Bilen din er tryggare enn nokon gong. Det kan kosta deg forsikringsbonusen.

Dagens bilar er stappfulle av teknologi som er knalldyrt å reparera. Berre hjå Tryg har kostnadane auka med 20 prosent dei siste to åra.

TEKNO-BIL: Tryggleiksteknologien i bilane kostar flesk. Hjå bilforhandlaren Jæger på Minde i Bergen merkar dei godt til utviklinga.- Det er ein heilt annan kompetanse som vert krevd av dei tilsette, men teknologien gjer det lettare å finna feila. Reparasjonane kan samstundes gå raskare, seier salsdirektør Rolf Johanessen (til h.). Her med Espen Opedal, leiar for Tryg i Noreg. Foto: ØRJAN DEISZ

  • Guro Valland
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over fem år gammel

Hugsar du den gongen det kosta tusen kroner å fiksa ein øydelagd spegel på bilen?Fem slike store lappar for steinsprut på frontruta?

Vel, den tida er over.

— Me ser at bilane vert dyrare å reparera, fordi typiske skadesonar som støytfangarar og frontruter inneheld kostbar elektronikk. Ein snittskade hjå oss kostar no 20 prosent meir enn berre for to år sidan, seier Espen Opedal, leiar for Tryg i Noreg.

Forsikring kostar:

Les også

29 må gå i Tryg Forsikring

50.000 i front

Dagens køyretøy er smekkfulle av all slags sensorar, laserar og radarar. Øydelegg du noko, kan du vera sikker på at det kostar flesk å fiksa.

— I dag må du omtrent vera døv eller blind for å skada bilen når du ryggar, til dømes, seier salsdirektør Rolf Johanessen ved bilforhandlaren Jæger på Minde i Bergen.

Teknologiske vedunder på vegane gir først og fremst auka tryggleik, men tal frå både han og forsikringsselskapet Tryg syner utviklinga:

  • Frontruta kostar lett 25.000 kroner berre å skifta.
  • Bilens støytfangar, med mindre skadar i sensorar, eller utløysing av airbagar og beltestrammarar,bikkar fort 50.000 kroner.
  • Øydelagde bilnøklar har ofte ein minstepris på 3000 kroner.
  • Berre med nye nøklar må du inn på verkstad og koda om heile bilen, seier salsdirektør Johanessen.

Les også:

Les også

Reisande får dekka utgifter etter Nice-terroren

Bonusen i fare

Tryg forsikrar at teknologibykset ikkje skal hamna hjå forbrukarane i form av dyrare forsikringar.

Likevel er sjansen stor for at du må ta på deg ein annan kostnad: Forsikringsbonusen.

Særskilt ved mindre skadar berre på bilen. Typiske «kollisjonsskadar» som skjermar og støytfangarar inneheld sensorar og elektronikk.

Hjå Tryg ligg snittprisen på ein skade på rundt 17.000 kroner.

— I aukande grad ser me at forsikringa nyttast til skadar som ein tidlegare ville betalt sjølv. Me gjev kunden råd om det vil løna seg å ta skaden på forsikringa, med etterfølgjande bonustap, eller å betala sjølv. Men dei fleste har særskilt dekning for parkeringsskadar der ein ikkje får bonustap om ein nyttar forsikringa, seier Opedal.

— Og me ser ein markant auke i bruken av forsikring på denne typen skadar, legg han til.

PRESSAR KOSTNADANE: Espen Opedal, leiar for Tryg i Noreg, kjenner seg sikker på at forsikringane ikkje vert dyrare som følgje av den teknologiske utviklinga, men det stiller krav til lønsam drift. - Færre tilsette, auka sjølvbetening på nett, outsourcing og betre innkjøpsavtalar er noko av det som må til for å driva med lågare kostnadar, seier han. Foto: ØRJAN DEISZ

— Færre ulukker

Forsikringsgiganten Gjensidige kjenner seg godt igjen i den kostbare utviklinga.

Ei frontrute er ikkje lenger berre ei frontrute, for å seia det sånn. Og ein grill er heller ikkje berre ein grill. Her kan ein til dømes finna fleire kamera.

— Er du skikkeleg uheldig i eit parkeringshus, er det ikkje utenkjeleg at eit øydelagd spegel kan koma opp i 25.000 kroner å reparera. Då kan det vera freistande å nytta forsikringa for å betala for skaden, seier kommunikasjonssjef Arne Voll.

Sjølv ikkje dei ser føre seg å auka prisen på bilforsikringa.

— Men dette er vanskeleg å seia noko konkret om no. Me må sjå biletet over tid. Teknologien går særs fort og det er skadefrekvensen som er avgjerande. Og dette går begge vegar. Me er glade viss ny og betre teknologi kan bidra til færre ulukker, seier Voll.

Les også:

Les også

Testvinnar på feil premiss

Er som ein PC

Hjå bilverkstaden til Jæger på Minde er det tid for mekking. Før skifta ein gjerne ut større komponentar på den gong nye bilar. Det går ikkje no.

— Tek me vekk noko i dag må me først og fremst veta kvifor, og kva som skjer viss delen vert fjerna. Det er masse feilsøking. Systemforståing er viktig, seier bilmekanikar Stian Fosse.

Salsdirektør Rolf Johannesen fortel at dagens bilar er noko heilt anna å reparera enn tidlegare. På 80-talet handla alt om airbagen. No er det «laserar og radarar som regjerer».

Johannesen omtalar berre dagens bilteknologi som små datamaskiner. Og det stemmer faktisk. Når mekanikarane skal mekka på bilane, nyttar dei elektronisk feilsøking. Sjukdomsteikna kjem ut som ein slags kassalapp.

— Men du må framleis kunne skru, forsikrar bilmekanikar Fosse.

PC-MEKKING: Bilmekanikar Stian Fosse hjå Jæger på Minde i Bergen nyttar mykje feilsøking i jakta på feil i dei moderne bilane. Foto: ØRJAN DEISZ

Tryggleiksrabatt

Berre i fjor registrerte forsikringsbransjen 312.000 skadar på personbilar. Rundt 10 prosent av desse skjedde i Hordaland, som sette oss på tredjeplass på "bulketoppen" i landet, hårfint slått av Rogaland og med god margin opp til Oslo.

Forsikringsselskapet Tryg lønar no bilar med automatisk naudbrems, altså lågare forsikringspremie.

I tida framover kan andre typar tryggleiksutstyr, som dødvinkel-assistanse, føra til ytterlegare rabattar.

— Me er sjølvsagt positive til at bilane vert tryggare. På sikt forventar me færre skadar, seier Espen Opedal, leiar for Tryg i Noreg.

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent

Les mer om dette temaet

  1. Hva er forskjellen på nominell og effektiv rente?

  2. Dette kan Flesland-streik bety for deg

  3. Et udemokratisk tilsyn

  4. Nær en halv million har forsikret seg mot helsekø

  5. Har du hugsa å sjekke passet før reisa?

  6. Bergensmann (29) dømt til syv års fengsel for mordbrann

  7. Maktas gnitenskap

  8. Pusser båt - glemmer bunnproppen

BT anbefaler

Unnslapp angriperne mens blodet fosset fra hodet: – Jeg brølte «politi, politi»

Han ble angrepet av flere menn midt i Bergen sentrum. – Jeg har ikke sett dem før.

LES SAKEN