I dag taper dei 350 millionar

Terra Securities går i dag til skifteretten for å bli slegen konkurs. Terra-gruppen meiner nordlandskommunane nå taper 350 millionar kroner.

SJOKK OG VANTRU: Ordførarane i nordlandskommunane oppleve rno å gå frå vondt til verre.
  • Vidar Ystad
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over 13 år gammel

Det er uvisst kva som skjer med investeringane som dei fire kommunane i vest, Bremanger, Vik, Haugesund og Kvinesdal, har gjort gjennom Terra Securities.

Toppsjefen i Terra-gruppa, Ola Sundt Ravnestad, måtte i går gå på dagen etter at Kredittilsynet tysdag gav Terra Securities førehandsvarsel om tilbakekalling av meklarlisensen med frist til 6. desember med å uttale seg om tilbakekallinga.

Les også: Trekker seg og casher ut 5,5 mill. | Slår seg selv konkurs | Terra-ansatte i sjokk — får psykologhjelp | Alt om kommunesmellen | Kommunene taper alt

Ny sjef

Ravnestad var styreleiar i Terra Securities. Han får med seg etterlønsavtalen han har, men styreleiaren i Terra-Gruppen, Gabriel Block Watne, nekta i går å opplyse kva innhaldet i denne avtalen er.

Ravnestad hadde i fjor ei samla inntekt og godtgjersle frå Terra-Gruppen på 3.681.413 kroner. Han hadde då ein kontrakt som gav ei etterløn i 18 månader. Utan eventuelle lønsjusteringar i år, ville det gje ein avgangssum på 5,522 millionar.

Block Watne er toppsjef i Klepp Sparebank på Jæren.

Stein Ole Larsen, som til nå har vore konserndirektør i Terra-Gruppen, er i dag konstituert som ny konsernsjef.

Block Watne gjorde det på ein hastig pressekonferanse i føremiddag klart at Terra-Gruppen ikkje vil påta seg noko ansvar overfor dei kommunane som nå vil li tap. Då vi spurde om korleis Terra-Gruppen av omsyn til eige omdøme, kunne toe hendene sine på denne måten, var svaret at det var umogleg å gjere noko etter at Terra Securities nå må innstille. Det vart vist til at Terra Securities ikkje får handle på Børsen.

Samstundes presiserte den konstituerte konsernsjefen at Terra-Gruppen nå vil «bli kvitt element ein ønskjer å kvitte seg med».

I dette ligg det at ein meiner det har oppstått ein ukultur i meklarforetaket, heilt annleis enn det ein finn i sparebankane som står bak Terra-Gruppen. Nå er det ifølgje Larsen og Block Watne om å gjere å rette opp inntrykket og omdømet til bankgruppa.

- For dårlege rutinar

Knut Bergo, som er advokat for Terra-Gruppen, hevda i går at dei to meklarane som har selt dei omstridde obligasjonane til kommunane, har gjort seg skuldig i «mislege forhold» ved at dei har gjeve for farleg og misvisande dokumentasjon overfor kommunane.

Han la til at ein ikkje har hatt gode nok rutinar for å fange opp kva som har skjedd.

Det er nå akutt fare for at dei fire Nordlands-kommunane taper 350 millionar kroner med mindre dei hostar opp og skyt inn nye 160 millionar kroner i løpet av dagen i dag, ifølgje Bergo.

Det er resultat av at Citibank nå har hand om dei garantipliktene som dei fire kommunane har påteke seg og står ansvarleg for. Citibank skal vere innstilt på å gjennomføre tvangssal for å skaffe dekning for garantipliktene.

Situasjonen er annleis for dei fire kommunane i vest. Der er det ikkje aktuelt med eit tvangssal nå for å dekke kurstap på investeringane. Dei kan framleis sitje med investeringane og vone på at verdien over tid vil ta seg opp igjen, hevdar Bergo.

Terra har ei ansvarsforsikring på 50 millionar kroner. Det er uklart kor store verdiar som finst i selskapet.

Dei 70 tilsette i selskapet blir nå alle oppsagde.

Kommunane vart orientert om førehandsvarselet frå Kredittilsynet tysdag ettermiddag. Dei fekk og melding om at den påreknelege konsekvensen ville vere at selskapet ville melde oppbod og konkurs.

Les også: Trekker seg og casher ut 5,5 mill. | Slår seg selv konkurs | Terra-ansatte i sjokk - får psykologhjelp | Alt om kommunesmellen | Kommunene taper alt

Publisert
BT anbefaler

«Et historisk dypt fall»

Beyers avgang sjokkerer. Nå må Festspillene også pleie omdømmet sitt.

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. – Fløy 15-20 meter før den landet hos naboen

  2. Vogntog har kjørt seg fast på E39 i Sunnfjord

  3. Her er Bergens nye ordførar

  4. – Når dere parkerer her, får ikke vi besøkt våre kjære

  5. Disse to suser inn på dyrlegetoppen. Sikret kjempegevinst i fjor.

  6. Klimamålene var skyhøye. Nå kommer blåmandag.