

BT anbefaler

Her brytes korona­reglene: – Svært alvorlig

Arbeidstilsynet har avdekket brudd på koronaregler i nærmere en fjerdedel av tilsynene i Vestland i år.

LES SAKEN