Nordiske hamner samarbeider for å bli best på havvind

Seks norske kandidatar er med når eit nordisk samarbeid skal gjera hamner klare for havvind-industrien.

11 flytande betongfundament under bygging i Vindafjord i september. Dei blir bygde av Aker Solutions og skal bli til Equinors Hywind Tampen-
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

– Dei har meir å henta på å samarbeida for å få ned kostnadane enn på å konkurrera, seier Arvid Nesse, leiar av Norwegian Offshore Wind Cluster.

Den norske havvindklynga er med på prosjektet «New Offshore Wind Ports in the Nordics». Prosjektet samlar aktørar som vil gjera hamner klare for havvind-industrien.

Åtte hamner og såkalla «super sites» deltar. Blant desse finn ein seks norske, som ligg langs kysten frå Eigersund i sør til Helgeland i nord.

Arvid Nesse er leiar av den norske havvindklynger som har 340 medlemmar.

Alle dei norske på denne lista, bortsett frå Eigersund, er med på det norske delprosjektet «multi-purpuse super site». Jelsa, der Norsea Group har store planar, og Karmsund hamn, er dei ein finn i Rogaland.

På desse stadane vil ein legga til rette for at ein skal setja saman fundament til flytande turbinar. Nesse trur ikkje det blir for mykje med fem slike i eitt land.

– Når havvindmarknaden tar av, er det plass til alle, spår han.

For å setja saman fundamenta treng ein skjerma område med djupt vatn, noko ein finn i norske fjordar.

– Norge er i ein ganske unik posisjon for produksjon og samanstilling av betongfundament, seier Nesse som ser føre seg at ein kan slepa fundament frå Norge til store delar av Europa.

John Egil Stangeland, leiar av Norsea Group, er blant anna med på det nordiske prosjektet fordi han meiner det er viktig å støtta opp om initiativ som blir tatt for å bygga opp havvind-industrien.

– Den andre grunnen er at ein får nettverk gjennom å delta. Dette er ein ny marknad for dei fleste, så ein har behov for å bli ein del av eit miljø der ein får tilgang til kunnskap.

Dei flytande turbinane TetraSpar (3,6 megawatt) og Unitech Zephyros (2,3 megawatt) blir små samanlikna med turbinane på ti megawatt og meir som vil koma i tida framover.

– Store som boreriggar

Foreløpig finst det to flytande havvindturbinar i Norge. Dei finn ein utanfor Karmøy, på testområdet til Metcentre.

11 nye, som til saman skal vera gode for 88 megawatt, er under bygging i Hywind Tampen-prosjektet til Equinor.

Les også

Her testar Shell og co. framtidas havvindteknologi

Les også

Equinors gigantprosjekt i havvind har nådd en milepæl

Men havvind på norsk sokkel skal bli langt større enn som så. To område er lyste ut for utbygging, Utsira Nord og Sørlige Nordsjø.

På Utsira Nord er det så djupt at flytande turbinar er det einaste alternativet.

– 100–120 turbinar vil flyta der ute, seier Stangeland i Norsea.

I framtida ser han for seg at det blir lyst ut fleire slike område i Norge. Det er slike utsikter som har fått Norsea til å satsa stort på Jelsa, der dei vil bygga tørrdokker der dei flytande turbinane kan ta form.

– Eit fundament er 80 gongar 90 meter. Konstruksjonane er på størrelse med boreriggar. Dersom fundamenta er laga av betong, slik me vil gjera det, vil dei vega 15–20.000 tonn, seier Stangeland.

Norsea og samarbeidspartnarane i WindWorks Jelsa har sett seg ut steinbrotet til Norsk Stein som ein stad for framtidig produksjon av havvind-fundament.

Andre land har allereie blitt gode til å produsera vindturbinar. Men flytande fundament er framleis nytt, og Stangeland meiner det er viktig at Norge klarer å bygga opp ein produksjon av desse.

For å få ned prisen, ser han serieproduksjon som nødvendig, og då trengst det stor plass.

Norsea vil ta i bruk steinbrotet på Berakvam ved Jelsa, der Norsk Stein i dag driv det største pukkverket i Europa. Og råvara dei vil ta i bruk, er kortreist sement. Han trur at ein på Jelsa kan produsera 60–70 slike kjempar i året.

Dei lokale politiske prosessane er ikkje i mål.

– Me ligg i rute om å vera klare til å produsera når utbygginga av Utsira Nord startar i 2027–28, seier Stangeland.

Nordisk innovasjonsstøtte

I tillegg til hamnene er over 20 andre nordiske aktørar med som samarbeidspartnarar. Fred Olsen og forskingsinstituttet Sintef er blant dei norske på denne lista.

Fyrste del av prosjektet, kartlegginga, er blitt gjennomført i år. Over nyttår startar del to, der ein skal bli meir konkret.

Prosjektet var eitt av fem som delte på ein pott på fem millionar kroner frå Nordic Innovation. Alle prosjekta som fekk støtte, skal bidra til å redusera utslepp frå den maritime sektoren.

Dei fem prosjekta konkurrerte om ein ny pott på opp til tre millionar kroner. Hamne-prosjektet blei vinnaren.

Publisert: